Geniale Gerd
Gerd Müller er død. Lenge leve målkongen.
I november 1978 tok Bayern München turen til Amsterdam for å spele mot Ajax. Det var tiårets to ubestrideleg største og mest suksessfulle lag i Europa som møttest til dyst framføre 55 000 tilskodarar på ruvande Olympisch Stadion. Vertskapet vann Europacupen for serievinnarar tre gonger på rad frå 1971-73, før gjestane kopierte bragda i perioden 74-76. No var begge nede i ein bølgedal. Sesongen 77/78 hadde Ajax måtta slå seg slått av PSV i kampen om Eredivisie-tittelen, medan Bayern endte på det som ikkje kan kallast anna enn ein skandaløs tolvteplass i Bundesliga. Likevel: Det var duka for eit oppgjer mellom gigantar i Nederlands titulære hovudstad.
Allereie i kampens første speleminutt sende målvakten Sepp Maier eit langt utspel framover mot Ajax’ sekstenmeter, mot lagkameraten i drakt nummer 9, som sprang frå overrumpla forsvarsspelarar og klinka ballen i nettet på halv volley. Gerd Müller hadde scora mål for Bayern München, slik han hadde gjort så uendeleg mange gonger før. Müller hadde nyleg feira sin 33. fødselsdag og var etter 1970-talet sin fotballmålestokk ein aldrande mann, og utan at nokon kunne vite det på dette tidspunktet var det mindre enn tre månader til hans aller siste kamp i Bayern-drakta, men instinktet for og begjæret etter scoringar var stadig intakt. Ingen hadde sett ein like effektiv målskyttar, ikkje i Vest-Tyskland og knapt nokon annan stad heller. Inspirert av den skjeggpryda veteranen gjekk lagkameratane nærast amok og køyrde over vertskapet. Då kampen var over stod det 0-8 på måltavla. Det var Ajax sitt største tap sidan 1913.
Resultatet var oppsiktsvekkjande nok i seg sjølv, men det er ein liten, men ikkje heilt uvesentleg detalj vi førebels ikkje har nemnt. Dette var nemleg ikkje, som ein kanskje skulle tru, ein viktig europacupkamp, ein kamp kor heider og prestisje stod på spel og kor ein måtte rekne med at eit kvart lag ville nytte høvet til å utklasse ein rival, men derimot ein farvelkamp til ære for Johan Cruyff, det eksentriske ballgeniet som hadde gjort Ajax til det beste laget i verda på byrjinga av 1970-talet, men som no hadde planlagt å gje seg med toppfotball etter mange år i Barcelona.
Før kampstart plasserte ein smilande Maier ein slags tyrolerhatt på hovudet til Cruyff, medan Müller òg var borte og helste venleg. Men då kampen byrja, synte dei ingen nåde. Og sjølv om den nye stjernespelaren Karl-Heinz Rummenigge scora hat-trick, var det den gamle garden i Bayern som var hjernane bak utklassinga. Maier, Müller og Paul Breitner. Alle tre hadde vunne alt som vinnast kunne både med klubb og landslag, men trass i alle sine storslagne prestasjonar og triumfar følte dei at dei hadde noko uoppgjort med Cruyff & Co., og viss ein farvelkamp var den siste sjansen dei skulle få til å gjere opp så fekk det berre vere sånn. At dei openbert ikkje var særleg høfleg å skjemme ut vertskapet på denne måten gav dei ganske enkelt f i.
Men kvifor var dei så arge? For å finne svaret på det må vi gå nokre år tilbake i tid, til nettopp dette stadionet i mars 1973, då Ajax knuste Bayern 4-0 i første kamp i kvartfinalen i Serievinnarcupen på veg mot sin tredje strake tittel i turneringa. Det var den såkalla totalfotballens kanskje aller mest brutale maktdemonstrasjon, og Bayern-spelarane tok det tungt. Maier skal ha vore så rasande at han nekta å dusje (!) i dei to vekene før returkampen i München.
Og sjølv om dei skulle få oppreising seinare – både ved sjølv å overta klubbhegemoniet i Europa og ved at Vest-Tyskland, med seks mann frå Bayern, slo Nederland, med fem mann frå Ajax, i VM-finalen på heimebane i 1974 – sat audmjukinga stadig i, så sterkt at dei rett og slett bestemte seg for å spolere avskilsfesten til sjølvaste Johann Cruyff. Dei unge Ajax-spelarane var i sjokk. Dei hadde venta seg eit triveleg avbrekk frå den tøffe kvardagen i Æresdivisjonen, eit lugnt oppgjer kor alle tok livet med ro og let gamle Johann briljere med ballkunstane sine. I staden vart dei feide av banen av ein gjeng med garva veteranar på jakt etter hemn.
Tjukkas i turnsko
Eg har brukt så pass mykje plass på denne kampen fordi han etter mi meining fortel noko vesentleg om den særmerkte mentaliteten som gjorde at Bayern München frå midten av 1960-talet og framover løfta seg ut av skuggetilværet i vest-tysk Regionalliga Süd til ein posisjon som ein av dei dominerande klubbane i fotballverda. Resultatet er i seg sjølv absurd. Ingen vinn 8-0 i ein «venskapskamp», og Bayern-spelarane hadde heller ingenting å bevise, anna enn overfor seg sjølv. Men det var nok. Dei sentrale personlegdomane i Bayern-garderoben var uhyre sjølvmedvitne, tidvis direkte arrogante og bortimot parodisk ærgjerrige.
Jernmannen Maier, hobbymaoisten Breitner og ikkje minst lagkaptein og libero Franz Beckenbauer (som rett nok hadde gitt seg i klubben på det tidspunktet nedsablinga av Ajax fann stad) tok alle mykje plass både på og utanfor banen og bidrog til å byggje opp ein ekstraordinær prestasjonskultur i klubben. Gerd Müller var ein annan type. Mindre intens og utadvendt, meir laid-back. «Viss vi hadde bekymringar før ein kamp, ville Gerd aldri høyre om det», fortalde Beckenbauer. «Han sa alltid, på den unike dialekta si: – Å, hald opp. Vi slår dei lett! Gerd fekk meg til å slappe av.»
Merknaden om dialekta fortel at sjølv om han i løpet av karriera skulle briljere i verdas store fotballmetropolar, var unge Gerd ein landsens gut. Han kom frå Nördlingen i den bayerske delen av landskapet Schwaben, nær delstatsgrensa mot Baden-Wurttemberg, ein småby først og fremst kjend for det femten millionar år gamle meteorkrateret Nördlinger Ries. Her vart han fødd knapt eit halvt år etter avsluttinga av Den andre verdskrigen, og vaks opp som yngstemann i ein syskenflokk på fem.
Han lærte å spele fotball på gata. Stundom måtte ein blikkboks gjere nytte som ball. Han gjorde seg tidleg bemerka som ein lovande spelar, og eit medlem i den lokale klubben TSV 1861 Nördlingen tipsa ungdomsleiaren Georg Münzinger om talentet hans. Münzinger tok turen ned til gatestubben der Gerd og kompisane heldt til og vart raskt overtydd. Han ville ha den vesle rabagasten med i klubben, men Müller var sjenert og beskjeden, tvilte på seg sjølv og var innleiingsvis svært skeptisk til å satse på organisert fotball. Han hadde det jo kjekt på gata og var ikkje sikker på om han ynskja seg noko meir av fotballen enn det. Men Münzinger var ikkje den som gav seg så lett, og etter kvart lot Müller seg overtale. I august 1958 stilte han til si første trening i TSV 1861, iført turnsko. «Kva vil du her, tjukken?», skal lagkapteinen på smågutelaget ha spurt då han først fekk auge på den nye lagkameraten. Müller sa ingenting, men svarte i staden på det språket han beherska best: med scoringar.
Han spelte no fotball for alvor, med regelmessige kampar på grønt gras iført drakt med nummer på ryggen. Han vann hurtig respekten til lagkameratane og avanserte frå spissplassen på smågutelaget til gute- og etter kvart juniornivå. Men det var likevel langt derfrå til å førestelle seg fotballen som ein mogleg karriereveg. TSV 1861 Nördlingen var trass alt ein breiddeklubb langt ute i provinsen, og Vest-Tyskland hadde enno ikkje etablert nokon nasjonal proffliga. Unge Müller måtte difor tenkje på å skaffe seg eit yrke, og etter at han fjorten år gamal var ferdig med folkeskulen byrja han difor i lære som vevar.
Kanskje fantaserte han likevel om ei framtid som toppspelar der han stod bøygd over veven: praktfulle scoringar framføre fulle tribunar på berømte stadionar. Men viss han hadde slike dagdraumar førestelte han seg ikkje at han herja i drakta til Bayern München, men derimot for 1. FC Nürnberg, som både var den næraste toppklubben reint geografisk og på dette tidspunktet dessutan klart betre enn Bayern. «Der Club» vann det vest-tyske meisterskapet i 1961 og DFB-Pokalen i 1962. Ja, kanskje stod vesle Gerd frå Nördlingen i halvmørkret der i veveriet og innbilte seg at han var Max Morlock, Nürnberg sin legendariske nummer ni, mannen som i løpet av karriera scora meir enn 300 mål og vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1954. Morlock sine framgongar må ha fortont seg som uoppnåelege, for enno kunne ikkje Müller ane at han sjølv skulle score mange fleire mål og vinne langt fleire titlar, ja at hans eiga karriere skulle verte så gullforgylt at den store Max Morlock si ville fortone seg som ei fotnote i tysk fotballhistorie i samanlikning.
Gerd Müller debuterte som seniorspelar for Nördlingen i ein kamp mot TSG Augsburg 85 i Bezirksliga Schwaben i april 1963, eit snautt halvår før han fylte atten. I 1963-64, hans første og einaste heile sesong på A-laget til moderklubben, scora han 47 mål på 28 kampar og var såleis ein svært sentral bidragsytar til at laget rykka opp i Landesliga. Vi kan trygt anta at motstanden i Bezirksliga Schwaben var av medioker kvalitet, men 47 mål på éin sesong er likevel tal som får klubbleiarar til å sperre auga opp, nesten uansett kva nivå dei vert scora på. Den sjenerte tenåringen oppdaga plutseleg at han hadde beilarar frå storbyen.
Han innsåg at han måtte ta eit val, og valet han tok skulle vise seg å vere eit av dei viktigaste i fotballhistoria. Dei to München-klubbane, 1860 og Bayern, ville begge ha han, men hadde ulike ting å tilby. Året i førevegen, då Bundesliga omsider vart etablert, hadde det vore mykje tautrekking om kva lag som skulle få dei 16 eksklusive plassane i den nye toppdivisjonen. Det var, delvis av politiske grunnar, viktig at alle dei fem Oberliga-avdelingane som til då hadde utgjort det øvste nivået i vest-tysk fotball var representert.
Dette tyda jo at det ikkje nødvendigvis var dei 16 beste laga i landet som kom med, men i staden 16 av dei beste ut frå ein bestemt fordelingsnøkkel. Oberliga Berlin skulle få éin plass (dette var viktig for å demonstrere at den delte byen Berlin ikkje berre var hovudstad i DDR, men òg ein viktig by i den tyske forbundsrepublikken), Oberliga Südwest fekk to og Oberliga Nord tre, medan Oberligaane Süd og West fekk fem plassar kvar. Så langt alt vel. Men for å avgjere kva for lag som fekk dei respektive plassane utarbeidde ein eit rankingsystem basert på oberligainnsatsen over dei siste tolv sesongane (!) Dette systemet var så innfløkt at eg ikkje skal gjere noko forsøk på å forklare det her, men nøye meg med å kort konstatere at eg mistenkjer at heller ikkje skaparane heilt forstod det.
Enden på visa var iallfall at Bayern vart nummer seks på rankingen for Oberliga Süd, medan 1860 vart nummer sju. No trur de kanskje at dette tyder at ingen av laga fekk vere med i den første bundesligasesongen, men der tek de skammeleg feil, for 1860 vann nemleg Oberliga Süd 1962-63, noko som førte til at dei vart tildelt plassen som laget som endte på femteplass på rankingen, Kickers Offenbach, eigentleg skulle ha hatt! I 1963-64 endte 1860 på sjuandeplass i Bundesliga samstundes som dei vann cupen etter finalesiger over Eintracht Frankfurt, medan Bayern kom på andreplass i Regionalliga Süd og dermed kvalifiserte seg for opprykkssluttspelet, kor dei imidlertid måtte gje tapt for Borussia Neunkirchen.
Dei blå kunne såleis tilby både Bundesliga og europacupspel, dei raude ingen av delane. Dermed skulle ein kanskje tru at valet var ein såk. «nobrainer» for Müller, men den gong ei. Det finst fleire versjonar av soga om kvifor han valde som han gjorde, og så mange år etterpå er det i praksis umogleg å seie kva for ein av dei som ligg nærast den eigentlege sanninga. Den enklaste og oftast brukte forklaringa er at han rett og slett ikkje våga å slutte seg til mektige 1860 München, at han trass i sin eigen upåklagelege scoringsform mangla sjølvtilliten til å tru på at han kunne kjempe seg til ein plass i bundesligalaget si stjernespekka angrepsrekke, med målmaskinen Rudolf Brunnenmeier i spissen.
Ein litt annleis versjon går ut på at Walter Fembeck, Bayern sin framsynte forretningsførar, meir eller mindre kuppa overgangen. Fembeck skal ha fått snusen i at representantar for 1860 hadde tenkt seg til Nördlingen, hoppa sporenstreks i bilen og køyrde til familien Müller sitt hus, kor Gerd framleis budde i lag med foreldra. Då rivalane dukka opp ein time seinare var avtalen allereie i boks. Denne historia har så pass sterkt mytisk preg at det er grunn til å mistenkje at ho iallfall er pynta på i ettertid, men Müller vart uansett Bayern-spelar for ein overgangssum på 4400 vest-tyske mark. Nokre år tidlegare hadde klubben vore nær økonomisk undergang, og dei hadde framleis ikkje nok pengar til å betale spelarane fulltids proffløn i Regionalliga Süd. I staden skaffa dei den den tidlegare vevarlærlingen deltidsjobb i ein møbelbutikk!