Josimar

KBK

Laget oss.

Tekst og foto Mette Karlsvik

– Kom og sjå!

– Kva er det?

– Berre nokre nakne mannfolk.

08.45, Kristiansund Stadion. Gangen inn til spelargarderoben er folksam. Nokre eldre handtverkarar ser spent mot ytterdøra, der KBK-spelarane snart skal komme. Trenar Christian Michelsen, dagleg leiar Kjetil Thorsen og ein gjeng andre stikk hovuda i tur inn i garderoben, og klappar entusiastisk. Eg tar ein snikkikk. Ingen nakne mannfolk, berre blanke, plettfri og mørkeblå, nye og ubrukte båsar.

Så var også proff garderobe på plass på KBKs stadion, nokre år etter opninga.

Kristiansund ballklubb (KBK) blei stifta i 2003, byrja i 3. divisjon, og har sakte men sikkert forbetra posisjonen sin kvart år heilt til 2018. Dei kom då på femteplass i Eliteserien. Så langt i 2019 er laget også ubeseira i Club Friendlies-turneringa.

Kristiansund har alltid hatt gode spelarar, og alltid mange lag. Clausenengen FK og Kristiansund FK bytta på å vere best. Dei er gamle, stolte klubbar med sterk kultur som ikkje ville slå seg saman til eitt lag. No har dei gjort det, og dette er resultatet: ein resultatgraf som peiker rett opp, femten år på rad, og som kan vere verdsrekord.

Korleis kunne dette skje?

Fullt hus

08.55, Kristiansund Stadion. KBK-spelarane har møtt opp god tid før arbeidstid. Dei frivillige handtverkarane ser spelarane sin reaksjon på garderobeoppgraderinga. Andreas Vaikla smiler frå øyre til øyre. Den høge estisk-kanadiske keeperen følgjer meg frå garderoben mot frukostsalen, og fortel om vegen sin frå Canada, som han forlot til sekstenåring, til klubbar i Europa. Sist IFK Mariehamn og IFK Norrköping, begge høgstedivisjonslag. Vaikla hadde sin første sesong i KBK i 2018, har spelt i og speler framleis på det estiske landslaget, og verkar oppriktig glad for å ha kommet hit.

– Heile byen er engasjert i fotballen. Kjempeartig. Eg kjenner meg så godt motteke.

Eg blir flau når eg kjem i frukostsalen. Det kjennest litt som å kræsje ein fest. Men utan ei øl i handa. Her serverast havregraut og mjølk. Eg set meg mellom eliteseriespelarar og graut og brødskiver med egg og kaviar. Han på andre sida av bordet er tilfeldigvis Andreas Hopmark som, med sine elleve sesongar på rad, har lengst fartstid i KBK – i strekk. Kristiansundaren tar sosialt ansvar, og snakkar uavbrutt om korleis dagane og vekene går for ein elitespelar. Proffdagar tre dagar i veka. Begynne med frukost, slutte med varm lunsj. Trene styrke på ettermiddagen, med ein brytetrenar. Trene koordinasjon, balanse, kroppsstyrke, eksplosivitet. Og korleis liker han livet som elitespelar?

– Vi er forholdsvis nyopprykka. Vi veit at vi må gjere ein ekstra god jobb. Vi ønsker å etablere oss. Motivasjonen kjem deretter.

– Alle snakkar om den resultatkurva som går rett opp. Kjenner de på presset?

– Personleg kjenner eg ikkje press. Eg prøver å vere konsentrert og førebudd. Dei første kampane får ein det til. Når ein begynner å telje poengar og tabellplasseringar blir det kanskje litt annleis.

– Trener du mentalt?

– Det er ikkje noko metaltrening inn i bildet. Når sesongen begynner tar vi ein kamp om gongen. Vi tenkjer alltid på neste trening og førebur oss mest muleg. Vi har nokre langsiktige mål og nokre kortsiktige. Vi stressar ikkje.

– Men det er ein veldig fin kurve de har då. Og du har vore med elleve av åra med opptur.

– Det er spennande. Vi har blitt litt betre for kvart år, og spelegruppa blitt meir samla. Det er danna ein kultur her.

Så vil eg ta nokre bilde. Viss det er greitt. Det er greitt, sjølv om dei tygg og nokre ikkje rakk å kamme håret før dei drog hit. Ryktet seier at KBK er folkelege. Eg synest desse kara er trivelege typar.

Ved kjøkkenbenken står Nina Lervåg. Frivillig kokk. Kvar proffdag kjem ho tidleg om morgonen og lagar frukost. Graut, varme rundstykke, nykokte egg. Ho ryddar etterpå, og førebur varm lunsj. I dag er det taco. Ho står allereie og skjær lauk. I kjøleskåpen ligg ti-tolv pakkar kjøttdeig. Lervåg skal stå ei stund over panna. På kampdagar står ho i baren til puben Slatlem Corner. Kva gir det henne?

– Det er berre samholdet. Inkluderinga. Og gutane er høflege.

Kva er det viktigaste ho gir? «Det same som alle andre gir… Det er litt vanskeleg å seie kva det er», seier ho. Så kjem gutane i tur og orden. Bær koppar og fat til oppvaskkummen. Skyl og set på plass i stativ, og seier Takk for maten, i tur og orden, stundom med aksent, stundom utan.

Vere på tå hev

– Å finne uslepne diamantar er modellen for oss.

Det blir sagt om KBK at laget er gode til å sjå og trekke inn spelarar heilt ned til tredje divisjon. Når eg spør korleis trenar Christian Michelsen finn desse uslepne diamantane, seier han med ein gong: Det er ikkje meg, det er vi.

– Å jobbe som eit «vi» gir grobotn til energi, og eit fellesskap. Vi koser oss i fellesskap over framgangen. Det er trygt å tape og vinne saman, seier Michelsen. Han sit sofaen, med vindauge mot grasmatta bak seg, og eit gamalt kjøleskåp tapetesert med post-its frå dottera ved sida av seg. Eg forventa at han skulle smile mykje. Mamma kjenner mor hans, og sa: «Viss han er sånn som mor si, så kjem han til å vere blid.» Michelsen lever opp til forventninga, og svarar på spørsmålet om slipemetoden av diamantane.

– Vi har ikkje den same økonomien som andre klubbar, og vil ikkje kunne konkurrere med heilt same modell. Vi hentar inn spelarar litt tidlegare. Mange sel vi vidare etter at dei har gått i skule hos oss. Den dynamikken skapar kanskje ein svalt og ei tru i gruppa på at viss dei trener hardt og lenge nok, så kjem dei til ein endå større klubb.

– Har de tenkt ut modellen sjølv eller finst det eit førebilde?

– Vi såg litt rundt etter lag vi kunne identifisere oss med. Mjøndalen var litt i same situasjon frå 2008. Vi la oss litt opp mot dei. Sidan har vi sett mot Sarpsborg. Kontinuitet og å vere ergjerrig er viktige metodar.

– I mars i fjor var Ole Gunnar Solskjær og du på scena til Grand Hotel i Kristiansund. De snakka om det gode venskapet, og korleis de delte røynsler då han var trenar i Molde og du i KBK. Samarbeidet varte fram til eit visst punkt, som var då KBK møtte Molde til kamp?

– Hehe, ja, vi er gode venner. Men vi veit når vi er på jobb og når vi er kompisar. Det er veldig artig å følgje med det som skjer med Ole Gunnar i Manchester. Eg håpar og trur han får den jobben.

– Kva er det viktigaste du har lært av Solskjær som trenar?

– Eg vaks opp med Ole Gunnar og har hatt gleda av å kjenne han i mange år. Vi har spelt saman i Clausenenga. Første gongen han var manager for meg var eg tolv år. Det var gatecup. Ole Gunnar har vore eit førebilde, og har mange av dei same verdiane som eg står for. Det har alltid vore tette band mellom oss, og det er eg stolt av. Eg skryt av det, og sug til meg det han kan. Alle har ikkje vore så heldige. Men den eg har lært mest av er Ole Olsen. Han har ei høg stjerne hos alle som driv med fotball i Kristiansund. Det er eit par Ole’r som alle fotballspelarar i Kristiansund har vore borti. Det er Ole Olsen og Ole Stavrum.

Ole «dukkopp» Stavrum er, i tillegg til tidlegare fotballspelar og -trenar, far til Arild Stavrum. Han var tilfeldigvis klasseforstandaren - og norsklæraren - min første året på vidaregåande. Og no er det på sin plass med ei innrømming. Alle unnteke éin av klasseforstandarane eg hadde i oppveksten var fotballtrenarar. (Den eine som ikkje var trenar var mangeårig noregsmeister – og trenar – i friidrett.) Og eg? Eg spelte ikkje fotball. Familien min dreiv med andre ting. Då eg sjølv var gamal nok til å kunne velje å vere med, kjentest det for seint å komme på banen. Eg kjente meg ubeskytta og litt framand i ein fotballdominert by, og flytta som femtenåring. Men då Josimar ringde meg «heime» i Oslo og spurde om eg ville skrive om KBK, så tenkte eg «jippi!». Eg sa ikkje noko om mitt konfliktfylte forhold til sporten, men sa som sant er at eg ikkje kan noko om fotball. Eg gjekk til researchen med stor entusiasme. Kvifor det? Kvifor elska eg å lese, sjå og høyre om KBK, og lo då Christian Michelsen, til Heia fotball! sa dette om klubbens ekstreme resultatgraf: “Faen, e det æ som ska ødelegg den?”? Den løynde kjærleiken til byen og folket, som vekkast når eg ser korleis byen samlar seg om eit lag? Det er gøy å følgje med KBK.

Oppriktig nysgjerrig spør eg no Michelsen om korleis han jobbar for at laget skal fortsetje å vere så godt som det har vore.

– Vi er veldig bevisste på å ha trenbare gutar på feltet her, å jobbe hardt og ha ei ydmyk innstilling over tid. Viss du ikkje skjønner at det er ei utfordring å møte RBK, Brann, Vålerenga, Lillestrøm, då er du ikkje KBK. Det er cupfinale kvar helg. Sånn jobber vi i KBK. Du skal sjå mot neste kamp, ta læring og glede deg over å bli den beste utgåva av deg sjølv – saman med kompisane dine.

– Du er òg på ein slags konstant audition. Saknar du nokon gong den trygge jobben din i banken?

– Den vanlege kvardagen… Vi har ein fantastisk generalsponsor i banken, som har gitt meg løpande permisjon frå jobben min der. Men eg må seie at eg har draumejobben her. Eg driv med hobbyen min. Det seier eg særleg ofte til meg sjølv i periodar når det er tungt. Andre store bedrifter leverer kvartalsrapportar. Vi er oppe til eksamen ein gong i veka. Det er utruleg stor forskjell på tap og seier. Då gjeld det å vere reflektert nok, å tenkje langsiktig, og ha ei plan og ein strategi på det. Personleg har eg vokse mykje på å trene KBK. Eit tap satt mykje lenger inn før, og det gjekk meir inn på meg enn i dag.

– Å tape sat langt inne? Eg har høyrt at du var ein regelrett elendig tapar.

– Jo, eg er ein elendig tapar. Og ein dårleg vinnar. Likesæle er det verste eg veit. Å berre gå på arbeid gir meg ikkje noko. Vi ser etter dei som speler for å bli litt betre, og ikkje for å bli trent.

– I morgon er det treningskamp mot Brann. Kva skal de trene på i dag som førebuing på kampen?

– Isolert sett å få fleire bekreftinga på at vi er på veg mot det laget som ønsker at skal kjenneteikne oss. Når serien startar i månadsskiftet skal vi vere eit av dei beste laga i Noreg. Vi skal vere på tå hev, og matche laga som vi ser opp til.

England i Kristiansund

– Var dette med dei ferdige garderobane eit spel for journalisten?

– Nei, det var tilfeldig at dei blei laga i natt. Snekkarane skulle ha vore her fredag, men så kom dei i går. Det viser entusiasmen som finst rundt stadion.

Kjetil Thorsen har vore dagleg leiar for KBK sidan 2007, men tar imot meg på eit relativt ungt og ryddig kontor. På skrivebordet står ugle-nips (KBKs logo er ei ugle) og bilde av barnebarnet (ni månadar). Thorsen har spelt fotball i mange år, og vore fotballadministrator mykje lenger. Han heier på Arsenal, men går helst på mindre, kanskje eldre stadionar i England. Emirates er for svær, det er for mange turistar der, for få ekte engelske fotballfans og for lite engelsk kultur. Thorsen kallar seg anglofil. Då han skulle få vere med på å lage ein heilt ny toppfotballstadion frå botnen av, gjekk han til ei nettside som samlar alle engelske fotballstadionar. Thorsen falt for 3.-nivåklubben Chesters stadion. Byen omtalar han som «nydeleg». Halve stadion i England og halve i Wales. KBKs stadion har tatt inspirasjon av storleiken, eller skal ein seie småleiken, og måten alle publikumarane er heilt tett på spelarane. At romma rundt stadion er brakker gir ei arbeidarby-kjensle til det heile. Dessutan er dei mobile. Om laget skulle bli superstort og stadion likevel trong utvidning, så er det fleksibilitet i strukturen.

Ei av byggeklossene på Kristiansund Stadion har eit skilt med The Fish House. Inspirasjon til stadion-kiosken fann Thorsen i ein annan engelsk by. Han overraska nemleg kona med ein tur til Southend-on-Sea, der ho hadde vore au pair i ungdommen. Turen gjekk innom fotballstadion. Der fann Thorsen The Fish House, som hadde uvanleg høg omløpshastigheit på varene. Alltid fersk fisk, med andre ord. Thorsen har rekonstruert The Fish House i Kristiansund. Det kjem enorme kassar med heil fisk – helst sei, som har mest smak – til storkjøkkenet på stadion. Her fileterer frivillige fisken, og skjær den i porsjonar. Fisken blir rulla i deig og fritert der og då.

– Det står masse røyk opp frå stadion når det er kamp. Lukta av fishan legg seg over banen.

Lukta av fritert fisk og chips, blanda med øl og hav. Det luktar England. Ja, æ har lekt mæ, kommenterer den anglofile klubbleiaren.

Balleik

«Leiken» som Kjetil Thorsen dreiv som fjortenåring var òg seriøs. Thorsen ordna sin første sponsoravtale då han var fjorten og lagde gatecup. Thorsen banka på hos Nordmøre Sparebank og bad om sponsing av klubbdrakter. Snart kom han ut att med tolv t-skjorter med «Jeg sparer til min første million» på bringa. Nesten førti år seinare er KBK ei bedrift med omsetjing på seksti millionar.

– Eg sparar framleis til min første million, ler Thorsen, men kallar KBK-suksessen «betaling for dugnadstimane eg har lagt ned i fotballen».

– Det har utløyst ein stotheit. Det har vore ei lang reise for å få den stadioen som vi har no.

– No er du ansvarleg for frivillige som legg ned dugnadstimar her. Kva betyr dei frivillige for KBK?

– KBK er ei stor bedrift, med rundt ti årsverk av trenarar og administrativt tilsette. Vi er avhengige av frivilligheita. Dei synest det er utruleg artig å vere ein del av KBK. Vi prøver å skape eit fellesskap, og ein aura rundt oss som folk skal ha lyst til å vere ein del av. Ein må vere hyggelege, det er viktig. Ein fokuserer på at det blir flest plussar for dei som bidreg frivillig. Det tar tid å få folk til å bli glad i prosjektet. Men det er viktig. Kristiansund er den minste byen i Eliteserien. Heile Nordmøre må stå bak KBK for at vi skal kunne kjempe mot Molde, Rosenborg, Haugesund og Brann.

– Det tar eit par-tre timar å reise frå kommunar som Sunndal for å komme til Kristiansund Stadion. Om eg reiser i tre timar frå Oslo, så kjem eg langt forbi Skien eller Lillehammer. Slik sett er Nordmøre ganske spreidd. Korleis samlar de Nordmøre rundt KBK?

– Vi er tydelege på kva verdiar vi ønskjer å ha. Vi har skapt noko som er folkeleg. Vi skal ikkje vere prektige, men heller ikkje det motsette. KBK gjenspeglar nordmøringen – den som arbeidar hardt og får resultat.

– AP har stått sterkt i Kristiansund. Avisa var A-presseavis, og folk flest har vore arbeidarar, ikkje akademikarar. Hardt arbeid – men ikkje alltid løn for strevet. Silda har forsvunne, klippfiskprisen gått ned, oljeprisen gått ned, og så vidare. Ting utanfor kontrollen til folk. Men fotballen kunne de kontrollere, og det har de gjort…?

– Kristiansund har tapt nokre slag til sentraliseringa. Politiet, sjukehuset, slikt som er lokalisert andre plassar. KBK har gått mot straumen og vist at det går an å lykkast. No er folk stolte over å seie at dei kjem frå Kristiansund. Det høyrest kanaskje absurd ut. Men ordføraren har ein annan sjølvtillit når han representerer Kristiansund. Viss det var kampdag i dag, ville du ha sett KBK-flagg på alle terassane kor mor di bur.

– Det har vore så artig å komme til Kristiansund, seier eg oppriktig, og innrømmar at eg har ein fotballflamme i meg. Då seier Kjetil Thorsen at neste gong skal eg legge turen til seriekamp, og ringe han. Så skal eg først få vere med gjengen på middag, og så sjå kampen med dei. Eg kjenner meg tatt i handa, leidd trygt tilbake til barndommen, og bli reparert. Eg blir ein av dei ti tusen forteljingane om folk som fotballen har betydd noko for sosialt.

Men så vaknar skeptikaren. «Det er fordi eg er journalist. Det er berre smøring», tenkjer eg. Men så: Det er opplagt at eg ikkje er fotballjournalist. Å smøre meg er ingen god investering. Eg vel å tru at Thorsen ønskjer å invitere meg inn til fotballfellesskapet. Dette er ei spennande reise for meg. Men kva med KBK – kor kjem dei til å ende?

Reisa

Eg kom med fly i går. Innflyginga krossar alle byens fem øyer og fire land. Eg såg ned på Kirkelandet, som har bysentrum. Eitt av dei største husa er hotellet, inkludert redaksjonen til avisa Tidens Krav. Eit anna stort hus er sparebanken. Vi flaug nord, og over Karihola, der det grå berget var brote opp av ein nestan unaturleg grøn og frisk grasbane. Frå lufta likna avstanden mellom banken og banen som eit ballkast. Når eg no vandar til fots opp frå banen, mot sentrum, vandrar eg gjennom fleire tiår og verdsdelar. Frå «England» til eit pre-hamneområde som ikkje har vore endra så lenge eg har levd. Trenar Geir Bakke hadde kanskje rett i sin oppleving, at å ankomme Kristiansund, var som å komme til Aust-Europa på nittitalet. Bakke meinte kanskje fotballmessig. Men den brutalistiske betong-arkitekturen og -infrastrukturen har vitterleg noko postkommunistisk over seg. Sjølv tenkjer eg på Glasgow når eg er heime i Kristiansund. Molde er Edinburgh for meg. Avstanden mellom Molde og Kristiansund er omlag som Glasgow-Edinburgh. Både geografisk, kulturelt, politisk og økonomisk. Ved tusenårsskiftet var det iallfall slik at Edinburgh hadde pengane, og hadde dei skotske, politiske institusjonane, og var tilgodesett frå sentralt hald. Det var ein vakker og stabil by i samanlikning med den fattigare, råare Glasgow. Glasgows kultur var meir innovativ, progressiv og DIY, og Edinburghs var meir konform og konservativ. Slik oppfatta iallfall eg det då eg budde i Glasgow i fire års tid. Og ikkje éin gong på den tida gjekk eg ut i gatene i fargane gult eller blått då det var oppgjer mellom Celtic og Rangers.

Det gjekk sjeldan valdeleg føre seg då det var oppgjer mellom CFK og KFK her i byen. Snarare var det livleg, og alltid tettpakka i ein by som elles slumra. KFK og CFK kniva om å vere byens beste lag. Det eine laget var best det eine året, og det andre best det andre året. Var det ein patriotisme til byen i det? At det viktigaste var å vise sambygdingane at dei var gode? Spennande har det iallfall vore. Eitt av problema var at byen aldri fekk eit lag som hevda seg. Det var mange gode spelarar frå Kristiansund. Spelarane vart kjøpt av lag i andre byar, andre klubbar. Gjerne Molde. Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonardsen, Stavrum’ane, Hoset’ane, og så vidare.

Det kom forslag om samanslåing på søttitalet og nittitalet. Særleg mange av dei eldre var skeptiske til samanslåing. Kvifor var det så vanskeleg å samlast om eit lag? Neppe geografien, som då var ein by på tre øyer, der alle var bitt saman av sundbåten. I Kristiansund er det lett å komme seg frå éitt ytterpunkt til det andre av byen. Var det patriotismen til bydelen? Eller til byen? Mange kristiansundarar er stolt over å vere kristiansundar. Var det godt nok å vere best i Kristiansund?

Men så kom samanslåinga, og suksesshistoria. «Guinness rekord», kalte Kjetil Thorsen det. Kvifor? Eg går mot Sparebank1Nordvest for ein forsøksvis objektiv analyse. Litt meir objektiv. Dei soleklåre upartiske teoriane om KBK og Kristiansund må eg dra lenger ut på landet for. I denne byen er få likesæle til sporten. Dei aller fleste ser ut til å ha omfamna den, og dei som ikkje gjer det skriv eitt og anna sint innlegg om at skattepengar går til fotball og ikkje helsa til folk.

Eg har kommet til kaia, med dei gode gamle forretningane: Møre konfeksjon, Fishanbua, gullsmed Undhjem, Johnnys salong. Det er ein del nye kafear her. Men ingen hipsterbutikkar. Kanskje er Kristiansund meir konservativ enn eg hugsar? Var konservatisme grunnen til at det tok lang tid før fotballaga slo seg saman? Og korleis kunne dei, så snart, snu seg rundt og skåre mål ilag? Gjer det uvennlege klimaet her bortebane til ein leik? Er det byens historie og økonomi – konjunkturane og den stadige kampen for å klare seg? Eller er nøkkelen «landets gærnaste sportsjournalist» (Christian Michelsen om Rune Edøy), «Noregs hyggelegaste fyr Christian Michelsen» (kommentar frå ein fråflytta nordmøring)? Eller Uglan – «landets herlegaste supportarar» (fotballpodden Heia fotball!) eller inspirasjonen frå verdas mest berømte nordmann, Ole Gunnar Solskjær? Blir spelarane svaltne av lukta av fish and chips (fishan) over stadion?

Fotball og finans

– Ein skulla sætt sæ hårate mål.

Arnfinn Isaksen var medlem av KBKs første sportslege utval, og blei sportsleg leiar frå andre året. I 2006 var han dagleg leiar, og har heile tida også jobba i bank. Han er no avdelingsbanksjef, og hugsar godt at 2003 var ei tid for hårete mål. Ikkje hårete fotballmål, men å glømme Janteloven.

– Vi sette oss ned for å lage hårete mål. I 2010 skulle vi spele i 1. divisjon. Ti år etter etableringa skulle vi spele i eliteserien.

Arnfinn Isaksen traff godt. I 2012 spelte laget i 1. divisjon, og i 2017 i Eliteserien. At laget skulle forbetre resultata kvart einaste år frå etableringa – i femten år – var det ingen som turde tru på. Eg ber Isaksen kommentere på resultatgrafen – ut i frå eit finansperspektiv.

– Vi liker grafar som går den vegen. Men ingen trær veks heilt til himmelen.

Arnfinn Isaksen har spelt i både CFK og KFK, og er faren til Jesper Isaksen (19), som speler på KBK. No har han visst gjort banken sin om til sportsarena. Bank-hallen luktar pølse med brød, frå ei pølsegryte som står på ei plate i hjørnet. Heile bakveggen er skjerm som viser langrenns-VM. Finale i spurt, kvinner. Ein gjeng tilsette, alle menn, prøver ein slags skisimulator. Dei stakar, og testar musklar mot Maiken Casparsen Falla. Ein skjerm viser resulata av stakinga: «Gratulerer. Du staker som Klæbo. Da han var 15 år.»

Dei siste banksjefane her har vore fotballgalne. Banken var sponsor for KFK og CFK, og har vore generalsponsor for KBK kvart år sidan første sesong. Skal eg tru Isaksen, er pengane hovudgrunnen til at KFK og CFK endeleg, på tredje forsøk, klarte å samle seg om å etablere eit topplag.

– Det har vore spede forsøk. Men det blei liksom aldri noko av. Det har ikkje vore pengar til det. Men i 2003 sendte sparebanken ut likelydande brev til KFK og CFK. Det var eit tilbod på 750 000 kroner i året i ein treårsperiode viss laga ville eine seg om eit topplag. Vi i KFK tenkte «oi, banken meiner noko med dette». Det var eit tilbod vi meinte ein ikkje kunne avslå. 750 000 kroner var mykje pengar den gongen. Men det var ein del eldre medlemmar, konservative, som ikkje ønska nokon endring. Eg sat i styret i KFK den gongen. Vi skjønte at vi måtte mobilisere for å få med dei eldre. Vi skulle diskutere og røyste over dette på ekstraordinært årsmøte. Folk var oppe og sa nokre ord for og imot, og eg skjønte at dette kom til å bli vanskeleg. Så kom Knut Engdahl opp på talarstolen. Det er mange som har stor respekt for han. Han har spelt i KFK sidan han var ein liten gut, har vore ordførar, og hatt standing. Han holdt eit innlegg, ein appell. Alle høyrer på Knut. Det er ingen som seier noko, og når han er ferdig så merker eg at det er ei anna stemning i rommet.

– De i styret ville ha dette. Det stod mykje på spel for dykk før det årsmøtet.

– Det har alltid vore ei haldning om at vi skulle ha noko saman og eine dei kreftene mot eit felles mål. Skulle vi få dette til, så måtte vi gjere det no, tenkte vi. Pengar styrer fotball. Sjå korleis billionærar kjøper opp fotballag, Chelsea, Arsenal… En må ha gode nok spelarar, og dei må ha marknadsløn. KBK er ikkje lønsleiande i landet. Det er ikkje difor spelarane kjem til oss. Vi tar ofte til oss dei yngre, som får mulegheit til å bli betre, utvekle seg, og få ein karriere. Dei kjem frå 1., 2. og nokre gongar 3. divisjon. For desse er det attraktivt å komme til oss. Å komme til Rosenborg er nesten umuleg. Så KBK følgjer med i marknaden og plukkar opp slike spelarar. Dei er flinke til å kartlegge og hente potensialet. Og så utveklar spelarane seg ilag med klubben.

Liten by, stort lag

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent