Josimar

Entusiasme og raseri

Hei, eg heiter Nils Henrik, og eg heiar på Bryne Fotballklubb.

Tekst Nils Henrik Smith

Eg har heia på Bryne Fotballklubb sidan august 1987, då eg i løpet av nokre få dagar som fersk førsteklassing ved Rosseland skule både oppdaga klubbens eksistens, sjølv vart medlem av klubben og debuterte for klubbens Knott 7 år-lag. I min første kamp tapte vi 0-4 for Hana. I min andre kamp tapte vi 0-4 for Havdur. Hana og Havdur er obskure klubbar frå dei obskure kommunane Sandnes og Sola som aldri har utretta noko som helst, og det at eg framleis framleis hugsar begge resultata 31 ½ år seinare understreker vel i seg sjølv kva for skjensel det var for ein gjeng sjuåringar som representerte den stolte og mektige Bryne Fotballklubb å tape for slike latterlege parodiar på fotballag. Men i min tredje kamp vann vi 3-1 over Nærbø, og eg scora sågar eit av måla, eit mål som på mitt minnes indre flatskjerm liknar svært på Zinedine Zidanes berømte matchvinnande volley for Real Madrid i Champions League-finalen mot Bayer Leverkusen i Glasgow i 2002. (I røynda var det ein tap-in frå ein halv meters hald for ope mål på bakre stolpe etter at ballen på mystisk vis hadde sklidd forbi alle i ei mølje etter ein corner, men kven bryr seg vel om fakta?) Når sant skal seiast viste det seg fort at eg var ein i beste fall middels fotballspelar med til dels betydelege konsentrasjonsproblem – eg måtte ei gong bytast ut av ein kamp og køyrast på legevakta fordi eg kolliderte med ein målstolpe medan eg gjekk rundt for meg sjølv på banen og tenkte på noko anna (Mathias Rust, ei bok av Roald Dahl, flateinnhaldet i Sovjetunionen, whatever, eg hugsar ikkje lenger) – men trass i dette, eller kanskje nettopp difor, vart det minst like fort ein svært viktig del av identiteten min å representere nettopp Bryne Knott 7 år, for Bryne Knott 7 år var jo ikkje berre Bryne Knott 7 år, men ein del av ein større samanheng, ein av dei største av alle samanhengar, den vidunderleg vakre institusjonen som heiter Bryne Fotballklubb, og som, rett nok utan at eg var klar over det på det tidspunktet vi, altså Bryne Knott 7 år, tapte for Hana og Havdur og vann over Nærbø, hadde eit A-lag som spelte i den øvste divisjonen i norsk klubbfotball for menn, på denne tida logisk nok kjent under namnet «1. Divisjon», eit uhyre eksklusivt selskap kor kun 12 klubbar fekk lov til å vere med, og som til alt overmål var i ferd med å ta seg til finalen i sjølvaste Noregsmeisterskapet, populært kalla Cupfinalen, for første gong i klubbens historie. Dét fann eg imidlertid snart ut av, for situasjonen var nemleg så heldig at vi, spelarane på Bryne Knott 7 år, i likskap med alle andre spelarar i klubbens barne- og ungdomsavdeling hadde kvart vårt flotte medlemskort, laminert og med bilde av oss sjølv og alt, og kvar den som kunne framvise eit slikt kort hadde gratis adgang til samtlege av A-lagets heimekampar på det heilage Bryne stadion, eit tilbod som sjølvsagt var alt for godt til ikkje å benytte seg av, og slik gjekk det til at eg, frå og med hausten 1987 og i årevis framover befann meg på Bryne stadion kvar gong Bryne FK spelte kamp og vi, familien min og eg, befann oss heime på Bryne.

LSK-supportaren fra Stavanger

Her må eg bryte meg sjølv av og gjere kort greie for min familiebakgrunn. I motsetting til dei aller fleste som vaks opp på Bryne på den tida eg vaks opp, hadde eg verken foreldre, besteforeldre eller annan familie som knytta meg til denne staden som var min heimstad. Mor mi er frå Stavanger, far hennar hadde gått på Viking-kampar sidan før Reidar Kvammen debuterte. Far min vaks opp på Nesttun, hans fremste fotball-relaterte claim to fame er at han i ein periode budde i blokk og oppgang som den framtidige Brann-legenden Per Hilmar Nybø. Den einaste grunnen til at eg skulle byrje å heie på Bryne var altså at eg sjølv var frå Bryne, eg var frå Bryne fordi vi budde på Bryne, og at vi budde på Bryne var jo på mange måtar nokså tilfeldig. Men kva viss foreldra mine i eit anfall av dårskap hadde bestemt seg for å slå seg ned i – skrekk og gru! – Sandnes? Ville eg då vore Sandnes Ulf-fan i dag? Eller ville eg, oppvaksen som eg jo ville vore i ein «by» utan fotballkultur (eller, for den del, kultur i det heile), ganske enkelt vore komplett uinteressert i fotball, eit av desse menneska som lever gledeslause liv i den vantru at fotball er primitivt og fordummande og dessutan altfor mykje på TV? To bekmørke alternativ eg vert fysisk uvel av å tenkje på. Samstundes meiner eg jo faktisk at viss du no først er så uheldig å vere oppvaksen i Sandnes, og du trass i dette likar fotball, er det inkje mindre enn di moralske plikt å heie på Sandnes Ulf, meiningslaust som dét jo er. Eg nærar ei djup, intuitiv mistru til folk som (først og fremst) heiar på eit anna lag enn sitt lokale. Jonathan Wilson, som er frå Sunderland, skriv ein stad om ein episode i barndomen då han forkynte overfor mor si at han skulle ynskje han var født i Liverpool! «Å?», svara ho overraska, «Kvifor det?» «Fordi då kunne eg heie på eit lag som vinn!» Men han var altså frå Sunderland og hadde såleis ikkje noko anna val enn å heie på Sunderland Association Football Club, med alt det dét, både den gongen og no, førte med seg av sorg og frustrasjon. Og slik bør det jo vere. Eg hadde ei gong ein arbeidskollega som var frå Stavanger og heia på LSK. Hen var født i Stavanger, oppvaksen i Stavanger, budde i Stavanger, jobba i Stavanger, hadde inga familiær eller anna tilknyting til tettstaden Lillestrøm eller dens omland, men heia på LSK. Eg klarte, så vidt det var, å oppføre meg sivilisert mot vedkomande, men eg ville ikkje akkurat stolt på hen i ein krisesituasjon, for å seie det slik. Det er noko grunnleggjande suspekt, lite tillitvekkjande, muffens med folk som veljer seg sitt yndlingslag i fotball basert på andre omsyn enn geografi, eg beklagar, det held ikkje, er ikkje godt nok, slike folk må skjerpe seg, jobbe med seg sjølv. Samstundes er eg jo pinleg klar over at eg, heilt i byrjinga av mi karriere som Bryne-supporter, var priviligert, i og med at Bryne FK, i motsetting til dei fleste lag, spelte i den glamorøse 1. Divisjon, og altså sågar kom til cupfinalen på det mektige Ullevaal, som den gongen enno ikkje hadde fullført sin metamorfose frå eit fotballstadion til eit kjøpesenter med ein fotballbane inni, kor dei skulle møte ingen ringjare enn Sportsklubben Brann.

Den ubestikkelege domaren

Mine damer og herrar, Bryne Fotballklubbs lag i den 87. Finalen i Noregsmeisterskapet i fotball for menn! Vi reiser oss! Lars Gaute Bø (24), Kolbjørn Ekker (27), Bjørn Gulden (22), Leif Rune Salte (21), Roar Pedersen (23), Hugo Hansen (20), Tor Fosse (21), Paal Fjeldstad (25), Arne Larsen Økland (33), Børre Meinseth (21), Jan Madsen (22). Benytta reservar: Geir Giljarhus (26) og Paul Folkvord (25). Som vi ser, eit svært ungt lag, kor berre den heimvendte veteranen Larsen Økland trekk opp snittet, samstundes som han bidreg med verdifull erfaring. Då Bryne etablerte seg som eit kraftsentrum i norsk fotball på andre halvdel av 1970-talet, bestod laget stort sett av lokale spelarar med potetbonden Gabriel Høyland i spissen, men i tråd med fotballens moderne utvikling har mønsterbruket frå Jæren no spelarar frå heile landet. Stadig er det plass til kjekke unge menn frå jærske tettstader som Varhaug (Bø), Bryne (Salte) og Klepp (Folkvord), men dei øvrige er frå byar, grender og øyer som Bømlo, Namsos, Vega, Voss og Ulsteinvik. Ein av dei, Gulden, er sågar født i Sveits, og sjølv om strengt tatt ikkje veit om det stemmer utropar eg han likevel her og no til tidenes første norske meister i fotball født i Sveits! For Bryne vinn cupfinalen på Ullevaal, etter ein hard og jamn kamp scorar Kolbjørn Ekker, helten så edel og kjekk, det uendeleg vakre vinnarmålet i første ekstraomgangs siste speleminutt. Rett nok freistar Brann seinare å syte seg til eit straffespark, noko den staute og ubestikkelege domar Kjell Nordby frå Rygge imidlertid kontant avvisar. I all tid sidan har bergensarane, dårlege taparar med oppblåste sjølvbilete som dei jo er, gnaga og gnålt om dette straffesparket dei innbillar seg at dei skulle hatt, og i den seinare tid har eg kome fram til at det eigentleg ville vore like greitt om dei hadde fått det, for alle veit jo at Lars Gaute ville redda uansett.

Bryne æ best!

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent