Josimar

Samling i Bonn

Berlinmuren skilde aust frå vest, Helmut Kohl var forbundskansler, Derrick regjerte på Detektimen, Modern Talking toppa hitlistene og Bonn var hovudstad. Bli med tilbake til tiåret då Bundesliga plutseleg vart overfylt av norske spelarar

Tekst: Nils Henrik Smith

PARKSTADION, BAUNATAL, HESSEN, 14.11.1979: Det norske OL-landslaget møter Vest-Tyskland til avgjerande kvalifiseringskamp. Med siger vil Noreg vere klar for deltaking i den olympiske fotballturneringa for første gong sidan Bronselaget sine bravadar i Berlin i 1936. Arne Larsen Økland scorar kampens einaste mål i det 78. speleminutt. På denne tida finst inga aldersgrense for å spele olympisk landslagsfotball, til gjengjeld vert amatørreglementet handheva strengt. Vest-Tyskland kan difor ikkje stille med alle sine beste menn frå Bundesliga, men det er likevel ein sterk prestasjon av det norske laget, og stemninga i garderoben etter kampen er høg. Enno veit ingen at dei skal verte frårøva sjansen til å delta i OL fordi Noreg følgjer USA sitt initiativ og boikottar leikane i Moskva på grunn av den sovjetiske invasjonen i Afghanistan. Dei norske spelarane reiser glade heim, kvar til sitt.

Eit par veker seinare landar eit privatfly på Kristiansand lufthamn, Kjevik.

Flyet tilhøyrer Adidas, eit av dei mektigaste konserna i idrettsverda og stolt utstyrsleverandør til, sponsor for og samarbeidspartner med FC Bayern München, flagskipet i vest-tysk klubbfotball, tre gonger vinnar av Europacupen for serievinnarar. Om bord i flyet sit Uli Hoeness. Det er ikkje meir enn fem og eit halvt år sidan han vart verdsmeister i fotball på heimebane og berre nokre månader sidan han la opp som spelar, men i ein alder av 27 er han allereie utnemnt til manager* i klubben han representerte i nesten heile si relativt korte, men likevel eksepsjonelt suksessrike spelarkarriere. Kva tenkjer Hoeness, mannen frå fotballmetropolen München, i det han grip dokumentmappa, reiser seg frå setet og skrid ut i novembertåka på ein norsk provinsflyplass? Det er det ingen som veit. Det vi veit, er at Uli Hoeness er ein målmedviten og viljesterk mann. Han har kome til Noreg i eit oppdrag, og oppdraget er å få ein av dei norske heltane frå Baunatal til å skrive under på ein proffkontrakt. Og nokon i maktens korridorar hjå Adidas har altså vurdert dette oppdraget som så viktig at dei har late Hoeness låne eit fly for å gjennomføre det.

Samstundes, i Moss, sette Einar Jan Aas seg inn i ein bil i lag med dei to lokale klubbleiarane Bjørn Kjell Hansen og Morten Westheim for å køyre til Kristiansand. Aas var 24 år gamal og hadde vore ein sentral spelar då Moss FK spelte seg opp i 1. divisjon nokre år tidlegare, og hadde sidan etablert seg som ein av dei dyktigaste midtstoggarane i norsk fotball. Grunnen til at trioen sette kursen for Sørlandet, var at den dåverande Start-formannen Erik Stallemo skulle bistå i forhandlingane. Stallemo hadde erfaring med utanlandske proffoppkjøparar frå den gongen Start selde Svein Mathisen til skotske Hibs, og «Matta» hadde tipsa landslagskollegaen Aas om at han var ein god mann å ha med på laget. Det var ikkje første gong profesjonelle klubbar på kontinentet hadde fatta interesse for Aas – mellom anna hadde den nederlandske storklubben Feyenoord og Bayern München sine (dåverande) erkerivalar Borussia Mönchengladbach allereie hatt han i kikkkerten. Men denne gongen var det altså alvor. Partane vart einige utan større vanskar, og same dag vart den lange, elegante nordmannen med Hoeness attende til München i Adidas-flyet for å gjennomføre fysisk test. Då denne var vel overstått, hadde norsk fotball fått sin første Bundesligaproff.

Arven etter «Assi»

Ingen veit sikkert kven som var den første nordmannen som spelte fotball i utlandet, men allereie på 1920-talet var Asbjørn Halvorsen frå Sarpsborg senterhalf og storstjerne på Hamburger Sportverein, som vann to tyske og ti regionale meisterskap i løpet av tida «Assi» bar kapteinsbindet på laget, og han er stadig rekna som ein av dei aller største spelarane i HSV si heiderskronte historie. Fleire andre nordmenn skal ha kombinert studiar eller arbeid i Tyskland med fotballspel i same periode, dog utan same suksess som Halvorsen. Tysk fotball heldt imidlertid stadig på amatøridealet på denne tida (og, iallfall i teorien, heilt fram til Bundesligaen vart grunnlagt i 1963), og Halvorsen dreiv sitt eige spedisjonsfirma ved sidan av fotballkarriera. Den første profesjonelle norske spelaren var såleis etter alt å døme Thøger Nordbø, ein bankmann frå Oslo som representerte Club Français i Paris i den då nystarta Ligue 1 i 1932-33. Byrjinga på Nordbø si proffkarriere har elles eit fascinerande fellesstrekk med Aas’ nesten femti år seinare, nemleg at han òg vart henta nedover med privatfly(!) Dét kunne fått katastrofale konsekvensar: Ifølgje ein artikkel av Peder Samdal hjå idrettsnettstaden Olympiastadion byrja nemleg flymotoren å brenne medan flyet var i lufta, men piloten – ein tidlegare krigsflygar frå 1. verdskrigen – klarte på eit eller anna vis å lande utan at verken han sjølv eller passasjeren hans kom til skade. 


Seinare på 1930-talet skal både Arne Brustad og Reidar Kvammen ha fått kontraktstilbod frå sjølvaste Arsenal, men takka nei, visstnok fordi reglementet på den tida var slik at amatørar som meldte overgang til proffklubbar måtte sone eit års karantene. Også i etterkrigstida baud ei streng fortolking av amatøridealet på problem for nordmenn som ville prøve lukka i utlandet, ettersom profesjonelle spelarar ikkje fekk lov til å representere landslaget. Ikkje desto mindre leverte vi ei handfull utøvarar til ikkje ubetydelege fotballnasjonar som Italia (Per Bredesen, Ragnar Larsen m.fl.), Skottland (Roald «Kniksen Jensen, Finn Seemann; seinare Svein Mathisen og Isak Arne Refvik), Nederland (Harald Berg, Roger Albertsen) og Belgia (Odd Iversen). I motsetting til kva som var tilfellet hjå våre skandinaviske broderfolk – som særleg på 1950-talet sendte ein bråte spelarar til Serie A – var norsk spelareksport dog aldri stor nok til at nordmenn vart dominerande i nokon annan liga enn den norske. Men Einar Aas’ overgang til Bayern München skulle vise seg å innevarsle eit paradigmeskifte, og i løpet av 1980-talet vart Noreg ein av dei viktigaste leverandørane av arbeidskraft til Bundesligaen.

Breitner og Rummenigge

Aas debuterte for Bayern mot Schalke 04 heime på Olympiastadion i januar 1980. Han seier at atmosfæren i garderoben sjølvsagt var annleis enn heime hjå kameratgjengen i Moss, men at han fekk ei grei mottaking. Dieter Hoeness – yngre bror av Uli – kom bort og spurte om han snakka engelsk, noko som ikkje var så vanleg for tyske fotballspelarar den gongen. Norbert Janzon hadde svensk kone og snakka svensk. Dette gjorde det enklare den første tida. Etter kvart vart òg hans eigen tysk betre. Bayern hadde eit stjernespekka mannskap med spelarar som Klaus Augenthaler, Paul Breitner og Karl-Heinz Rummenigge, men Aas seier likevel at han reiste ned i forventing om å spele seg til fast plass på laget. Han meiner dette kanskje var eit utslag av «overdriven sjølvtillit», men på den andre sida: Utan den sjølvtilliten kjem du aldri i nærleiken av kontrakt med eit tysk topplag. Bayern hadde ikkje kjøpt han viss dei ikkje visste at han var god. Overgangen frå norsk 1. divisjon var stor kva gjaldt tempo, fysikk og teknisk kvalitet, men Bayern hadde ikkje like sterkt fokus på mannsmarkering som mange andre tyske lag på den tida. Aas meiner òg at han drog fordel av at Moss-laget han kom frå hadde ein «kontinental» spelestil. Han klarte aldri å etablere seg som førsteval i midtforsvaret, men spelte likevel nok kamper til å verte ligameister begge sesongane han var i klubben. Aas seier at han kom godt overeins med dei fleste medspelarane, men ikkje med trenaren, ungarske Pál Czernai. 


Problemet var at han aldri fekk skikkeleg tilbakemelding på kva aspekt ved spelet hans som ikkje var godt nok. Czernai var meir oppteken av å herse enn å hjelpe han til å verte betre. Ein frykteleg god trenar, men mindre dyktig på det mellommenneskelege, oppsummerer Aas. På eit tidspunkt bad han faktisk om lov til å dra heim til Moss, fordi han ville spele kampar kvar helg. Å vere proff kun for å vere proff var ikkje noko mål i seg sjølv. Men så kom Nottingham Forest på banen. Under Brian Clough hadde Skogvaktarane spelt seg opp frå 2. divisjon, vunne ligameisterskapet som nyopprykka lag og deretter sjølvaste Serievinnarcupen to år på rad. No ville Clough ha den norske elegantiaren Aas som ny krumtapp i midtforsvaret. Det seier ein heil del om Aas’ kvalitetar som spelar at han vart henta av ein klubb av Forest sitt kaliber trass i at han ikkje spelte fast i Bayern. Han hugsar tida i England som «fantastisk bra» fram til han hadde uflaks og brekte beinet, noko som markerte avsluttinga på proffkarriera. Aas reiste etter kvart heim til Moss og leia klubben til sitt første og hittil einaste seriemeisterskap i 1987, før han la opp.

Kranførar og agent

Samstundes som Aas sprang rundt på Bayerns grøne grasmatter og freista å imponere Pál Czernai, var ein annan nordmann kome i proffklubbane sitt søkeljos. Det var Arne Larsen Økland, helten frå kvalifiseringskampen i Baunatal. I likskap med Aas hadde bømlingen Økland imponert for eit lag som i løpet av 70-talet hadde tatt steget opp til 1. divisjon og etablert seg som eit lag å respektere, nemleg Bryne. Økland var ein slepen og målfarleg angripar, og kven vil vel ikkje ha ein slepen og målfarleg angripar på laget? I 1979 hadde han takka nei til ein overgang til austerrikske Sturm Graz, og hadde òg vore på prøvespel i Norwich City. Samstundes levde det på denne tida ein tyskar som heitte Joachim Bähr i Göteborg. 

I det sivile liv var Bähr kranførar, samstundes som han var ein ein fotballinteressert mann med gode kontaktar i fleire profflklubbar i heimlandet. Göteborg er jo ikkje langt frå Oslo, og det hendte at Bähr sette seg i bilen og køyrte til Ullevaal for å sjå det norske landslaget i aksjon. Bähr var aldri agenten til Økland, men han trekte i nokre trådar og såg til at nordmannen vart invitert på prøvespel i Bayer Leverkusen. Dét gjekk ifølgje Økland sjølv «tóleg greitt», men trenar Willibert Kremer var ikkje heilt overbevist. Ifølgje boka Proffliv, ført i pennen av Otto Ulseth i 1985, syntest Kremer at Økland var «tafatt og uten kraft» og var innstilt på å sende han heim, men då kom klubbens 37 år gamle veteranmålvakt Fred Bockholt til unnsetting! Økland og Bockholt hadde køyrt spesialtrening i lag etter at fellestreningane var over, og målvakten meinte å ha sett noko i den norske krølltoppen som Kremer hadde oversett. I kraft av si erfaring var Bockholt ein mann som vart lytta til i Leverkusen, og mot slutten av treningsopphaldet var klubbleiinga innstilt på å tilby han kontrakt. 

Dermed vart det forhandlingar med Bryne, og som tilfellet òg hadde vore då Einar Aas melde overgang til Bayern München fann desse stad i Kristiansand fordi Erik Stallemo skulle bistå. Ifølgje boka Opp og ned gjennom 90 år – historien om Bryne FK fann forhandlingane stad i «ein gemyttleg tone», og Økland vart raskt einig med Leverkusen om sin personlege kontrakt. Det som derimot skapte ei viss floke var det nøyaktige tidspunktet for overgangen. Den vest-tyske forhandlingsdelegasjonen ynskja naturleg nok at Økland skulle skrive under snøggast råd, medan Bryne-leiarane var bekymra fordi ein klausul i kontrakten hans med jærklubben tilsa at hans tidlegare klubb Vard skulle ha 50 % av overgangssummen viss han melde overgang før 1. april 1980. Til sist vart ein einige om eit kompromiss, og Økland uttalte til Stavanger Aftenblad: «Jeg synes Bryne-ledelsen har vært så imøtekommende og hjelpsom når det gjelder min proffkontrakt at jeg så gjerne spiller vårsesongen i klubben selv om det har sine ulemper.» (Vard klaga seinare saka inn for Lovkomiteen i Noregs Fotballforbund, og etter mykje om og men endte det heile med at Haugesundsklubben aksepterte ein mindre økonomisk kompensasjon.)


Sesongen 1980 vart den til då beste i historia til Bryne FK. Då Økland forlot klubben ved halvspelt serie toppa laget førstedivisjonstabellen to poeng foran Start, men til slutt var det sørlendingane som kunne juble for gull etter ei av dei mest dramatiske sesongavsluttingane i norsk fotballhistorie. På Jæren vil ein alltid spekulere i om utfallet kunne vorte annleis viss meisterangriparen Økland hadde fullført sesongen for klubben, men ifølgje hovudpersonen sjølv var det aldri noko aktuelt tema. I staden reiste han til Vest-Tyskland for sesongoppkøyring med sitt nye lag. Det var ein brutal overgang. Økland seier han vart «køyrt heilt i kjellaren» på treningsleir. Sosialt var det sjølvsagt òg ein viss skilnad på ein proffklubb frå ein stor og mektig fotballnasjon som den vest-tyske samanlikna med det vesle mønsterbruket Bryne på den norske landsbygda. 

Det var ei anna rangordning, ein annan mentalitet. Ein måtte sette seg i respekt. Økland seier at dette gjekk greitt for hans eigen del, og at han kom godt ut av det med dei fleste lagkameratane. Men lønsstrukturen i vest-tysk fotball på denne tida gjorde ikkje desto mindre spelarane til konkurrentar på ein annan måte enn kva tilfellet var her heime. Dei hadde ifølgje Økland ei «fornuftig grunnløn» – på toppen av dette kom felles bonusar for oppnådde poeng i serien og individuelle bonusar for dei som faktisk starta kampane. Å vere fast på laget tyda med andre ord ikkje berre mykje når det gjaldt status og sjølvkjensle, men var òg ein betydeleg faktor for privatøkonomien. Dette må naturleg nok ha hatt ein viss innverknad på miljøet i garderoben. I Proffliv kjem dette til uttrykk gjennom ei setning som tilkjennegjer ein tidstypisk motvilje mot sjølve konseptet «profesjonell fotball»: «Det var én eneste årsak til at de var sammen: de tjente penger på det.»

Bayer-konsernet var (og er) den største arbeidsgjevaren i Leverkusen, og på byrjinga av 1980-talet var det stadig slik at alle spelarane i Bundesligaklubben Bayer Leverkusen formelt var tilsette i konsernet. Alle hadde difor, iallfall i teorien, ein «sivil» jobb ved sidan av fotballen. Arne Larsen Økland var utdanna revisor og hadde medan han spelte for Bryne hatt fast, full jobb på fylkesskattekontoret i Rogaland. Som proff i Leverkusen fekk han tildelt eit kontor og skulle jobbe ein dag eller to i veka i skatteavdelinga hjå klubbens eigarar. Men det tyske skattesystemet var ikkje så enkelt å forstå, og Økland fortel at denne «jobben» etter kvart opphøyrte meir eller mindre av seg sjølv. Han understreker dog at mange av dei lokale spelarane i klubben samvitsfullt skjøtta deltidsjobbane sine, fordi dei visste det ville opne for trygge stillingar i konsernet når proffkarriera ein dag var over.

Årets lag i Kicker

Overgangen frå norsk førstedivisjon til Bundesliga var ikkje berre stor fysisk og sosialt, men òg ikkje minst taktisk. Frå tida under trenarpioneren Kjell Schou-Andreassen i Bryne var Økland van med sonespel, men i Vest-Tyskland var det stadig mannsoppdekking som gjaldt. Sjølv om ein spelte i angrep, måtte ein følgje «sin» midtstoggar viss han avanserte framover på banen. Etter kvart gjekk enkelte lag over til såkalla «Raumdeckung», altså den defensive hybriden vi på norske ville kalle markering i sone. Men klassisk soneforsvar skulle forbli kontroversielt og til dels latterleggjort i tysk fotball i mange år framover. 

Økland starta på benken i den første seriekampen sesongen 1980/81, borte mot Kaiserslautern, men i løpet av dei tjue minutta han fekk som innbytar i andre omgang rókk han å få både ein alboge i ribbeina og eit kne i låret frå sin oppassar, jernmannen Hans-Peter Briegel. Ikkje desto mindre fekk han tillit frå start i neste seriekamp, derbyet mot Köln, og scora sitt første bundesligamål mot sjølvaste Harald Schumacher. Peter Szech, toppscoraren til Leverkusen sesongen før, var – iallfall viss vi skal stole på framstillinga til Ulseth i Proffliv – mildt sagt ikkje blid, men det kunne jo ikkje Økland ta omsyn til. Han scora igjen mot Eintracht Frankfurt, før han slo til med hat-trick mot Borussia Dortmund, samtlege mål etter utoverskrudde bananinnlegg frå den vesle vingen Wolfgang Vöge. Men så kom ein tyngre periode. Leverkusen vann ikkje éin kamp mellom midten av oktober og byrjinga av mars, og Økland sjølv noterte seg kun for tre scoringar i løpet av dei tretten kampane dei spelte i denne perioden. Så, den 7. mars, opprann dagen då han skulle sørgje for at namnet Arne Larsen Økland aldri vert gløymt av historiemedvitne tyske fotballentusiastar. 

Bayern München, både regjerande og komande seriemeister, kom på vitjing til Ulrich-Haberland-Stadion. Før kampen forklarte Willibert Kremer at oppgåva til Økland ganske enkelt var å springje frå Klaus Augenthaler. Lettare sagt enn gjort, tenkte bømlingen. Den framtidige verdsmeisteren Augenthaler var berre 23 år gamal på dette tidspunktet, men allereie ein frykta forsvarsspelar. Men Kremer insisterte på at Økland var raskare enn Augenthaler på dei første metrane, så det var ikkje anna å gjere enn å prøve. Einar Aas, i sin siste kamp for Bayern München, spelte libero og skulle ordne opp viss Leverkusen-angriparane kom seg fri frå oppassarane sine.

Etter 24 minutts spel stod det 3-0 til Bayer Leverkusen. Arne Larsen Økland hadde scora alle tre måla.

Dét var sjølvsagt stort – ja, nærast ufatteleg stort – i seg sjølv. Men det var ikkje dei tre måla som var grunnen til at Økland udødeleggjorde seg sjølv denne dagen. Midtvegs i andre omgang fekk han ein sjanse til å score igjen. Som så ofte kom pasninga frå venen Wolfgang Vöge ute på høgresida. Økland vrei seg og freista å styre ballen mot mål, men trefte berre yttersida av nettet. Men dommar Udo Horeis peikte mot midtstreken. Mål! Men det var jo ikkje mål? Ballen hadde ikkje vore inne! Superstjernene Paul Breitner og Karl-Heinz Rummenigge protesterte iherdig. Fleire av Leverkusen-spelarane hadde òg ein berettiga mistanke om at målet ikkje var noko mål, men Horeis stod på sitt. Då steig Arne Larsen Økland fram og sa det som det var, og etter at han hadde sagt det som det var, annullerte dommaren målet. Leverkusen vann 3-0. 

Etter kampen, direkte på TV, freista Horeis – «dommersniken», som Ulseth kallar han – å snu situasjonen på hovudet ved å hevde at det var han som hadde spurt Økland om ballen var inne eller ei. Økland sjølv avviser dette, men gjev likevel uttrykk for ein viss sympati for den stakkars kampleiaren. Han var ein lovande dommar på veg opp og fram, men fekk meir eller mindre karriera øydelagt på grunn av denne tabben. Det er uansett ingen grunn til å tvile på at Økland «annullerte» sitt eige mål på eige initiativ, og han mottok då òg velfortent hyllest for si gode sportsånd frå eit nær sagt samla vest-tysk fotballmiljø. Den einaste dissidenten var dåverande Hamburg-manager Gunther Netzer, som meinte det var «amatørmessig». Same kveld var Økland gjest i sportsstudioet til ZDF i Frankfurt. Her fortalde han ikkje berre om hat-tricket og det sjølvannullerte fjerdemålet, men òg om kaninane på verandaen utanfor rekkehuset i Leverkusen og om torskefiske utanfor Bømlo. Etter dette var han, med Ulseths ord, «nasjonal eiendom også i Vest-Tyskland».

Arne Larsen Økland avslutta sin første sesong i Bundesliga med seksten scoringar og kom på årets lag i det notorisk strenge fotballmagasinet Kicker – i lag med mellom andre Breitner, Briegel, Rummenigge, Mannfred Kaltz og Bruno Pezzey. Han var ei stjerne i ein av verdas største fotballnasjonar. Leverkusen var eit ustabilt lag i den perioden han var der – sesongen 1981/82 måtte dei faktisk ut i opprykk/nedrykk-playoff mot Mainz – men Økland var lagets toppscorar alle tre sesongane og i den siste var han sågar kaptein, vald av spelarane sjølv. Han hadde ettertrykkeleg bevist at nordmenn kunne lukkast i vest-tysk fotball, og vart såleis ein døropnar for dei etter kvart mange landsmennene som følgte etter han. (Seinare skulle han òg bidra til å opne dører på meir direkte vis, noko vi kjem attende til etter kvart.) 

Han kunne forlenga kontrakten med Leverkusen etter 1983-sesongen, men fekk eit tilbod frå hardtsatsande Racing Paris og syntest det verka forlokkande å spele og bu i den franske hovudstaden. Tida i Paris vart ei variabel erfaring – opprykk den første sesongen, utanomsportsleg uro, skadeproblem og nedrykk den andre. Sommaren 1985 var han 31 år gamal, men hadde stadig ei høg stjerne i Vest-Tyskland, og fleire klubbar freista å overtale han til å returnere til Bundesliga. Willibert Kremer, gamletrenaren frå Leverkusen, ville ha han til Fortuna Düsseldorf, medan Bayern Uerdingen, som var klare for europeisk turneringsspel etter å ha slått Bayern München i cupfinalen, òg la eit både økonomisk og sportsleg attraktivt tilbod på bordet. Men det nye huset på Bryne stod innflyttingsklart, og familien ville gjerne heim. 

Både Brann og Viking ville gjerne ha han, med førstnemnte var uaktuelt av geografiske årsaker, og, som han så klokt uttrykte det: «Går jeg til Viking, må jeg antakelig ha politibeskyttelse rundt huset her på Bryne.» Den hausten redda han truleg gullfavorittane frå Jæren frå nedrykk med sin klasse, målteft og erfaring. Avgjerda fall i siste serierunde heime på Bryne stadion, kor nettopp Viking var gjestar. Heimelaget vann 2-0, og veteranen Økland scora begge måla. To år seinare sette han punktum for ein stor karriere ved å leie Bryne til sin første og (hittil) einaste cuptriumf over Brann på Ullevaal.

Vossing og bridge-spelar

Omtrent samstundes som Arne Larsen Økland etablerte seg i Bundesliga, flytta ein ung mann frå Voss til Nürnberg for å studere økonomi. Ingen kunne vite det då, men dette valet av studiestad skulle få avgjerande konsekvensar både for norsk og til dels vest-tysk fotball. Den unge vossingen var nemleg ein entusiastisk bridge-spelar, og meldte seg følgjeleg inn i ei lokal bridge-foreining for å dyrke lidenskapen sin for dette forunderlege kortspelet. Gjennom bridge-foreininga knytte han kontaktar med fleire sentrale aktørar i tradisjonsklubben 1. FC Nürnberg, det eine førte til det andre, og før nokon visste ordet av det var Rune Hauge tilsett i klubbadministrasjonen i ei rolle som ofte vert omtalt som «co-manager», kor han hadde ansvar for så pass ulike felt som marknadsføring og speiding. 

Med ein nordmann sentralt plassert i klubben var det ikkje overraskande at Nürnberg etter kvart byrja å kaste sine speidande blikk nordover. Den første nordmannen som vart invitert ned var Anders Giske. Den unge kristiansundaren hadde gjort seg positivt bemerka både for det dåverande heislaget Brann og for landslaget, kor han mellom anna (i lag med både Økland og Aas) hadde vore med på den klassiske triumfen over England på Ullevaal, og hadde klare ambisjonar om å verte proff. Giske var på prøvespel i både Köln og Nürnberg, og fekk kontraktstilbod frå sistnemnte. I Noreg hadde han først og fremst operert som midtbanespelar, og scora faktisk heile elleve mål i sin siste sesong for Brann, men då han kom til Vest-Tyskland midtvegs i sesongen 1983/84 satsa den ferske Nürnberg-trenaren Heinz Höher på han som markeringsstoggar. 

Giske var van med å spele mann mot mann på midtbanen og kjente seg komfortabel som duellspelar. Debutsesongen endte med nedrykk, men Giske gjorde det personleg så bra at fleire andre bundesligaklubbar gjerne ville ha han. Ein av styrkane til Giske var at han var ein anvendeleg spelar: Nyopprykka Schalke 04 ville bruke han som libero, medan Bayer Leverkusen var interessert fordi han var eit venstrebeint alternativ både på den sentrale midtbanen og som vingback. Han valde sistenemnte klubb, men tida i Leverkusen vart ikkje heilt som håpa. Han pådrog seg tidleg ein skade i ein kollisjon med ein belgisk målvakt i ein treningskamp, det var ein dårleg start. Når han omsider kom inn på laget, vart han brukt mykje på venstresida, trass i at han alltid hadde trivdest best sentralt. Dessutan fekk Giske og kona sitt første barn i løpet av sesongen i Leverkusen – sonen hadde kollik i tre månader, noko som naturleg nok påverka nattesøvnen og følgjeleg prestasjonane på banen. I mellomtida hadde Nürnberg spelt seg opp igjen i Bundesliga. 

Trass i sportsleg suksess var det ein turbulent sesong kor konfliktlinja gjekk mellom dei eldre og dei yngre spelarane på laget. Veteranane tapte maktkampen, og då Giske returnerte til klubben hausten 1985 var han brått ein av dei mest erfarne spelarane på laget i ein alder av berre 26. Nürnberg vart på denne tida eit springbrett for karrierane til unge, vest-tyske talent som Andreas Köpke, Roland Grahammer, Stefan Reuter og Dieter Eckstein. Det var eit offensivt lag med hurtige spelarar som var gode med ballen, men dei tok ofte for stor risiko og var sårbare for kontringar. Giske si oppgåve var å tette igjen defensivt og halde tilbake lagkameratane når dei angreip, slik at midtbanen ikkje vart tømt for spelarar. Denne oppgåva løyste han med bravur, og trass i at Nürnberg berre unngjekk playoff-plassen med eitt poengs margin kom nordmannen på årets lag i Kicker. 

Samstundes hadde klubben òg sikra seg fleire nordmenn. Bjørn Gulden sleit med skadar og klarte aldri å markere seg (men skulle seinare ta igjen sitt món i den tyske og internasjonale idrettsverda som administrerande direktør i Puma), medan Jørn Andersen vart ein suksess i angrep. Med Giske som kaptein og forsvarssjef synte laget betydeleg framgang dei neste to sesongane, og i 1987-88 vart dei nummer fem i Bundesliga og kvalifiserte seg for UEFA-cupen. Denne suksessen førte til at mektigare og rikare klubbar for alvor fatta interesse for dei unge Nürnberg-talenta – Grahammer og Reuter gjekk til Bayern München, Andersen og Eckstein til Eintracht Frankfurt. Likevel var det stadig nok kvalitet i laget til å konkurrere på jamnbyrdig fot med AS Roma i UEFA-cupens 1. runde, ein stor prestasjon i ei tid då Serie A var den utan samanlikning beste ligaen i Europa. Nürnberg vann faktisk 2-1 på bortebane mot Rudi Völler & Co. (Souleymane Sané, faren til Leroy, scora det første målet), men tapte knepent samanlagt etter 1-3 etter ekstraomgangar heime. Bundesligasesongen vart dog skuffande, og klubben berga plassen kun takka vere betre målforskjell enn sine rivalar i nedrykksstriden.


Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent