Josimar

Vår nasjonale gjeld til Esfandiar Baharmast

Om eit straffespark på Stade Vélodrome og den moderne norske folkesjela.

Tekst: Nils Henrik Smith

Dette er et utdrag fra den kritikerroste boka 11 meter av Nils Henrik Smith (Kagge Forlag).

Esfandiar Baharmast peikar på straffesparkmerket. Vi befinn oss på Stade Vélodrome i Marseille, datoen er 23. juni 1998, klokka nærmar seg elleve om kvelden, det er spelt 86 minutt og 30 sekund av VM-kampen mellom Noreg og Brasil, og stillinga er 1–1. Brasil har vunne begge sine kampar til no i gruppespelet, mot Skottland og Marokko, og er allereie vidare som gruppevinnar, medan Noreg har spelt uavgjort mot både Marokko og Skottland. Samstundes, i Saint-Etienne, står det 3–0 til Marokko over Skottland. Dét tyder at uavgjort mot Brasil ikkje held for Noreg, ved uavgjort vert vi slått ut av turneringa, Noreg må vinne over Brasil i ein gruppespelkamp i VM, noko som er bortimot umogleg, ingen har gjort det sidan Portugal med Eusebio i spissen gjorde det på Goodison Park, Liverpool i 1966.

Men no peikar altså Esfandiar Baharmast på straffesparkmerket.

Ingen, verken på Stade Vélodrome eller framføre dei tusen fjernsynsapparata i dei tusen heimar i Noregs langstrekte land, skjønar heilt kva som skjer.

«Er det straffespark?» spør ein forbausa Arne Scheie frå sin kommentatorplass høgt oppe på tribunen på det ruvande, bratte Stade Vélodrome.
«Det er det», stadfestar makkeren hans, Lars Tjærnås.
«ER DET STRAFFESPARK?» repeterer Scheie, tilsynelatande stadig ute av stand til å tru det som går føre seg framføre auga hans.
«DET ER DET!» ropar Tjærnås, som i triumf, trass i at triumfen straffesparket kan føre til, jo enno ikkje er oppnådd.

Ut frå dei offisielle TV-bileta er det umogleg å seie sikkert om det verkeleg er straffe eller ei. Tore André Flo stod inne i feltet og skulle ta imot ein høg ball frå Erik Mykland og hadde den brasilianske midtstoggaren Júnior Baiano i ryggen. Plutseleg gjekk Flo i bakken, tilsynelatande utan grunn. På reprisane som flimrar over fjernsynsskjermen, er det ikkje mogleg å sjå at Baiano aktivt bidrar til angrepselegantens fall.

Ein uhilda, moderat kynisk observatør vil såleis lett kunne konkludere med at Flo har filma seg til straffe. På hi sida: Flo er ikkje dum. Han veit for det første at han, viss han heldt seg på beina, truleg ville fått kontroll over ballen frå Mykland, noko som kunne ført til ein farleg situasjon framføre det brasilianske målet, og for det andre at det ikkje finst nokon garanti for at ein får straffe berre fordi ein går over ende i feltet, særskilt ikkje i sluttminutta av ein VM-kamp mot Brasil, verdsfotballen og FIFA sine kjæledeggar, ein nasjon der nederlag aldri er akseptabelt, og som i tillegg har knytt prestisje til akkurat denne kampen, både fordi dei tapte 2–4 for Noreg i ein venskapskamp på Ullevaal i fjor, og på grunn av enkelte utsegner den norske landslagssjefen Egil Olsen kom med i forkant av VM om spelestilen til det brasilianske laget.

Oppe på pressetribunen er ikkje desto mindre VM-bokforfattar og Brasil-entusiast Jon Michelet heilagt overbevist om at Flo har filma, og er overmåte nøgd med det. Men Baharmast signaliserer ved svært tydeleg armbruk at Baiano har drege Flo i trøya. Fortørna brasilianske spelarar stimlar ikring han, men Baharmast lèt seg ikkje affisere. Eit smil glid over andletet til den iransk-amerikanske kampleiaren i det han skrid mot straffemerket. Noreg har spelt ein god kamp mot dei regjerande verdsmeistrane.

Vår velorganiserte midtbane og vårt staute forsvar har stort sett nøytralisert verdsstjerner som Ronaldo og Rivaldo, og dei få gongene Brasil har kome til sjansar, har keeper og kaptein Frode Grodås ordna opp. Offensivt har ikkje det norske spelet vore av same klasse som i festframsyninga på Ullevaal i fjor, men det kunne ein kanskje heller ikkje vente no når så mykje står på spel. Lenge lét kampen til å ebbe ut med 0–0, noko som rett nok ikkje ville føre til norsk avansement, men som likevel ville vere ein heiderleg exit frå VM, og som dessutan ville medføre at Noreg heldt på sin status som eit av svært få land med positiv kampstatistikk mot Brasil.

Men så, etter 78 minutts spel, klarte verdas dyraste fotballspelar, den dribleglade venstrevingen Denílson, å tilrane seg ballen i kamp med Henning Berg. Rett nok snubla 21-åringen i det han skulle til å avansere, men snublinga vart på merkverdig vis ei finte som sette Berg ut av spel, og Denílson la ballen inn i feltet der Bebeto, veteranen med den tynne, insektaktige kroppen, hadde frigjort seg frå Ronny Johnsen og stanga ballen i mål bak Grodås, som denne gong var makteslaus.

Det Egil Olsen hadde sagt om det brasilianske laget, var at han meinte at dei ville vore meir effektive viss dei oftare spelte ballen i banens lengderetning, altså slik som Noreg. Dette vart i internasjonal presse utlagt som at Olsen hadde sagt at Brasil ville vore betre viss han var brasiliansk landslagssjef i staden for Mário Zagallo, veteranen som hadde leia Pelé & Co. til verdsmeistertittelen i 1970, og som i tillegg sjølv hadde to VM-gull som spelar. Somme freista jamvel å konstruere ein personkonflikt mellom dei to trenarane.

Sanninga var, ifølgje Olsen sjølv, at dei trass i fotballideologiske skilnader heile tida kom godt ut av det med kvarandre. (Fleire år seinare, då Zagallo var trenar i São Paolo, vitja Olsen han der.) Uansett, etter den brasilianske scoringa gjekk lagkapteinen Dunga resolutt bort til den norske benken og lét som om han klipte av seg tunga, eit klart signal om at han meinte at Drillo var ein liten friskus som av og til burde passe munnen sin. Oppkomlingane frå Nordpolen var sett ettertrykkeleg på plass.

Alt håp var no ute for Noreg. Ingen scorar to mål på Brasil i løpet av tolv minutt (+ tilleggstid) når Brasil ikkje treng gjere noko anna enn å forsvare seg. Ein av mange mytar kring det brasilianske landslaget er at dei er dårlege eller iallfall nonsjalante i forsvar. Denne myten skriv seg frå spektakulære defensive kollapsar i enkeltkampar, men har i liten grad rot i røynda.

Sanninga er at Brasil var pionerar i defensiv organisering, særskilt når det gjaldt soneforsvar og flat firar bak (tilfeldigvis også to av Egil Olsens kjepphestar). I 1986 vart dei det første laget i VM-historia som gjekk gjennom gruppespelet utan å sleppe inn mål. Ei norsk utlikning no ville vere ein sensasjon, eit vinnarmål eit veritabelt mirakel.

Men fem minutt etter Bebeto si scoring mottok Tore André Flo ein pasning frå Stig Inge Bjørnebye. Han trekte seg innover i feltet frå venstre kant, lurte Júnior Baiano og plasserte ballen i det lengste hjørnet for Taffarel. Då Brasil tok leiinga, hadde Egil Østenstad stått klar på sidelinja for å kome inn for Vidar Riseth.

(Det er symptomatisk for Egil Olsen si tilnærming til fotball at den hardtarbeidande, men nokså uspektakulære Riseth i denne turneringa etter kvart vart førsteval på venstre ving. Før Brasil-kampen var Riseth nervøs over å skulle spele mot den uhyre erfarne høgrebacken Cafú,men Olsen stilte han tre enkle spørsmål:
«Er du betre enn han i lufta? Tar du han på fart? Slår du han i duellar?» Riseth svara ja på alle tre. «Ok», sa Drillo. «Gå ut og spell!»)

Østenstad var Noregs hurtigaste spelar, og landslagssjefens resonnement var at han kunne utnytte det bakrommet Brasil gav frå seg stadig meir av i jakta på ei scoring. Men no hadde dei jo fått scoringa dei jakta på, og alt var brått annleis. Då vende midtbanereserven Ståle Solbakken seg til assistenttrenar Nils Johan Semb og sa: Jostein Flo. Semb vidareformidla Solbakkens forslag til Egil Olsen, og Olsen bestemte seg lynraskt for å satse på storebror Flo. Egil Østenstad måtte noko motviljug tusle attende til benken.

Sidan Drillo var og er ein lidenskapeleg kortspelar, har veldig mange kommentatorar i ettertid skildra denne avgjerda som «gambling». Men den norske landslagssjefen gambla sjeldan når han spelte kort. I staden sat han og talde kvart kort som gjekk, slik at han, takka vere det ekstraordinært gode minnet, kunne vite kva kort kvar enkelt av motspelarane sat med når spelet gjekk mot slutten.

Men no var jo spelet nesten slutt, og Brasil sat i realiteten med alle korta. Det var difor tid for å satse på det i fotballsamanheng norskaste av alt norsk: lange pasningar, først og fremst frå venstrebacken Bjørnebye, eit konsept som i norsk fotballterminologi på nittitalet var bortimot synonymt med Jostein Flo, den blonde giganten frå Stryn. Noreg satsa altså på ein nasjonal stereotypi i forsøket på å gjennomføre det umoglege prosjektet «å snu kampen mot Brasil».

Men det er verdt å merke seg at det var den minst langpasningsorienterte spelaren på laget, ballkunstnaren Erik Mykland, som slo den avgjerande pasninga som førte til straffesituasjonen.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent