Josimar

Historien om 1987-sesongen

Alle som har vore til stades på eit fotballting veit at organisasjonen er prega av bankettsterke folk som gjerne held det gåande til seint på natt, noko som sjølvsagt kan få konsekvensar for både oppmøte, engasjement  og vedtak morgonen etterpå.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Scanpix

Eit typisk trekk ved mennesket som art er at vi får idéar. Menneskeslekta har, gjennom historia, fått ei uhorveleg mengd idéar – gode idéar, dårlege idéar og ikkje minst rare idéar. Det som kanskje først og fremst kjenneteiknar idéar er at dei – anten dei no vert vurdert som gode, dårlege eller berre rare i ettertid – ofte er kontroversielle når dei er nye. Dei fleste vil truleg vere einige om at straffespark i fotball er ein god idé, men idéen skapte sterkt mishag, ja sågar moralsk harme då han vart lansert av den irske amatørmålvakten William McCrum i 1891.

Spelarar og klubbleiarar vart forarga fordi dei meinte straffesparket var eit brot med og ein hån mot prinsippet om at alle fotballspelarar var gentlemen (som aldri ville bryte reglane med vilje), og McCrum måtte tóle å høyre at han var ein egosentrikar og eksibisjonist som berre ville plassere seg sjølv og sine kollegaer i sentrum for merksemda. Straffekonkurransen, på si side, vart offisielt innført i fotballens internasjonale regelverk i 1970 (sjølv om det hadde vore praktisert straffekonkurransar på ulike nivå i mange land lenge før den tid), og femti år seinare har vi stadig ikkje oppnådd konsensus om kor vidt straffekonkurransar er ein god eller dårleg idé. Men straffekonkurransen er eit verkemiddel som vert nytta til å avgjere uavgjorte kampar i utslagsturneringar.

Straffekonkurransar i seriekampar vil av så godt som alle fotballentusiastar først og fremst oppfattast som ein veldig rar idé. Seriekampar i fotball kan ende med siger til heimelaget, siger til bortelaget eller uavgjort, og viss det ender uavgjort får laga eit poeng kvar. Slik var det då seriesystemet først vart innført i England i 1888, og slik har det (med nokre få, kuriøse unnatak) vore sidan, alltid og overalt. Det er noko alle veit. På den andre sida er dette noko alle veit berre fordi det ein gong vart bestemt at det skulle vere slik.

Reglane i fotball (og all annan idrett) er verken naturlover eller guddomelege påbod, dei er berre eit sett konvensjonar nokon på eit gitt tidspunkt har vorte einige om, og det går an å endre på dei, noko vi då òg gjer stadig vekk. Tallause som sandkorna på havbotnen er dei regelendringane som har vore gjort sidan dei første offisielle fotballreglane vart offentleggjort i 1863. Nokre av endringane har vorte ståande, medan andre har teke form av kortvarige eksperiment.

Den veldig rare idéen om å ha straffekonkurranse ved uavgjorte seriekampar står i ein mellomposisjon her. Tiltaket vart aldri særleg utbreidd og fekk aldri fotfeste i nokon av dei verkeleg store fotballnasjonane, men vart praktisert i ulike seriesystem og ulike former over ein tidsperiode på 25 år. Det er i dag om lag 20 år sidan eksperimentet vart avslutta der det først byrja, i USA, men det er ikkje heilt utenkjeleg at det ein dag kan få sin renessanse (noko vi skal kome attende til).

Det er fleire grunnar til at det sett i ettertid framstår som logisk at den rare idéen om straffekonkurransar i seriekampar oppstod nettopp i USA. For det første har amerikansk lagidrett alltid hatt eit ambivalent forhold til uavgjorte resultat – éin på ingen måte creepy kommentator sa at uavgjort var «like kissing your sister». For det andre hadde aktørane som ynskja å etablere fotball som toppidrett og kulturelt massefenomen i USA både langt hardare konkurranse frå andre, meir tradisjonelle amerikanske lagidrettar og (dermed) eit større fokus på fotball som TV-underhaldning enn kva tilfellet var i Europa (og Sør-Amerika) på same tid. Då den nord-amerikanske proffligaen (NASL) vart etablert i 1968 var det faktisk delvis fordi både VM-finalen to år tidlegare og dokumentarfilmen Goal!

Frå det same slutspelet hadde oppnådd overraskande høge sjåartal i USA, og ein såg potensialet for kommersiell vekst. No er fotball sjølvsagt ikkje underhaldning, men viss ein likevel ynskjer å presentere det som det er det mange grep ein kan ta. NASL hadde såleis fleire tiltak eller reglar som skiljer seg frå spelet «fotball» slik vi kjenner det – som at match-uret (både på TV og på stadion) talte ned i staden for opp, slik det er vanleg i fleire amerikanske lagidrettar, og ei linje trekt tvers over banen om lag tretti meter frå mål, slik at ingen angripande spelar kunne vere offside viss han befann seg bak denne linja. (Dette var for øvrig ingen ny idé, men noko ein hadde eksperimentert med allereie då offsideregelen vart endra i 1925, og altså vraka. Teorien bak – at det ville føre til fleire scoringar og at fleire scoringar = meir «underhaldande» fotball er elles uhyre suspekt, men den diskusjonen får vi ta ein annan gong.)

I 1974 – berre fire år etter at straffekonkurransen vart offisielt godkjend som avgjerdsmetode av fotballens internasjonale organ, men meir enn tretti år etter at det første dokumenterte tilfellet av straffekonkurranse fann stad i Sao Paolo, Brasil – innførte NASL straffekonkurransar ved uavgjorte kampar. Frå eit TV-synspunkt er dette forståeleg. Den avgjerande skilnaden på fotball som stadionidrett og fotball som TV-oppleving er at dei aller fleste som oppsøker stadion heiar (med varierande grad av intensitet, sjølvsagt) på eit av laga som spelar, ynskjar TV-kanalar (og i våre dager, strøymetenester) å trekke flest mogleg presumptivt nøytrale sjåarar til skjermen. Og medan straffekonkurransar er så spennande at dei nær sagt er uuthaldelege for den engasjerte supporter, er det samstundes openbert at straffekonkurransens rituelle form og dramaturgi gjer han til «god underhaldning» for den som i utgongspunktet ikkje har noko slikt kjenslemessig engasjement. Det er umogleg å påvise nokon korrelasjon her, sjølvsagt, men det er samstundes eit ubestrideleg faktum at både sjåar- og tilskodartala i NASL gjekk opp i åra etter at ein innførte straffekonkurranse.

I 1977 tok ein eit nytt grep for yttarlegare å auke dramatikken i straffekonkurransane. I staden for å skyte frå ellevemetersmerket slik ein hadde gjort overalt sidan nemnte merke vart innført i 1901, skulle straffetakarane no starte med ballen ved offsidelinja tretti meter frå mål, og hadde fem sekund på seg på å få ballen forbi målvakten og i nettet – altså ei straffeordning som likna svært på den ein både den gong og no finn i ishockey.

Trass i (eller kanskje delvis på grunn av?) dei mange forsøka på å gjere spelet meir attraktivt, og trass i (og definitivt delvis på grunn av) kostbare importar av aldrande stjernespelarar frå Europa og Sør-Amerika, sleit NASL med dei etablerte amerikanske lagidrettane, og etter fleire år med til dels gedigne økonomiske underskot kollapsa ligaen i 1984. Men idéen om straffekonkurransar ved uavgjorte seriekampar var ikkje heilt død. Vinteren 1987 vedtok forbundstinget i Noregs Fotballforbund med overveldande fleirtal å innføre nettopp dette tiltaket. Det er vanskeleg å hevde opphavsrett på idéar, og fotballhistoria byd på mange eksempel på nyordningar som har kome til i spelet utan at det i ettertid er klart kven som stod bak, men akkurat i dette tilfellet herskar det ikkje den ringjaste tvil. Tom A. Schancke (1940-2017) var siviløkonom, idrettshistorikar, klubbgründer, partileiar, all-round renessansemann og ein av dei største originalane i norsk fotballs historie.

Schanke vaks opp på Hønefoss og vart tidleg engasjert i idretten. Eller, «engasjert» er kanskje eit litt for mildt uttrykk. I løpet av barndom, ungdom og tidlege vaksenår var han, ifølgje seg sjølv, aktiv i 21(!) ulike idrettar, og vart premiert i 15 av dei. Høgdepunktet var tikamp-triumfen under det opne Oslo-meisterskapet i friidrett på Frogner stadion i 1960. I 1972 grunnla han Oslo Ballklubb. Schanke var sjølv klubbpresident, den gamle Italia-proffen Ragnar Larsen var visepresident, medan talrike spelarar frå Vålerenga sitt ishockeylag var med i A-stallen. Den nye klubben gjekk ut med storslagne ambisjonar om å rykke opp frå 7. til 1. divisjon i løpet av ti år. Dei klarte å kome seg opp i 5. før det sa stopp, i og for seg imponerande nok for eit lag som hadde «treningsforbud, men oppmøteplikt på spillerfestene», som Schanke uttrykte det.

I 1981 stilte Tom A. Schanke til stortingsvalet i Oslo som førstekandidat for Tom A. Schankes parti. Schanke var partiets grunnleggjar, leiar og einaste medlem, men førte opp ei lang rekke idrettsprofilar som listefyll – mellom andre skøyteverdsmeister Amund Sjøbrend, den store paralympiaren Cato Zahl Pedersen, Bronselagets målvakt Henry «Tippen» Johansen, sjølvaste Bjørn Wirkola og ikkje minst Åge Hareide, som han planla å utnemnte til fiskeriminister viss partiet skulle oppnå regjeringsmakt. Partiet fekk dog kun 826 stemmer og kunne såleis sjå langt etter noko stortingsmandat. Til gjengjeld kom dei i Guinness rekordbok det året som «verdas minste parti».

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent