Josimar

VM i USA, 1994

Redondo og Simeone utfylte kvarandre perfekt på midtbanen og danna ein sterk plattform for frontkvartetten: Maradona i luka bak tre angriparar som alle var midtspissar av legning. Det var duka for ein siste dans med Diego.

Tekst: Nils Henrik Smith

Brølet. Det er det vi vi alltid vil hugse. Diego Armando Maradona brøler i det han stormar mot sidelinja på Foxboro stadion i Foxborough utanfor Boston, Massachusetts. Datoen er 21. juni 1994, klokka er 13:45 amerikansk austkysttid, det er spelt ein time av kampen mellom Argentina og Hellas i VM-sluttspelets innleiande gruppe D, og Maradona har nettopp auka den argentinske leiinga til 3-0 med eit praktfullt venstrebeinsskot. Maradona nærmar seg 34 år, deltek i sitt fjerde VM og spelar sin tjuande VM-kamp. Spelar han to til slår han rekorden til den vest-tyske legenden Uwe Seeler og polske Vladislav Zmuda. Men Maradona har ikkje kome til USA for å spele to kampar til. Han har kome til USA for å spele seks kampar til og vinne dei alle, inntil han den 17. juli står i solskinet på heiderstribunen på Rose Bowl i Pasadena, California og hevar det forjetta World Cup-troféet i sine korte, men sterke armar. Skulle han klare det, vil ingen lenger kunne tvile på at Diego er den største. Viss Argentina vinn VM vil dei tangere Brasil, Italia og Vest-Tyskland i antal titlar, og Maradona vil verte den første som fører sitt lag til to VM-triumfar som kaptein. I tillegg kjem det faktum at trekkinga i Las Vegas i desember i fjor har ført til at viss både Argentina og Brasil gjer jobben sin, altså vinn den innleiande gruppa si, vil dei to sør-amerikanske rivalane ikkje kunne møtast før i finalen. Å slå sjølvaste Brasil i sjølvaste VM-finalen ville vere den perfekte avsluttinga på det mest sensasjonelle comebacket i fotballhistoria. For det er knapt eit år sidan knapt nokon kunne førestelt seg at Maradona skulle delta i USA-VM i det heile tatt.

Identitetskrise

Seinsommaren 1993 var Diego Maradona utrent og klubblaus etter å på kontroversielt vis ha bróte kontrakten med Sevilla same vår. Samstundes hadde Argentina nettopp vunne sitt andre strake Copa América. (27 år seinare er det utruleg nok framleis deira ferskaste trofé.) Sidan nederlaget mot Vest-Tyskland i VM-finalen i Roma tre år tidlegare hadde dei spelt 33 kampar og var – både i heimlandet og i internasjonal fotballopinion – rekna som ein av dei største favorittane til å vinne VM neste år. Maradona, på si side, hadde i same periode vore utestengt frå all fotball i 15 månader på grunn av kokainbruk og deretter gjort eit tilsynelatande seriøst, men ikkje desto mindre mislukka forsøk på å få karriera på rett kjøl igjen i Spania. Alt tyda på at han var ferdig. Til og med Diego sjølv må ha byrja å mistenkje det som stod stadig klarare for stadig fleire: Argentina trong ikkje lenger Maradona. Det må i så fall ha utløyst ei aldri så lita identitetskrise, for heilt sidan tenåra hadde livet hans vore definert av det faktum at andre – familien, venene, dei klubbane han spelte for, dei etter kvart stadig fleire økonomiske «samarbeidspartnerane» – var avhengige av han og det han kunne gjere med ein fotball. Maradona har aldri vore verdas mest ideologisk stabile person og det er såleis ikkje heilt enkelt å seie kva som eigentleg hadde høgast prioritet for han: Då han vann den første av sine to Serie A-titlar med Napoli i 1987 uttalte han at det var det største han hadde opplevd i fotballkarriera – til og med større enn VM-gullet året i førevegen – fordi han endeleg hadde oppnådd ein stor triumf i lag med venene sine og framføre eit publikum som elska han. Men i sjølvbiografien Yo soy el Diego frå 2000 – eit ytst forvirrande og tidvis bortimot uleseleg verk ført i pennen av journalisten Daniel Arcucci – insisterer han på at «min største stolthet har alltid vært å spille på landslaget. Alltid, likegyldig hvor mange millioner dollar den klubben jeg spilte for ville betale meg».

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent