Josimar

Ringenes herrer

Den Olympiske tittelen har sjeldan eller aldri hatt same status eller prestisje innføre (herre)fotballen som i dei fleste andre idrettar. Like fullt vil ein finne fjerne, fagre, fascinerande og fryktinngytande minne om storslagne triumfar og pinefylte nederlag.

Tekst Nils Henrik Smith

Dei Olympiske Leikane si fotballturnering har alltid halde ein særmerkt posisjon i utkanten av sportens kollektive medvit. Det er for så vidt prestisjetungt å vinne OL-gull, men ulikt dei fleste andre idrettar har OL sjeldan eller aldri vore den viktigaste tevlinga å triumfere i for (mannlege) fotballspelarar. Kamerun, for eksempel, vart olympiske meistrar i Sydney i 2000 med Samuel Eto’o, Geremi og Lauren på laget. Det var nasjonens første OL-gull gjennom alle tider og såleis ei stor bragd, men det er all grunn til å tru at dei fleste, for ikkje å seie alle, kamerunske fotballentusiastar som er gamle nok til å hugse det, minnest Dei Utemmelege Løvene si ferd til kvartfinalen under Italia 90 med større stoltheit og glede. Rett nok finst det nasjonar, som vår eigen, som knyter ein vesentleg del av sin fotballkulturelle identitet til ein olympisk prestasjon, men Bronselagets status skuldast i stor grad utanomsportslege forhold. Å slå ut Tyskland i Berlin framføre auga på ein rasande Hitler – som feilaktig innbilte seg at den norske tomålsscoraren Magnar Isaksen var jødisk – var stort for ein ung nasjon kor folkefleirtalet såg med uro på nazismens framgongar, og prestasjonen antok mytiske dimensjonar under den seinare tyske okkupasjonen av Noreg. Bronselagets lagleiar, Hamburg-legenden Asbjørn Halvorsen, blånekta då tyskarane ville nazifisere norsk fotball og vart sett i konsentrasjonsleir, medan målvakten Henry «Tippen» Johansen var mellom motstandsfolka som vart sendt til Skaugum for å pågripe Josef Terboven på fredsdagen 8. mai 1945 (oppdraget mislukkast då Telavågs bøddel sprengte seg sjølv i lufta). Det er såleis ikkje vanskeleg å forstå Bronselagets nasjonalmytologiske status, men OL har like fullt stort sett alltid vore ei annanrangs fotballturnering. Årsaka er, som årsaker flest, både enkel og komplisert.

Trong fødsel

Då den bartepryda franske jålebukken Pierre de Coubertin grunnla dei moderne Olympiske Leikane i 1896, sto amatøridealet sterkt. De Coubertin – ein entusiastisk imperialist som meinte kvinneleg deltaking i Leikane ville vere «skadeleg» for dei mannlege atletane, og såleis eit strålande førebilete for alle framtidige sjarlatanar innan internasjonal idrettsadministrasjon – var av den oppfatting at utøvarar som tente til livets opphald gjennom idrett besudla det klassiske olympiske idealet han hadde tjuvlånt frå dei gamle grekarane. Dette skapte problem då fotball etter kvart skulle innførast i OL-programmet (og er samstundes grunnen til at baseball aldri vart nokon olympisk idrett, trass i at amerikanarane var ganske så keene på å introdusere nasjonalsporten for omverda då dei arrangerte OL i St. Louis i 1904). Kring hundreårsskiftet var det rett nok kun i Storbritannia ein kunne finne «profesjonell fotball» slik vi forstår begrepet i dag, men like fullt: Ein ynskja sjølvsagt gjerne at fotballens fødeland skulle delta, samstundes som ein ville nekte dei å stille med dei fleste av sine beste menn! I sanning eit paradoks. Fotball stod på det olympiske programmet både i Paris i 1900 og i St. Louis fire år seinare, men verken Fifa eller idrettshistorikarar flest reknar desse turneringane som offisielle, og med god grunn: I begge tilfella deltok kun tre lag, og i liten grad var det tale om reelle «landslag» slik vi forstår begrepet. I Paris vart Storbritannia representert av amatørklubben Upton Park, som triumferte over eit hastig samanraska «heimelag» samt laget til Universitetet i Brüssel. Fire år seinare stilte vertsnasjonen med to lag(!), begge var katolske collegelag og begge presterte å tape mot den canadiske amatørklubben Galt FC.

Den offisielle olympiske fotballhistoria vert såleis rekna frå og med leikane i 1908, som, høveleg nok, fann stad i London. Denne turneringa var rett nok òg særs kaotisk sett med moderne augo: Frankrike stilte med to lag, som begge vart slått av Danmark med sifra 9-0 og 17-1, medan Ungarn og Böhmen (dagens Tsjekkia) begge trekte seg før kamphandlingane tok til. Men for første gong stilte ei gruppe land (Danmark, Nederland, Storbritannia og Sverige), med det som på meiningsfylt vis kunne omtalast som «landslag», vertsnasjonen rett nok utan proffar, men med fleire svært dyktige amatørspelarar frå klubbar i det profesjonelle engelske ligasystemet, som òg hadde eller seinare fekk kampar for England sitt A-landslag: Mellom desse var Everton-vingen Harold Hardman, som etter karriera vart formann i Manchester United, og Tottenhams senterløpar Vivian Woodward, som scora 29 mål på 23 kampar for Englands beste menn og heldt rekorden som landets fremste målscorar i 47 år(!). Storbritannia slo Danmark i finalen, medan Nederland tok bronse. Nøyaktig same resultat gjentok seg i Stockholm fire år seinare. Det bør dog nemnast at Finland stod for ein politisk triumf som kanskje overgår Bronselagets i Berlin 24 år seinare: Som kjent var Finland på denne tida ein del av det russiske imperiet, men fekk likevel lov å stille eige lag, og etter å ha slått Italia i første runde møtte dei sine austlege undertrykkjarar i den andre, triumferte 2-1 og endte på fjerdeplass i turneringa. Go Finland!

I 1916 var det ingen Olympiske Leikar på grunn av Første Verdskrigen, men fire år seinare stunda det atter til olympisk dyst, denne gong i Antwerpen. Her skulle Storbritannia omsider lide nederlag, og dét ikkje for kven som helst, men tvert imot for Noreg! Med den før nemnte Asbjørn Halvorsen som senterhalf og den legendariske Odd-måltjuven Einar «Jeja» Gundersen på topp vann våre glade gutar 3-1, og vart såleis det første laget som slo spelets skaparar i ei internasjonal fotballturnering. I neste runde fekk vi diverre fik og deng av Tsjekkoslovakia (0-4). Tsjekkoslovakane gjekk heilt til finalen, kor dei møtte vertsnasjonen, men forlét banen etter førti minutts spel på stillinga 2-0 til Belgia, i protest mot den engelske dommartrioen og mot belgiske soldatar som, vart det hevda, provoserte publikum og fornærma det tsjekkoslovakiske flaget. Når vår oransje ven i Det Kvite Hus rasar mot flag-krenking på idrettsarenaen, står han med andre ord i ein lang tradisjon. Vertane vart tilkjent finalesigeren, Tsjekkoslovakia diskvalifisert, Spania tok sølv og Nederland sin tredje strake bronse.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent