Josimar

Gruppe C

11 byer. 24 lag. 51 kamper. Én vinner. Sist ble det Portugal, som etter ekstraomganger slo hjemmefavoritten Frankrike. Hvem får løfte Henri-Delaunay-trofeet i år?

Tekst: Nils Henrik Smith

NEDERLAND

Nederland er ein fotballnasjon der det ikkje er nok å berre vinne, du bør helst også gjere det på ein spesiell måte. Rinus Michels og Johann Cruyff har forlate oss, totalfotballen som bergtok verda på 1970-talet finst ikkje lenger, og Frank Rijkaard, Ruud Gullit, Marco van Basten og dei andre spelarane som begeistra oss då Nederland vann EM i 1988 er no aldrande menn. Men framleis eksisterer eit krav om at Oranje skal spele teknisk, offensiv fotball og dominere kampane sine, uansett motstand. Tradisjonelt har nederlendarane ikkje berre rynka på nasen over dei påståtte estetiske manglane ved engelsk, italiensk eller tysk fotball, dei verkar stundom rett og slett moralsk foruretta over at det i det heile finst andre måtar enn deira eigen å spele fotball på. Men tidene skifter, og heller ikkje Nederland kan alltid leve opp til forventingane dei sjølv har skapt. Dei tok sølv i VM i 2010 og bronse i 2014, men under Bert van Marwijk spelte dei brutal og kynisk fotball og under Louis van Gaal var dei pragmatiske og satsa på kontringar. Det kan verke som om nederlandsk fotball fekk seg ein slags kollektiv psykisk knekk av dette doble brotet med eigne tradisjonar, samstundes som generasjonen med Arjen Robben, Wesley Sneijder, Robin van Persie og Rafael van der Vaart vart gamle og tok tid å erstatte. Iallfall klarte ikkje laget å kvalifisere seg for verken EM i 2016 eller VM i 2018. Men no er Nederland tilbake i manesjen. Laget er ein miks etter kvart rutinerte aktørar som Stefan de Vrij, Georginio Wijnaldum og Memphis Depay, og yngre, talentfulle spelarar frå Ajax-laget som imponerte så mange på si ferd til Champions League-semifinalen i 2019: Matthijs de Ligt, Frenkie de Jong, Donny van de Beek. Det er openbert eit lag med svært høgt potensial, men resultata har vore ujamne. Nederland kvalifiserte seg som nummer to i gruppa si, bak erkerivalane Tyskland, og har sidan tapt både for Italia, Mexico og Tyrkia.

Landslagssjefen: Frank de Boer

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent