Josimar

Monica K

Som spelar vart ho serie- og cupmeister med Asker og olympisk meister for Noreg. Som trenar løfta ho LSK til topps. Kan Monica Knudsen òg gjere VIF til eit topplag?


Tekst Nils Henrik Smith Foto Eivind Hauger

Som spelar vart ho både serie- og cupmeister med Asker, ho fekk 87 landskampar for Noreg, deltok i to VM og to EM og vann OL-gull i Sydney i 2000. Som trenar gjorde ho LSK til det overlegent beste kvinnelaget i landet, med The Double tre sesongar på rad frå 2014-16. No har ho ansvaret for å løfte hardtsatsande Vålerenga opp i Noregstoppen. Men eigentleg har ho aldri hatt nokon særskilte ambisjonar innan fotballen, hevdar ho.

Det er ein grå og kald fredag morgon i februar, og Josimars audmjuke utsending befinn seg for første gong i sitt liv ved Intility Arena. Sidan eg som alltid har vore redd for å vere for seint ute, er eg som alltid for tidleg ute, og nyttar difor ventetida til å gjere det eg alltid gjer viss det let seg gjere når eg vitjar eit fotballstadion: Eg går rundt stadionet. Å gå rundt stadion er (som å gå generelt) ein undervurdert aktivitet. Det gjev ei forståing for klubbens sjølvforståing, om eg så må seie. Eit fotballstadion er noko anna og langt meir enn ein arkitektonisk struktur som har til føremål å leggje til rette for utøving av idretten ”fotball”, det er klubbens viktigaste identitetsmarkør, kanskje særleg når det er tale om eit nytt stadion, som skal bidra til å (gjen)skape klubbidentiteten. Og dét skal Intility Arena ha: Trass i at eg sjølvsagt aldri kan få meg til å respektere stadionets namn, er det faktisk umiddelbart mogleg å sjå at det er eit fotballstadion og ikkje eit kjøpesenter, eit bustadkompleks eller eit parkeringshus, som dei fleste moderne stadia jo liknar. Eg rekk to rundar og vurderer å byrje på ein tredje i det Monica Knudsen dukkar opp, presis, og losar meg ved hjelp av sitt nøkkelkort inn i Intilitys indre gemakkar. Eg får kaffi frå ein kaffimaskin som mot alle odds viser seg å fungere, og som faktisk smakar overraskande adekvat til kaffimaskinkaffi å vere, og deretter ein guida tur gjennom fasilitetane: Herfrå kan eg rapportere at garderoben til VIF Damer ser ut som fotballgarderobar flest, at det sjølv på eit nytt og moderne anlegg som dette er relativt trongt om plassen for dei tilsette, og at inkje syn i verda er like melankolsk som synet av ein fotballbane dekt av snø. Etter kvart set vi oss ned i eit møterom som ser ut til å vere innreia med den målsetting å sjå så møterom-aktig ut som mogleg, eg aktiverer opptaksfunksjonen på telefonen, og samtalen kan ta til.

– Kan du kort gjere greie for grunnprinsippa i din trenarfilosofi?

– Kva skal eg seie? Eg vert jo litt nervøs av det spørsmålet, for det er jo noko som heile tida er i endring, det er noko som vert skapt undervegs. Eg var jo veldig lenge i same klubb, eg var i ti år i LSK som spelar, assistent- og hovudtrenar, og føler jo at vi laga noko veldig bra og solid der. Mykje av det har jo Hege (Riise, journ. anm.) vidareført, i måten dei spelar og framstår på. Og så kjem eg til ein ny stad, med eit nytt utgongspunkt og nye spelarar som eg ikkje kjenner, og dét er jo ei stor utfordring med tanke på å etablere eit nytt konsept. Men i utgongspunktet har eg alltid hatt eit veldig stort ynskje om å ha ballen mykje i laget, ha eit trygt pasningsspel, som etter mi meining er mangelvare i Toppserien. Så gjeld det å kunne kombinere trygt spel med skarpt spel, framoverretta spel, evna til å sjå løysingar, beherske det relasjonelle. Den kombinasjonen jobba vi mykje med over lang tid i LSK. Det tek lang tid! Men når du byrjar på scratch igjen er det ikkje like lett, for då gløymer du kanskje kor du var, og så byrjar du der du slapp, og så er ikkje den nye gruppa di klar for dét, og då vert det utfordrande. Vålerenga er jo ein hardsatsande klubb, så eg har eit prestasjonspress på meg, og då må eg jo gjere nokre avveiingar i forhold til det. Ha ei litt meir kynisk tilnærming, ei enklare tilnærming, for at vi skal få med oss det vi skal ha (av poeng). Nokre trenarar er jo veldig på dét, å alltid gjere det som skal til for å vinne kampen, medan eg har tidlegare vore oppteken av å investere for at det skal verte veldig bra om litt. Sånn har eg jobba!

– Vålerenga har ein uttalt ambisjon om å vere landets leiande kvinne- og jenteklubb innan 2020. Ein kan leggje mykje i ei slik formulering, men ei nærliggjande tolking av «leiande klubb» er jo «beste lag». I fjor vart de nr. 6, 28 poeng bak LSK. 2020 er neste år. Kva skal de gjere for å redusere den avstanden i år, og er det realistisk å ta igjen din gamle klubb innan neste år?

– Nei. Det er ikkje realistisk. Men det føler eg òg at klubben er innforstått med. Men å vere oppi der, vere med og kjempe om medaljane, dét er fullt mogleg! Det gjekk jo betre med oss på hausten i fjor enn kva det hadde gjort på våren – på hausten spelte vi jo jamt med laga som vart nummer 2, 3 og 4 (Klepp, Arna-Bjørnar og Sandviken, journ. anm.) og tok poeng i dei kampane. Så vegen dit er ikkje så lang, men opp til LSK er det eit godt stykke for alle dei andre laga i Toppserien. Vi må vere realistiske, men det må jo vere lov å nærme seg, å ha ei målsetting om dét. Veldig mange vert jo veldig... sure når nokon er så mykje betre enn alle andre, det er jo typisk, jantelov og misunning, men eg er jo veldig oppteken av at det er jo mykje betre viss alle andre vert betre heller enn at LSK vert dårlegare! Sjølvsagt er det irriterande at dei tek alle dei beste spelarane og alt det der, men sånn er det, sånn fungerer det jo!

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent