Josimar

Gruppe E

11 byer. 24 lag. 51 kamper. Én vinner. Sist ble det Portugal, som etter ekstraomganger slo hjemmefavoritten Frankrike. Hvem får løfte Henri-Delaunay-trofeet i år?

Tekst: Nils Henrik Smith

SPANIA

I uminnelege tider var Spania ålment kjende som dei store underpresterarane i internasjonal fotball. Føresetnadene burde vore dei beste: Spania hadde ein sterk og velståande liga med fleire av dei største og mest suksessrike klubbane i Europa, og sjølv om mange av stjernene på desse laga var importert frå utlandet mangla det heller ikkje på spansk talent. Butragueño og Míchel, Guardiola og Zubizarreta, Hierro og Mendieta og Raúl, alle spelarar i verdsklasse på sitt beste. Likevel: Sett bort frå ein litt heldig og tilfeldig triumf i EM i 1964 klarte dei aldri å markere seg skikkeleg på landslagsnivå. Spania var stort sett alltid med i sluttspel og ofte òg nemnt mellom outsiderane til tittelen på førehand, men kom sjeldan lenger enn til kvartfinalen, maks. Sjølv då dei fekk vere vertskap for verdsmeisterskapet i 1982 floppa dei på pinleg vis. Det var, av ein eller annan mystisk grunn, noko nevrotisk og forknytt over Spania i VM og EM. Talrike teoriar vart lanserte om kva dette kunne skuldast, den mest populære gjekk ut på at laget vart hemma av dei interne motsettingane i landet, at kastiljanarar, katalanarar, baskarar, asturianarar og andalusiarar rett og slett ikkje klarte å samarbeide når dei tok på seg den raude drakta. Denne teorien var temmeleg suspekt, ettersom dei same spelarane gjerne oppnådde suksess saman både på klubbnivå og på aldersbestemte landslag, men når mange nok ynskja å tru på det festa myten seg. Men så – plutseleg – kom omslaget! Med bestekompisane Iker Casillas (Real Madrid) og Xavi (Barcelona) som symbol på eit nytt, spansk samhald og med briljante aktørar som Xabi Alonso, Andrés Iniesta, Fernando Torres og David Villa vann Spania EM i både 2008 og 2012 og VM i 2010. Dei stuttvokste, teknisk eminente spanjolane heldt ballen i laget og utmatta motstandarane. Truleg har det aldri eksistert eit betre landslag. Men det byrjar å verte ei stund sidan 2012 no, og spanjolane bør snart bevise at den gylne epoken ikkje berre var eit blaff. I kvalifiseringa måtte dei nøye seg med uavgjort borte mot Noreg og Sverige, men avga elles ikkje poeng på veg mot gruppesigeren. Litt variable resultat det siste året, med tap mot Ukraina og uavgjort mot lag som Sveits og Hellas, men er samstundes stadig kapable til å gjere det ekstraordinære, som i 6-0-triumfen over Tyskland i november i fjor.

Landslagssjefen: Luis Enrique

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent