Josimar

Då Gaddafi nesten vart Manchester United-eigar

Glazer-brødrene har aldri vore populære blant Manchester United-fansen. Men før dei amerikanske turbokapitalistene fikk kloa i klubben, var Libyas diktator Muammar al-Gaddafi svært nære å sikre seg eierskapet.

Tekst: James Montague Oversatt av Nils Henrik Smith

I mai 2005 stod Manchester United ved ein krossveg. Det hadde vore ein likesæl sesong for Alex Fergusons lag. Dei hadde endt på tredjeplass i Premier League og avslutta sesongen trofélause. Det var kun den fjerde gongen i løpet av dei siste 17 sesongane dette hadde hendt.

Fram til då hadde posisjonen til Ferguson vore uangripeleg. Han hadde vunne Premier League åtte gonger, FA-cupen fem gonger, ligacupen, Cupvinnarcupen og, størst av alt, Champions League i 1999, etter ein dramatisk triumf over Bayern München kor innbytarane Teddy Sheringham og Ole Gunnar Solskjær begge scora i avsluttingsminutta. Det var første gong på 15 år at ein engelsk klubb hadde vunne Europas mest prestisjetunge trofé.

Likevel var det no ein seriøs diskusjon – attkjenneleg for ein kvar fallen autokrat – om kor vidt Ferguson hadde vore for lenge i jobben, var fanga av gamle vanar og hadde nådd vegs ende. Eg hugsar at eg vart spurt om å stille på Midtausten-versjonen av Sky Sports, i Dubai, kor eg skulle dele mine tankar om nok eit United-nederlag. Konsensus i studio var klart: Fergusons avgang var no uunngåeleg. Hans tid var omme.

Men Manchester Uniteds skuffande 2004/05-sesong hadde ein annan mogleg årsak: Framveksten av eit nytt kraftsentrum som verka skjebnebestemt til å vippe United ned frå toppen av den engelske fotballpyramiden. Sesongen i førevegen var det Arsène Wengers Arsenal, The Invincibles, som hadde knust alle. Dette året var det Chelsea som hadde vunne sitt første ligameisterskap sidan 1955. I 2003 hadde klubben blitt kjøpt av ein til då lite kjent russisk milliardær ved namn Roman Abramovitsj. Han sprøyta hundretals millionar pund inn i klubben frå Londons vestkant, og omgjorde han til ein ekte europeisk storklubb i løpet av få sesongar. Ingen, ikkje ein gong Manchester United, hadde pengar til å konkurrere på Abramovitsj’ premiss.

Dei engelske toppklubbane hadde fått eit glimt av framtida då Blackburn Rovers vann ligaen i 1994/95 takka vere pengane til den lokale forretningsmannen Jack Walker. Men dette var noko nytt. Å vere multimillionær var ikkje lenger nok for å halde liv i ein toppklubb i Englands øvste divisjon, ikkje ein gong om du var like søkkrik som Walker. Frå 2003 og framover var kun milliardærar gode nok.

Manchester United var ein klubb som hadde stått sentralt i den forbløffande forvandlinga av engelsk Premier League til verdas mest berømte underhaldningsprodukt. No, ved slutten av 2004/05-sesongen, kunne dei velje å gå fleire ulike vegar. Dei kunne gjere som falne gigantar flest: Halde fram som før i trua på at gamle triumfar ville gjenta seg i form av fortsatt suksess i framtida. Eller dei kunne vende seg mot ei ny verd, nye pengar og nytt eigarskap.

Til slutt var det familien Glazer, eit amerikansk dynasti av tøffe forretningsfolk, som vart klubbens nye eigarar takka vere ein ekstraordinær prosess som mellom anna inkluderte ein bitter rettsstrid om ein hest (meir om det seinare). Men heilt fram til siste augneblink kunne Manchester United fått – og fekk nesten – ein heilt annan eigar: Oberst Muammar al-Gaddafi, Broderleg Leiar og Vegvisar for den libyske Revolusjonen.

Hata fotball

«Folk innser ikkje at heile avtalen var ei hårsbreidd unna å gå til Libya», sa Mehmet Dalman, som for tida er formann i Cardiff City, i eit intervju med The Times i 2018. Tilbake i 2004 var Dalman investeringssjef i tyske Commerzbank. Dalman hadde kjøpt 2,5 prosent av aksjane i United ved eit innfall. Deretter bad dei irske hesteløpsmagnatane JP McManus og John Magnier han om å selje deira aksjepost i klubben, som var på 29,9 prosent. Dette var den klart største aksjeposten, og den som til ei kvar tid eigde han kontrollerte i praksis Manchester United. «Gaddafi kjøpte nesten klubben, det var så nære på», sa Dalman. «Vi snakkar bokstaveleg talt om eit par timar.»

Tanken på at ein av verdas mest berykta diktatorar skulle kjøpe Manchester United verkar kanskje i overkant bisarr, men på denne tida var Gadaffi på veg inn i den internasjonale varmen etter at han hadde gitt avkall på å skaffe seg masseøydeleggingsvåpen og trekt attende Libya si mangeårige støtte til ei rad paramilitære rørsler, frå IRA til PLO. Året før, i 2004, hadde den dåverande britiske statsministeren Tony Blair vitja Libya og utveksla eit historisk handtrykk med oberst Gaddafi. «Du ser bra ut, du er framleis ung», sa Gaddafi til Blair. Internasjonale forretningsinteresser flokka seg til Libya for å utnytte landets store oljerikdomar. (OPEC anslår at den libyske råoljereserven er på minst 74 milliardar tønner, som er litt mindre enn den russiske. Men der Russland har 145 millionar innbyggarar, bur det mindre enn 7 millionar menneske i Libya.)


Gaddafi hata fotball. I avsluttingskapittelet av si såkalla «Grøne bok», eit slags kaotisk manifest frå 1975, skildra han si forakt for tilskodarsport. «Dei tusenar som samlar seg på stadion for å sjå, applaudere og le er tåpelege folk som har mislukkast i å utøve aktiviteten sjølv. Dei står der sløve og applauderer heltane som tek initiativet, dominerer på banen og kontrollerer sporten, og dermed utnyttar massane. (...) Sport er ein offentleg aktivitet ein bør utøve, ikkje sjå på.»

Afrikameisterskapet 1982 vart arrangert i Libya, og før opningskampen heldt Gaddafi ein berykta, to timar lang tale kor han avslutta med på følgjande vis: «Ha det dumme spelet dykkar, dumme folk!» Han var intenst sjalu over den hengivenheit og kjærleik fotballen kunne skjenke andre. Som ein tidlegare libysk fotballspelar fortalde meg: «Gaddafi kunne stoppe ligaen, eller forby nummar og spelarnamn på draktene. Han var mistenksam overfor eit spel som, spontant og utan tvang, fekk vanlege borgarar til å skrive namnet til nokon andre på ein husvegg.»

Det same kunne ikkje seiast om son hans, Saadi, som hadde høge tankar om seg sjølv som spelar, først hjå Al Ahly Tripoli og på det libyske landslaget. (Kven kunne, trass alt, nekte diktatorens son å spele?) Seinare, etter at landets forhold til Vesten og særskilt Italia betra seg, investerte Libya sine oljerikdomar i fotball, og kjøpte 7,5 prosent av aksjane i Juventus. Denne ekstravagansen førte til at Saadi signerte for Perugia, Udinese og Sampdoria. I løpet av tida i Italia avla han ein positiv dopingprøve og spelte kun to offisielle kampar. «Far min ser alltid ting i eit politisk ljos», uttalte Saadi i eit intervju med New York Times om Gaddafi seniors lunkne forhold til fotball. «Han forstår ikkje mentaliteten til fotballfans. Dei er ikkje politiske, og eg har fortald han at eg ikkje vil ha noko av dei greiene der. Eg er i lag med han kvar dag, eg forklarar han mentaliteten deira, korleis fotball hjelper unge menneske, korleis det er som å puste for dei.»

Likevel antyda Saadi i det same intervjuet at faren iallfall forstod fotballens politiske potensial. Han vedgjekk at det vart diskuterte ein avtale om at Libya skulle kjøpe ein berømt engelsk klubb for 300 millionar dollar. Men det hadde blitt vanskelegare å gjennomføre avtalen etter at Abramovitsj tok over Chelsea. «Det er som den anglikanske kyrkja, dei vil ikkje at utlendingar skal ta over kontrollen», sa han. «Men det ville forbetre Libyas image.»

Forhandlingane i Tripoli

Så Dalman flaug til Tripoli, hovudstaden i Libya, og fekk nesten til ein avtale med obersten. «Eg hugsar at eg sa: ‘Høyr, de kjøpar den engelske kyrkja, de innser det? Manchester United er som ein religion.’» Timar med tøffe forhandlingar følgte, og Gaddafi pressa Dalman hardt. «Vi klarte berre ikkje å verte einige om prisen», sa Dalman, «men det var veldig nære på».

Ja, det var nære på for Manchester United, og kan kanskje vere ei åtvaring til for andre klubbar – anten det no er PSG, Manchester City eller til og med Newcastle United – om dei moglege konsekvensane ved å i praksis vere eigd av ein stat. I oktober 2011 vart oberst Gaddafi fjerna frå makta i Libya etter ein væpna oppstand. Opprørarane fann han seinare medan han gøymte seg i ei grøft utanfor byen Sirte. Han vart ført i parade gjennom byen, sodomisert med ein bajonett, og til sist skoten på open gate. Saadi flykta til nabolandet Niger, men vart utlevert til heimlandet igjen. I 2015 dukka det opp ein video som viste at han vart torturert. Han vart seinare lauslaten.

Men tilbake i 2005 medførte Gaddafis feilslåtte forsøk på å kjøpe United ein sjanse for ein ny, potensiell oppkjøpar – ein som rett nok hadde mindre politisk bagasje med seg, men som hadde vist seg å vere nesten like upopulær.

Det er mogleg å avlese ein kortversjon av engelsk fotballs økonomiske historie gjennom Manchester Uniteds ulike eigarskaps-sagaer. Klubben vart grunnlagt under namnet Newton Heath i 1878, som eit bedriftslag knytt til jernbanen i Lancashire og Yorkshire. Etter ein nesten-konkurs i 1902 vart klubben redda av fire lokale forretningsmenn – inkludert bryggerieigaren John Henry Davies, som vart utpeikt til klubbformann – og tok namnet dei har bore sidan. Fem år seinare vart United, som mange engelske klubbar på denne tida, eit «limited company» (britisk føretaksform som liknar på, men ikkje er heilt identisk med, det vi på norsk kallar aksjeselskap, overs. komm.). Dette gjorde det mogleg å låne pengar til å byggje eit stadion. Den berømte skotske arkitekten Archibald Leach fekk oppdraget med å teikne det som skulle verte Old Trafford, som opna i 1910.

Etter John Henry Davies’ død i 1927 stod United atter på konkursens rand – inntil James Gibson, ein lokal entrepenør som hadde tent seg rik på å produsere uniformar for den britiske hæren, redda klubben i 1931 ved å investere 30 000 pund, som tilsvarar om lag to millionar pund etter dagens kurs. I 1962 byrja Louis Edwards – ein lokal slaktar med forretningssans og ven av Sir Matt Busby – å kjøpe seg inn i klubben ved å bokstaveleg tala banke på aksjonærane sine dører og tilby seg å overta aksjepostane deira mot eit rimeleg vederlag. I 1965 vart han formann. Då han døydde i 1980 – nokre månader etter at eit britisk TV-program kom med alvorlege korrupsjonsanklagar mot han, anklagar han ikkje fekk nokon sjanse til å forsvare seg mot – tok sonen hans, Martin, over. Edwards junior freista ved talrike høve å selje United. Han møtte svindlaren Robert Maxwell for å diskutere eit mogleg sal for ti millionar pund i 1984. Fem år seinare kom han svært nær å selje klubben til eigedomsbaronen Michael Knighton, men ein avtale verd 20 millionar pund kollapsa. Deretter, i 1991, gjorde Martin Edwards Manchester United til eit børsnotert selskap, noko som gjorde det mogleg for kven som helst med nok pengar og finanstalent å ta over klubben.

Murdoch prøver seg

På 1990-talet opplevde engelsk fotball ein boom når det gjaldt TV-inntekter. I ein epoke kor United dominerte sportsleg, vart klubben ein bærebjelke i Rupert Murdoch og Sky Sports’ nye pay-per-view-modell. Uniteds suksess spegla på sett og vis Murdochs. Så det var inga stor overrasking då nettopp Murdoch, i 1998, la inn eit bud for å kjøpe klubben for 623,4 millionar pund – ein svær sum på den tida. Likevel – oppkjøpet vart møtt med sterk mistru i England. Supporterane var opprørte over verdikollisjonen mellom spelets tradisjonelle arbeidarklassekultur og dets hurtige kommersialisering – stigande billettprisar, stadionar med kun sitteplassar, kravet om å måtte betale store, månadlege pengesummar for å kunne sjå fotball på TV. I tillegg til denne interessekonflikten var det òg blanda kjensler innad i den då nyvalde Labour-regjeringa. Statsminister Tony Blair hadde gjort sine hoser grøne for Rupert Murdochs høgrevridde tabloidaviser for å sikre seg deira støtte før valet i 1997. Han fekk støtta han trong og gjorde dermed slutt på 18 års samanhengande konservativt Tory-styre. Men mange av Labours parlamentsmedlemmer var djupt skeptiske til den makta Murdoch hadde fått i britisk samfunnsliv, og bodet hans på Manchester United vart oversendt til konkurransetilsynet. Det vart avvist.

Etter tusenårsskiftet byrja ein amerikansk milliardær ved namn Malcolm Glazer å kjøpe opp aksjar i klubben i det stille. Glazer var ein skarptenkt forretningsmann som hadde bygd opp formua si gjennom eit konglomerat av bedrifter i ulike bransjar – frå helse via kringkasting til olje. Grunnmuren i Glazers forretningsimperium var eigedom – først og fremst shopping-senter – men det han alltid hadde ynskja å få fatt i var ei sports-franchise, noko han praktisk talt såg på som ei pengepresse. Ved tre ulike høve hadde han utan hell freista å kjøpe ein franchise i NFL – trass i at han ikkje visste noko som helst om amerikansk football. På det fjerde forsøket hadde han omsider heller med seg og kjøpte Tampa Bay Buccaneers, korpå han delegerte ansvaret for klubbens daglege drift til sønene Joel, Bryan og Edward. Ti år etter å ha kjøpt seg inn i NFL vende Malcolm Glazer merksemda si mot engelsk fotball, i trua på at spelet i Europa var modent for å verte «rasjonalisert» i tråd med den amerikanske franchise-modellen. Han visste nøyaktig like mykje (altså lite) om fotball som han hadde visst om football på det tidspunktet han kjøpte Buccaneers. Men ein fjerde av sønene hans, Avram, var ein ihuga soccer-fan, og familien visste korleis ein tener pengar på eit idrettslag. Og det fanst ikkje noko betre lag å utnytte kommersielt enn Manchester United, ein klubb som ikkje berre var eit internasjonalt anerkjent varemerke, men kor eigarskapsstrukturen var nær kollaps på grunn av sæden til ein veddeløpshest.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent