Josimar

Til himmels med KFUM

I 1939 skipa KFUM Oslo sin eigen fotballklubb, til arge protestar frå resten av hovudstadens kristenliv. 80 år seinare kjempar klubben om opprykk til Eliteserien. Josimar har vore på Ekeberg for å finne ut kva som går føre seg.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Magnus Gulliksen

Å balansere interessene til topp og breidde er alltid ei utfordring for ein kvar fotballklubb som gjennomgår ein profesjonaliseringsprosess som den Kåffa no er inne i.

25. august 2019: Sola skin og glade barn og entusiastisk ungdom iført treningsantrekk i raudt, blått og kvitt myldrar ikring overalt i dét Josimars audmjuke utsending stig av bussen ved Ekeberghallen haldeplass om lag ein time før kampstart i den viktige OBOS-ligakampen mellom KFUM-kameratene Oslo – Kåffa mellom vener – og romerikingane frå Ull/Kisa. Før kampen ligg dei kristeleg foreinte unge mennene på ein smått sensasjonell fjerdeplass på tabellen, og er med det det nest-beste laget i Oslo og eit av dei tjue beste i landet. Men Kåffa er òg – som det muntre kaoset på Ekebergsletta illustrerer – ein svært stor breiddeklubb, med meir enn 1200 aktive utøvarar frå knott- til old boys-nivå. Dei har mellom anna i fleire år vore den klubben med flest deltakande lag i Norway Cup – ikkje ulogisk med tanke på klubbens geografiske plassering, men likevel ubestrideleg imponerande. Å balansere interessene til topp og breidde er alltid ei utfordring for ein kvar fotballklubb som gjennomgår ein profesjonaliseringsprosess som den Kåffa no er inne i. Denne reportasjen handlar først og fremst om A-laget (herrar) sitt inntog i norsk toppfotball, men, som Gro Harlem Brundtland i si tid sa og i ettertid påfallande ofte har fått rett i: Alt heng saman med alt, og det skal syne seg at det er svært vanskeleg – ja, kanskje ikkje ei gong verken mogleg eller ynskjeleg – å trekke noko skarpt skilje mellom breidde og topp i denne klubben.

4. september ser Oslo bystyre nemleg i nåde til Kåffa, og godkjenner mot røystene til Raudt og Venstre (dei heidningane) det nye stadionanlegget på Ekeberg, kor klubben kan sjå fram til eit om ikkje evig, så iallfall langvarig liv når det nye fotballtempelet ein vakker dag står klart.

I Guds frie natur

Eg lokaliserer fotograf Gulliksen og saman går vi for å finne pressekontakt Halvor H. Byfuglien, som med den største velviljugheit utstyrer oss med dei akkrediteringsteikn vi treng for å utføre vårt viktige samfunnsoppdrag. Gulliksen tek deretter plass på indre bane, medan eg ruslar opp til pressebua – som viser seg å vere eit slags dueslag i tre midt på hovudtribunen. Rustikt og sjarmerande, ja visst – faktisk dei klart koselegaste pressefasilitetane eg har opplevd som fotballskribent i inn- og utland, men samstundes ei påminning om at medan KFUM Oslo per i dag reint sportsleg er ein toppfotballklubb, er dagens KFUM Arena ingen arena for toppfotball. Dét har klubben i mange år jobba hardt og målretta for å gjere noko med: Detaljerte planar om eit moderne, multifunksjonelt anlegg på Ekeberg føreligg og har gått sin sigersgong gjennom alle dei sakshandsamande etatar i kommunen som må ta stilling til eit slikt prosjekt, men framleis manglar den avgjerande og endelege velsigninga frå Oslo bystyre. Vedtak i saka er venta i næraste framtid, meir presist onsdag 4. september, ein dato alle i og rundt klubben imøteser med spent forventning.

Prøv gratis i 14 dager!

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Ikke vent – bli abonnent!