Josimar

At det Goran!

Nord-Makedonia debuterer i EM. Ingen har venta lenger på å få vise seg fram i eit sluttspel enn lagkapteinen i trøye nummer ti.

Tekst: Nils Henrik Smith

Eg anar ikkje kva eg gjorde den 6. juni 2001, og det gjer sikkert ikkje du heller. Det er lenge sidan no, mykje har hendt, og verda er forandra for alltid. 6. juni 2001 stod tvillingtårna framleis støtt på Manhattan, og ingen hadde høyrt om krigen mot terror, Guantánamo eller Abu Ghraib. Donald Trump var framleis først og fremst kjend som birolleinnehavar i Home Alone 2. Den tredje sesongen av Sopranos hadde for lengst hatt premiere i USA, men her heime gjekk folk framleis rundt og venta utolmodig på at han skulle kome på NRK slik at dei kunne sjå éin episode i veka på ikkje-flatskjermane sine. Samstundes toppa Crazy Town VG-lista med schlageren Butterfly. Wikipedia var lansert eit halvt år tidlegare, men verken facebook, twitter, instagram eller spotify eksisterte. Det norske herrelandslaget i fotball hadde deltatt både i førre VM og førre EM. Erling Braut Haaland hadde enno ikkje fylt eitt år. Og så vidare.

Men sjølv om du og eg ikkje hugsar kva vi gjorde den 6. juni 2001, var det ein minneverdig dag for somme. Björn Borg, Noriaki Kasai og Anthony Yeboah feira til dømes bursdag denne dagen, og det same gjorde Sasha Gabor, Erik Fosnes Hansen og Ola Borten Moe. Dessutan var det 126 år sidan Tomas Mann vart fødd og 639 år sidan John Carew døydde. (Den engelske offiseren og adelsmannen John Carew, altså. Han har du vel høyrt om?) I Argentina vart tidlegare president Carlos Menem arrestert i samband med ein våpeneksportskandale, medan musikkmiljøet i New Zealand var i sorg over nyhenda om at komponisten Douglas Lilburn hadde gått bort. Grannelandet vårt i aust markerte Svenska flaggans dag ved å vinne 6-0 over Moldova på Ullevi i ein kamp kor Henke Larsson scora tre mål på straffespark.

Ein annan som scora tre mål denne dagen var Alpay Özalan, men trass i denne uvanlege bragda var verken Aston Villa-midstoggaren eller lagkameratane hans særskilt nøgde, for dei måtte nemleg nøye seg med uavgjort heime mot eit lag dei hadde venta å slå. Republikken som på dette tidspunktet framleis var kjend som Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia leia både 2-0 og 3-1 før Alpay kom nasjonen til unnsetjing. For makedonarane var det sjølvsagt ergerleg å gje frå seg sigeren, men samstundes var uavgjort borte mot Tyrkia ein sterkt resultat, ein sjeldan opptur og ei fin oppmuntring for den unge fotballnasjonen. Likevel ville denne kampen truleg knapt vore hugsa av nokon i dag viss det ikkje var for det som hende i det 66. speleminutt, då den makedonske landslagssjefen Dordi Jovanovski byta ut Arzden Beqiri til fordel for ein debutant som enno ikkje hadde fylt atten år.

Den unge mannen som kom inn til sin første landskamp på Bursa Atatürk-stadion i Bursa denne junidagen var fødd og hadde vakse opp i Strumica, den største byen i den søraustlege delen av landet, nær grensa mot Bulgaria. Her hadde han nyleg slått gjennom for den lokale fotballklubben FK Belasica, som sesongen 2000-01 endte på ein finfin fjerdeplass i makedonsk førstedivisjon. Angrepstalentet spelte atten kampar og scora seks mål, og det var altså nok til å tiltrekkje seg landslagssjefen si merksemd. I ein liten nasjon som den nord-makedonske vil ein ung spelar som syner evner utanom det vanlege alltid ha nokså kort veg til landslaget, men Jovanovski var ikkje den einaste som fatta interesse for juvelen.

I løpet av sommaren 2001 mottok han nemleg eit tilbod frå Serie A. Sjølvaste Inter hadde sendt ut speidarar på Balkan, og desse hadde late seg imponere over teknikken, arbeidskapasiteten, fotballforståinga og den kjenslevare venstrefoten hans. Rett nok var ikkje dette Inter i si aller mektigaste utgåve: I 2001 var det tolv år sidan sist laget hadde vunne Lo Scudetto, dei hadde endt på ein skuffande femteplass i ligaen sesongen som nett var over og tapt for Helsingborg i Champions League-kvalifiseringa og for Alavés i UEFA-cupen. Men likevel. Inter! La Grande Inter. Klubben til Giuseppe Meazza, Nacka Skoglund, Giacinto Facchetti, Sandro Mazzola, Giuseppe Bergomi, Lothar Matthäus! Ein gigant i italiensk og europeisk fotball. Det var eit tilbod han ikkje kunne avslå, ei utfordring han ikkje kunne seie nei til.

Herdast i kamp mot rutinerte knokkelknusarar

Frå og med sesongen 2001-02 skulle Goran Pandev – for det var han! – konkurrere om ein plass i angrepet til I Nerazzurri med spelarar som Álvaro Recoba, Ronaldo, Hakan Sükür og Christian Vieri. Den kampen vart, som ein kanskje kunne vente, for tøff: Vår makedonske ven fekk ikkje eit einaste minutt på banen i Serie A den sesongen. I staden spelte han for Inter sitt Primavera-lag, kor han vart italiensk juniormeister i lag med mellom andre landsmannen og jamnaldringen Aco Stojkov, som han kom til klubben samtidig med.

Triumfen tyda på at unggutane var klare for spel på seniornivå, men vegen til førstelaget var stadig lang og sperra av etablerte stjerner. Løysinga vart å sende duoen på lån til Serie C1-klubben Spezia, som Inter hadde inngått ein samarbeidsavtale med same sommar. I skrivande augneblink er laget frå marinebyen ved Liguriahavet i ferd med å gjennomføre sin første sesong i Serie A nokon sinne, men tilbake i 2002 var dei ein typisk slitarklubb frå dei lågare divisjonar, med få framgongar å sjå tilbake på. Rett nok kunne dei vise til eit italiensk meisterskap frå 1944, men det var erobra under dunkle omstende, kaos, krig og død, og har aldri vore rekna som nokon fullverdig tittel.

No skulle klubben vere utviklingsarena for unge talent frå mektige Inter, som skulle herdast i kamp mot rutinerte knokkelknusarar på italiensk nivå tre. Det gjekk ganske bra. Spezia endte på ein heilt adekvat sjetteplass. Pandev fekk 22 kampar i serien og noterte seg for fire scoringar, medan Stojkov måtte nøye seg med 14 kampar utan nettkjenning. Deretter skildest vegane deira. Stojkov har sidan 2003 spelt for klubbar i Polen, Italia, Belgia, Serbia, Ungarn, Sveits, Iran, Romania og Albania i tillegg til heimlandet, medan Pandev med unnatak for eit kort og lite framgongsrikt intermesso i tyrkisk fotball har halde seg i Calcio.

Innsatsen hans i Spezia var såpass tilfredstillande at dei sportsleg ansvarlege i Inter meinte han burde få prøve seg på eit høgare nivå, men han var enno ikkje klar for å kallast heim til Milano, meinte dei. Dermed vart det eit nytt utlån, denne gongen til Ancona, som overraskande for dei aller fleste hadde rykka opp til Serie A sesongen i førevegen. Ancona-stallen sesongen 2003-04 er eit klassisk døme på korleis ein klubb som strengt tatt ikkje er førebudd på opprykk gjerne opptrer i overgangsmarknaden. Klubbleiarane har openbert tenkt at dei trong fleire menn med erfaring frå dette nivået, og signerte difor talrike spelarar på bakgrunn av gamle bravadar snarare enn noverande kvalitet eller framtidig potensial. Samstundes er troppen ei nostalgisk skattkiste for dei av oss som var unge på 1990- og byrjinga av 2000-talet. Her finn vi den svenske keeperen Magnus Hedman, Noreg-dödaren Dino Baggio, den spanske midtbanemannen Luis Helguera (bror av sin meir kjende bror, Real Madrid-midtstoggar Iván), Kroatia-vingen og publikumsfavoritten Milan Rapaić, den bereiste måltjuven Maurizio Ganz, Blackburn-floppen Corrado Grabbi og – sist men på ingen måte minst! – den brasilianske Eurogoals-legenden Mário Jardel. Denne gjengen endte sesongen desidert sist i Serie A.

Dei hadde tre ulike hovudtrenarar i løpet av året, vann ikkje ein kamp mellom september og april og stod att med fattige tretten poeng. Etter sesongen vart Ancona sett under administrasjon på grunn av økonomisk vanstyre og nekta lisens for å spele i Serie B. Under desse kaotiske omstenda klarte vår unge ven Goran likevel å gjere seg positivt bemerka. Han scora berre eit einaste mål på dei 21 kampane han fekk spele, men synte nok prov på talentet sitt til at Lazio tok sjansen på å signere han. Overgangen var ein del av ein typisk italiensk avtale der Pandev vart sam-eigd av Inter og Lazio medan Dejan Stanković flytta frå Olimpico til Stadio Giuseppe Meazza (Inter selde seinare sin del av Goran til Udinese, som selde han vidare til Lazio). I Biancocelesti hadde sine eigne problem å stri med på denne tida.

Under den tidlegare presidenten Sergio Cragnotti hadde klubben satsa tungt på å ta opp kampen med Inter, Juventus og Milan og etablere seg mellom dei store i Serie A: Dei vann Lo Scudetto i 2000 med Sven-Göran Eriksson på trenarbenken og stjerner som midtstoggar Alessandro Nesta, midtbanemennene Pavel Nedvěd og Juan Sebastián Verón og spissen Marcelo Salas på banen. Men etter kvart synte det seg at Cragnotti hadde satsa over evne, både i fotballen og i forretningslivet. I 2002 vart selskapet hans, det multinasjonale matvarekonsernet Cirio, involvert i ein skandale som kosta italienske småspararar nær ein milliard kroner til saman, og den etter kvart prekære økonomiske situasjonen i selskapet fekk sjølvsagt òg konsekvensar for klubben. Stjernespelarane forlot Le Aquile, ein etter ein; Cragnotti måtte gå av som president og vart erstatta av Claudio Lotito, men det vart nødvendig å sette tæring etter næring i fleire sesongar framover. Likevel var ikkje den sportslege tilstanden verre enn at dei vann Coppa Italia etter finalesiger over Juve i 2004, og for Pandev var overgangen uansett eit stort steg opp og fram.

Han gjekk frå å spele for småklubbar frå italienske provinsbyar til å flytte til Den Evige Stad, og skulle representere eit lag som stadig hadde ambisjonar om å hevde seg både i heimlandet og ute i Europa. Den første sesongen i lyseblå drakt vart skuffande: Lazio endte på trettandeplass i Serie A, tittelforsvaret i Coppa Italia tok slutt i åttedelsfinalen og i UEFA-cupen rauk laget ut allereie etter gruppespelet. Men Goran var stort sett fast på laget og bidrog positivt, særleg i bortekampen mot Juventus kor han scora eit mål som vart skildra som «Roberto Baggio-esque», og ein større kompliment er det jo ikkje mogleg å få i italiensk fotballsamanheng. Han dribla seg på magnifikt vis fordi den brukbare defensive trioen Fabio Cannavaro, Lilian Thuram og Gianluca Zambrotta før han hamra ballen i nettet bak Gianluigi Buffon med venstreslegga.

Målet var den endelege stadfestinga av at den unge mannen frå Strumica var på plass i toppen av Calcio for å bli. Neste sesong gjekk det klart betre sportsleg for laget, dei endte på sjetteplass i serien og Pandev kvitterte for tolv scoringar, men så kom det for ein dag at klubben var involvert i Calciopoli-skandalen: Opphavleg vart Lazio tvangsnedflytta til Serie B, men straffa vart seinare redusert til 30 minuspoeng for 2005-06-sesongen (som gav ein 16. plass på tabellen til slutt) og tre minuspoeng før neste sesong, samt at laget mista UEFA-cupplassen dei opphavleg hadde kvalifisert seg til. Dessutan vart klubbpresident Lotito utestengt frå fotballen i to og eit halvt år. På banen gjekk det likevel stadig betre: Trass i dei tre minuspoenga kom Lazio på tredjeplass i Serie A sesongen 2006-07. Pandev var no etablert som eit soleklart førsteval og utgjorde saman med Tommaso Rocchi ein effektiv angrepsduo: Til saman scora dei 33 mål. Trenar Delio Rossi hadde hatt ei særs heldig hand med laget dei to sesongane han hadde vore sjef, men 2007-08 vart ein bratt og uventa nedtur, med Champions League-exit etter gruppespelet og ein bortimot katastrofal tolvteplass i Serie A.

For sin eigen del gjorde Goran det likevel stadig bra, med nitten scoringar i løpet av sesongen, korav tre mot sjølvaste Real Madrid. Dessutan noterte han seg for si første scoring i Derby della Capitale. In 2008-09 var ein aldrande Rocchi plaga av skadar, og Pandev hadde ein ny spissmakker i argentinske Mauro Zárate. I serien endte laget på ein skuffande tiandeplass, men til gjengjeld vann dei cupen etter finalesiger på straffar over Sampdoria, og Goran vart toppscorar i turneringa med seks mål. Han hadde omsider vunne sitt første trofé som fotballspelar og var etablert som ein av dei rutinerte støttespelarane i Lazio, ein kreativ og arbeidsviljug angripar som både kunne score sjølv og skape sjansar for lagkameratane. Men sommaren 2009 kunngjorde han at han ynskja å forlate klubben! Claudio Lotito, som var attende i manesjen etter utestenginga, likte sjølvsagt ikkje dette, og freista å tvingje Pandev til lydigheit.

I fire månader måtte han trene på eiga hand, adskilt frå lagkameratane, samstundes som klubbpresidenten avviste alle bód som kom på han. Som ein kunne vente gjorde Lazio det svakt i fråveret hans, men Lotito ville likevel ikkje gje seg. Enden på denne sørgjelege visa var at saka endte hjå ankepanelet til Lega Calcio, den italienske serieforeininga, som kunngjorde at klubben måtte frigjere han frå kontrakten sporenstreks, og i januar 2010 signerte han for klubben som først hadde henta han til italiensk fotball, Inter. Denne saka kan, sjølvsagt, sjåast frå særs ulike vinklar. Lotito ynda å framstille Pandev som ein grådigper som pressa Lazio for pengar medan klybben framleis var i ein økonomisk pressa situasjon; spelaren sjølv meinte at han berre bad om løn som fortent etter å ha bóre laget på skuldrene sine gjennom fleire sesongar. Det som uansett er sikkert, er at returen hans til Milano er ein av dei mest umiddelbart suksessrike overgangane nokon sinne. Seks månader etter at han iførte seg den blå- og svartstripete drakta for første gong, hadde Goran vunne både Serie A, Coppa Italia (igjen) og Champions League, og før året var omme kunne han leggje den italienske supercupen og verdsmeisterskapet for klubblag til merittlista.

Mourinhos mann

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent