Josimar

Nei. Nei. Nei. Nei. Nei.

Det skulle ha vore ein festkveld på Ullevaal, kor Lars Lagerbäcks unge og talentfulle mannskap valsa over Serbia og sendte Noreg eit steg vidare på vegen mot vårt første sluttspel på herresida på tjue år. I staden vart vi vitne til at den svenske superveteranen vart taktisk utmanøvrert av sin serbiske kollega Ljubiša Tumbaković.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Skjermdump TV 2 Sumo

Noreg spelar 4-4-2. Lat oss byrje der. 4-4-2. Fire-fire-fuckings-to. Kven er det som spelar 4-4-2 i våre dagar? Berre synet av denne talkombinasjonen vekker til live minnet om ei anna, meir uskuldsrein tid, då både fotballen og tilværet var enklare og du kunne nøye deg med å sende ut på ein målvakt og ti utespelarar nokon lunde symmetrisk fordelt over banen, rope nokre fyndord om duellar og innsatsvilje og satse på at det gjekk bra. Ei tid før statistikkens og kampanalysens gjennombrot i fotballen, ei tid før Wyscout og Opta Joe, ei tid før nerdane tok hemn over fotballen ved å bryte han ned til sine grunnleggjande bestanddelar. Kort sagt: Fortida.

Som ein britisk journalist heilt presist påpeikte: 4-4-2 gjev den same kjensla som å vere på ein reunion-konsert med Ocean Colour Scene. Ein annan brite, taktikkekspert og Josimar-kjenning Jonathan Wilson, har rett nok også presist påpeikt at «taktikk» er ein kombinasjon av formasjon og spelestil, og at ein 4-4-2 kan vere like forskjellig frå ein annan som Steve Stone er frå Ronaldinho. Det må også seiast at fotballens taktiske utvikling ikkje er lineær og at det kan kome ein dag då formasjonen igjen syner seg effektiv fordi han presenterer motstandarlag og deira trenarar for eit problem dei har gløymt korleis ein løyser (og Lars Lagerbäcks mest ihuga tilhengjarar kan til og med hevde at det var nettopp det han gjorde som landslagssjef for Island). Likevel, i dag framstår 4-4-2 som utdatert og har gjort det lenge. Eg meiner, formasjonen vert for enkel og uføreseieleg sjølv i tjue år gamle utgåver av dataspelet Championship Manager. Kven kan då forvente at det skal funke i ein teljande kamp, mot kvalifisert motstand, i 2020?

Svar: Lars Lagerbäck. Lagerbäck elskar 4-4-2. Han elskar 4-4-2 så høgt at han heller ville stilt naken på Systembolaget i Töcksfors i påskeferien enn å spele noko anna enn 4-4-2. Han ville gifta seg med 4-4-2 viss det var juridisk mogleg. Eg er, som lesarane truleg har forstått, kritisk, men landslagssjefen kan jo innvende at han, i motsetting til meg, er ein erfaren fotballtrenar, som ved hjelp av kontinuitet og pragmatisme har oppnådd ganske gode resultat over tid. Vidare kan han peike på at han i Erling Braut Haaland og Alexander Sørloth har to svært gode midtspissar som synte prov på effektiv samhandling mot (rett nok svake) Nord-Irland, og at det ville vere dumt å vrake ein av dei frå startoppstillinga slik han truleg måtte gjort i ein meir dynamisk og fleksibel formasjon som 4-2-3-1 eller 4-3-3. Problemet er at viss Braut Haaland og Sørloth skal samhandle effektivt bør dei helst få ballen, og mot brukbare lag vert det vanskeleg når formasjonen er til direkte hinder for kreativitet i midtbaneleddet. Stefan Johansen og Martin Ødegaard er ikkje like ulike som Steve Stone og Ronaldinho, men dei er temmeleg ulike.

Ein ting dei imidlertid har til felles er at ingen av dei passar til å spele kant i 4-4-2. Det hemmer den kollektive slagkrafta offensivt samstundes som det vert for spedt defensivt. Mot ein organisert motstandar med ein plan held det ikkje. På førehand var det venta at Serbia skulle gå ut i ein 3-5-2-formasjon med vingbackar, og dei fleste meinte at dette gav grunn til norsk optimisme. Korleis skulle ei backrekke på berre tre mann under leiing av den aldrande og langsame kapteinen Aleksandr Kolarov kunne hanskast med vårt raske og bevegelege radarpar på topp? Men fotball er eit heilskapleg spel, og raske og bevegelege spissar treng gode bakromspasningar.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent