Josimar

Ein solrik forsommarsundagi Stockholm

Allsvenskan 2022 er over, og alle veit korleis det gjekk. Selv om Häcken vant, kokte det som vanleg på dei store Stockholmsderbya. Dette fotoessayet er frå Hammarby – AIK i mai.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Annika Byrde

Stockholm kan by på mange pittoreske og sjarmerande storbystrøk, men området kring Tele2 Arena på Johanneshov er ikkje blant dei, det må det vera lov å seia, Egil. Her er funksjon konsekvent prioritert over form. Globen – no omdøypt Avicii Arena etter artistnamnet til DJ-en Tim Bergling, som diverre valde å forlata denne verda i 2018 – er ein ikonisk bygning, men med sin dødsstjerneaktige form er meir imponerande enn direkte vakker. Elles er området prega av det som nesten uunngåeleg vil prege eit område kor to store publikumsarenaar ligg samla: Alt er straumlinjeforma for å på mest mogleg effektivt vis transportere store folkemengder inn og ut. Vel og bra, vel og bra, men straumlijeforma effektivitet vert sjeldan spesielt koseleg. Heller ikkje her. Sett frå utsida liknar Tele2 Arena eit ekstremt overdimensjonert parkeringshus. Ruvande, men likevel anonymt. Mektig, på sett og vis, men sjellaust.

Sjølv om det er mange restaurantar og barar her er det altså vanskeleg å sjå føre seg at dette er ein plass folk ville finna på å opphalda seg friviljug. Men det er éin ting, ein einaste ting som kan gjere sjølv det mest nitriste strøk levande og fargerikt: Fotball. Så sterk er krafta i fotballkulturen at ho kan fylle nær sagt eit kva for som helst tomrom. Ein solrik forsommarsundag yrar desse elles golde gatene av liv. Heimelaget Hammarby tek imot rivalane AIK til derby om nokre timar, og supporterane er allereie på plass i hopetal for å feira seg sjølv og laga sine. Grønt og kvitt. Gult og svart.

Dei første fotbollsklackane i Stockholm oppstod for meir enn femti år sidan, og har ei rik og variert historie. I byrjinga henta ein først og fremst inspirasjon frå tribunane i den engelske ligaen, som dukka opp på svenske TV-skjermar samtidig som i Noreg, hausten 1969. Seinare tok ein i aukande grad til å vende seg mot det kontinentale Europa og til dels Sør-Amerika. I spennet mellom desse påverknadskjeldene oppstod det ein distinkt supporteridentitet, der alle klackane har sitt eige særpreg, men samstundes er berarar av noko spesifikt stockholmsk. På banen har svensk fotball ofte vore dominert av klubbar frå Göteborg, Malmö og andre stader, men hovudstadsfolket har alltid bestreba seg på å vera best på läktarna. Dette kjem ikkje minst godt fram under dei interne oppgjera. Når to av AIK, Djurgården og Hammarby møtest, smell det alltid godt. Prestisjen er stor, temperaturen høg.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent