Josimar

Det største i verda

Det var kaldt, resultatet vart ikkje slik eg ynskja og dommaren og hans assistentar skal prise seg lukkelege over at eg aldri kommenterer innsatsen til dommaren og hans assistentar. Likevel – det var herleg å endeleg vere på fotballkamp med favorittlaget igjen!

Tekst og foto: Nils Henrik Smith

Eg har heia på Bryne sidan 1987. I løpet av denne tida har eg sjølvsagt gått glipp av mange kampar, men det har aldri før hendt at min første kamp for sesongen er så seint som i slutten av september. Det skuldast sjølvsagt at sesongen 2020 er ein annleis-sesong, i Noreg som (nesten) overalt elles i verda. Koronapandemien førte til at sesongen kom i gong først fleire månader seinare enn planlagt, dessutan har publikumsrestriksjonar heile tida vore i kraft. I staden har eg sett mitt kjære fotballag på nett-TV via mitt digitale Jærbladet-abonnement, og det eg har fått sjå har både gleda og overraska meg. Før denne serierunden toppar Bryne tabellen i PostNord-ligaen avd. 2.

Det er kanskje ikkje så mykje å skryte av for ein klubb som har feira triumf på Ullevaal og servert Enzo Scifo komler*, men trass alt klar framgong samanlikna med kva vi har vore vane med sidan klubben for første gong i mi levetid rykka ned på nivå tre i 2016. I 1987 var Bryne best i Noreg og følgjeleg òg klart best i Rogaland, i fjor endte laget på 10. plass i si PostNord-ligaavdeling og var med det fylkets femte beste klubb, etter Viking, Haugesund, Sandnes-Ulf (grøss!) og Egersund. Eg skal ærleg vedgå at eg var mellom dei som tvilte sterkt på at trenar Jan Halvor Halvorsen skulle klare å snu den vonde trenden, men lite gledar meg meir enn å erkjenne at eg tok feil. Før årets sesong gjorde klubben ein god jobb med spelarlogistikken – spesielt har måltjuven Joacim Holtan og den kjappe vingen Thierry Dabove vore viktige for at Halvorsens føretrekte 4-3-3-system har fungert. Men viss ein skal kunne gjere seg håp om å halde på spelarar av ein slik kvalitet må det helst rykkast opp, og då må lag som Bærum overvinnast. Laget til den gamle driblekunstnaren Jan Derek Sørensen vinn nesten aldri – problemet, sett frå ein brynosentrisk ståstad, er at dei nesten aldri tapar heller! Før denne kampen har bæringane spelt uavgjort 1-1 fire gonger på rad.

Sandvika stadion er ikkje eit stadion som stadfestar dei fordommane gjestande måtte ha om Bærum. Rett nok ligg arenaen smukt plassert i sjøkanten, like ved ein nokså borgarleg badeplass og ei endå borgarlegare båthamn, men sjølve stadionet er enkelt og upretensiøst, og i motsetting til mange moderne norske anlegg er det sjølv på avstand enkelt å sjå at det faktisk er ein fotballbane, ikkje eit kjøpesenter eller eit lagerbygg. Bortetribunen gyngar under føtene kvar gong meir enn to personar rører på seg samtidig. Rett nok prøvar klubbens lydansvarlege å tøffe seg med å spele Welcome to the Jungle med Guns n’ Roses før avspark – visstnok på direkte oppfordring frå Jan Derek Sørensen personleg, noko som er litt underleg då Bærum-sjefen skal vere Metallica-fan på sin hals – men i det store og heile får ein inntrykk av at dette er ein klubb som kjenner seg sjølv og sin plass i fotballverda. Vi bortesupporterar er tilsynelatande i fleirtal og iallfall langt meir høglytte enn dei som har møtt fram for å støtte heimelaget, noko som gjev ei besynderleg kjensle av å spele heimekamp på bortebane. Når ein sur nordavind i tillegg feiar inn over stadion med regn i kasta, er det nesten som å vere på kamp heime på Jæren.

Første omgang er objektivt vurdert inga stor fotballoppleving, men det vesle som vert skapt vert skapt av Bryne. Det er interessant å merke seg at medan den gamle midtstoggarbauten Halvorsens lag alltid har hatt sin styrke i det offensive spelet, satsar mannskapet til den tidlegare lynvingen Sørensen på ein tung og nokså defensiv fotball. Det verkar som om dei vil vere brukbart nøgde med uavgjort mot serieleiaren, sjølv på heimebane. Det kan ein på sett og vis forstå, for det er noko absurd over situasjonen for Bærum og dei andre laga på nedre halvdel av PostNord-ligatabellen. Som kjent vert det i år kun avvikla ein halv sesong av det ordinære seriespelet, deretter vert tabellen delt på midten. Dei sju laga på øvre halvdel skal kjempe om opprykk til den forjetta OBOS-ligaen, medan dei sju på nedre halvdel skal kjempe om... kva då, eigentleg? Sidan breiddefotballsesongen 2020 vart avlyst slik at kulturminister Abid Raja i staden skulle få knipse ein sjølvi med Tom Cruise, er det ingen lag som rykkar opp frå nivå fire i år. Følgjeleg kan vel heller ingen rykke ned frå nivå tre? Bærum må såleis truleg førebu seg på å spele eit sluttspel utan konsekvensar. Kanskje like greitt for eit lag som elskar uavgjort over alt anna på vår jord?

I første halvdel av andre omgang skrur Bryne opp tempoet, er bevegelege, syner god offensiv samhandling. Bærum klarar ikkje hengje med, og det er svært fortent når den lokale helten Robert Undheim avsluttar eit flott angrep med eit uhyre frekt skot med yttersida av foten. Hans sjette mål på dei seks siste kampane. 1-0! Vi jublar, gledesstrålande og takksame. Ingenting er herlegare enn å stå saman som supporterar og juble over scoring på bortebane. Eg kjenner ikkje så mange av dei andre her personleg og veit ikkje kor mykje vi har til felles, men det einaste som tyder noko akkurat no er at vi alle heiar på Bryne. Det er ny optimisme og framtidstru kring klubben etter mange år med motgang, og vi kan framleis drøyme om, ja håpe på spel i sjølvaste OBOS-ligaen sesongen 2021. Sidan Bærum nesten ikkje scorar mål denne sesongen og Bryne slepp inn få bør dette vere avgjort. Likevel er eg nervøs, kanskje meir nervøs enn eg var på stillinga 0-0. Trass i at Bryne har hatt mange individuelt dyktige forsvarsspelarar opp gjennom åra har eg nemleg aldri klart å stole på dei som defensivt kollektiv. Kanskje er det berre eit naturleg utslag av å vere supporter, men sjølv om vi hadde stilt med fire kloningar av Alessandro Nesta i forsvar ville eg heile tida vore engsteleg for at det skulle oppstå ein plutseleg og uforklarleg kollaps som fører til eit meiningslaust møkkamål for motstandarlaget.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent