Josimar

Pibe político

For Diego Maradona er antiamerikanisme og vennskap med Fidel Castro og Hugo Chávez meir naturlege refleksar av oppvekst og miljø enn medvitne politiske og moralske val.

Tekst: Kjartan Fløgstad

Vi hadde besøk frå Norge og var ferdige med ein grundig argentinsk søndagslunsj. Etter den obligatoriske forretten med alle innvollane til kua, grilla og servert på eit fat, var det klart for hovudretten. Med uttrykkslaust andlet kom kelneren til bordet og delte biffane i to, ikkje med kniv og gaffel, men med skei og gaffel. Så møyrt var kjøtet, sjølv om det var bife de chorizo og altså den saftige ytrefileten vi fekk servert.

Søndag var det, og i tillegg til store biffar, tango og psykoanalyse, kva anna har Buenos Aires å by på som reisemål? Ei av dei norske gjestene var ei fotballinteressert jente på 15, som ymta frampå om det kanskje kunne bli råd med ein fotballkamp? Vi såg på klokka og på terminlista i avisa, det lakka og lei, men vi kasta oss i ein drosje og drog på lykke og fromme rett ned til bydelen La Boca, der vi gjekk av ved bommen til gangvegen opp til La Bombonera, eller Konfekteska, heimebanen til Club Atlético Boca Juniors.

Lokalderby mot Los Santos, heilagmennnene frå San Lorenzo, fulle tribunar, men at alt er utselt betyr jo aldri at det ikkje er billettar igjen. På veg frå drosjen mot stadion tok vi mot til oss og spurde den første og beste, medan vi belaga oss på svartebørs og usannsynleg stive prisar. Som sant var, understreka vi at vi kom heilt frå Ole Gunnar Solskjærs Norge og hadde reist langt over sjø og land. Dette var vår sjanse i livet til å oppleva Boca i sitt rette element.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent