Josimar

Glimt av gull

For ti år sidan lå Bodø/Glimt nede for telging sportsleg og økonomisk. No cruisar dei mot sitt første seriemesterskap. Josimar tok turen til nordlandshovudstaden for å finne ut  hva som har hendt.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Raymond Engmark

«Alle skjøna jo at det var noko gale med deg», seier Harald «Dutte» Berg og flirer. «Du scora jo berre eitt!» Latteren gjallar gjennom lokalet. Det er fredag føremiddag på Aspmyra, og den gamle storscoraren Arne Hanssen har nettopp fortalt om då han vart diagnostisert med helveteseld to dagar før cupfinalen mot Vard i 1975 og spelte kampen «med Paralgin Forte i shortsen». Kvar dag klokka elleve møtest gamlekarane frå det store Glimt-laget på 1970-talet på stadion for å drikke kaffi, slik dei har gjort i årevis, og Josimars audmjuke utsending har fått æra av å få lov å slutte seg til dei. Det er ein replikksterk gjeng. («Kva meiner du med at eg ikkje overheld koronareglane?», melder ein ved den andre enden av bordet. «Det er du som ikkje sit ein meter unna meg!») I ein slik atmosfære av nordlandsk verbal slagkraft er det ikkje så lett for ein taus og tagal jærbu å kome til ordet, men det er heller ikkje poenget med å vere her. 

Bli Josimar-abonnent HER (kr 699,- for seks fysiske utgaver pr. år og full digital tilgang).
Gi Josimar i julegave HER.



Poenget er å lytte, observere og forstå. Dette er gutane som har opplevd alt, som sikra klubbens første NM-gull, spelte laget opp i førstedivisjon og vart nummer to i debutsesongen. Dessutan kom dei til ein ny cupfinale, kor dei tapte knepent mot seriemeister LSK. Nær eit halvt hundreår seinare må ein som ikkje ein gong var født den gongen mobilisere sitt historiske medvit kor epokegjerande det dei gjorde den gongen faktisk var. Midt på 70-talet var det berre nokre få år sidan dei høge herrar i norsk fotballs styre og stell allernådigast og motstrebande hadde gått med på at lag frå Nord-Noreg i det heile tatt skulle få delta på det høgaste nivået. Rett nok var Mjølner det første nord-norske laget som kvalifiserte seg til spel i førstedivisjon, men det var Glimt som stod for det endelege gjennombrotet, og såleis innevarsla eit paradigmeskifte: Heretter skulle alle lag kunne konkurrere på like vilkår, uavhengig av kor stor geografisk avstand ein hadde til sentralmakta og kor stritt «dem jævla søringan» syntest det var å måtte reise nord for Nidaros på veg til bortekamp.

Medan ei bleik haustsol kikkar inn gjennom vindauga i den nye og enkle, men like fullt elegante Sportsbaren på Aspmyra, har dagens A-lag dødballtrening nede på det grøne kunstgraset. Når alt kjem til alt er det jo dette laget Josimar har kome til Bodø for å skrive om, og vi gjer det under føresetnad av at Glimt er årets vinnar av Eliteserien i fotball for menn. Rett nok tapte laget sin første seriekamp for sesongen, borte mot Molde, sist helg, men dei toppar stadig tabellen med seksten poeng ned til romsdalingane når ni serierundar står att. Folk i og rundt klubben er sjølvsagt kloke nok til ikkje å ta noko på forskot, men dei veit samstundes at svært, svært mykje skal gå svært, svært gale for at seriegullet skal ryke. 2020-årgangen er med andre ord på veg mot ein triumf som vil sette sjølv syttitalskameratane rundt dette bordet i skuggen. Det er noko fascinerande fryktlaust over måten årets Glimt-lag spelar fotball på, og Harald Berg ser parallellar til den gylne generasjonen han sjølv var både ein del av og ei leiestjerne for.

Bodøs bauta

«Vi hadde også alltid trua på at vi kunne vinne, uansett kven vi spelte mot. Vi såg ikkje nokon grunn til at vi ikkje skulle gjere det. Hugs at vi hadde spelarar som Arne Hanssen og Terje Mørkved, som begge var dobbelmeistrar med Rosenborg.» Hanssen og Mørkved spelte for Troillungan då dei vann serien og cupen i 1971, men med all respekt for deira prestasjonar og merittar, er det liten tvil om at «Dutte» sjølv var den viktigaste spelaren på laget, trass i at han er audmjuk nok til å unnlate å påpeike det. Då han returnerte til heimbyen etter ti års fråver i 1974 var han allereie anerkjent som ein av Noregs største fotballspelarar gjennom tidene. Han hadde vunne både serien og cupen med Lyn og var ein nøkkelspelar på det såkalla «Barcelona-laget» som spelte seg fram til kvartfinalen i Cupvinnarcupen i 1969 og der tapte knepent over to kampar (begge spelt på bortebane) mot den katalanske storklubben. 

Kvar dag samlast gamlekarane frå Bodø/Glimt sitt klassiske 1970-tals lag kring kaffibordet på Aspmyra. Dei gode historiene og latteren sit alltid laust. Her ser vi den største av dei alle: Harald «Dutte» Berg.

Dette stod som den klart største prestasjonen av eit norsk lag i europeisk turneringsspel heilt fram til Rosenborg byrja markere seg i Champions League midt på 90-talet. Deretter vart han proff i Den Haag, kor han var ein markant profil i ein periode kor Nederland utvikla seg til ein av verdas fremste fotballnasjonar. Høgdepunktet i proffkarriera var ein knepent tapt cupfinale mot totalfotballens Ajax, med Johan Cruyff som genial og eksentrisk anførar på banen og meisterhjernen Rinus Michels på trenarbenken. (Ein av Berg sine lagkameratar i Den Haag var elles Dick Advocaat, «den vesle generalen», som seinare skulle verte ein av verdsfotballens mest bereiste trenarar.) «Dutte» førte Glimt til uante høgder og vart kåra til årets spelar i Noreg i ein alder av 38 år. Men det han stadig ikkje kunne vite då han omsider la opp to år seinare var at han skulle verte stamfar til eit av landets fremste fotballdynasti. Rett nok var også broren Knut ein habil spelar som vart serie- og cupmeister med Lyn, så ein kunne til ein viss grad hevde at spelet låg i genene, men Berg-klanens vedvarande suksess er likevel oppsiktsvekkjande. Tre av sønene til Harald – Ørjan, Runar og Arild – har spelt for Glimt, og dottera Eli Johanne for Grand. 

Ørjan og Runar har også feira triumfar i Rosenborg, representert landslaget og hatt proffeventyr med varierande grad av hell i utlandet. I dag er det sonen til Ørjan, Patrick, som er Glimts midtbaneanker og maestro. Harald, Ørjan og Runar har alle vunne både serien og cupen i Noreg, men ingen av dei har, sjølvsagt, vorte seriemeister med heimbyens stolte, gule lag. «Det er jo ikkje så lett å vere først ute med noko innan fotball i denne familien her, så det kan verte fint det», kommenterer Patrick lakonisk.

Ein faktor Harald Berg framhevar som viktig for dei framgongane Glimt opplevde på 1970-talet er støtta frå publikum. «Då eg spelte for Lyn kunne vi ha 20 000 på tribunane, men dei gjorde jo ikkje noko anna enn å glo!», seier han. «Her oppe hadde vi folk i ryggen på ein heilt annan måte.» Supporterklubben Den Gule Horde er i ettertid kanskje best kjent for den gigantiske tannbørsta dei drog med seg overalt – ein gåtefull artefakt av uklar symbolverdi. (Kanskje var meininga å antyde at motstandarlaga var karies som Glimt nådelaust børsta vekk?) Men dei var i norsk samanheng tidleg ute med å introdusere ein meir engasjert og involverande tribunekultur, kor publikum ikkje berre var tilstades for å bivåne kampen, men for om mogleg bidra aktivt til det ynskja resultat.

Men gullaldrar varar ikkje evig, og i 1980 rykka Glimt ned i andredivisjon, trass i både Den Gule Horden på tribunen og den elegante veteranen «Dutte» på banen. I løpet av tiåret skulle dei synke heilt ned på nivå tre. Den aller største audmjukinga kom i 1985. Året før hadde nemleg veslebror Grand rykka opp i andre, slik at laget som ti år tidlegare hadde vore Noregsmeistere no ikkje lenger ein gong var best i eigen by. Glimt rykka opp og Grand ned i 1986, og dermed var den tradisjonelle maktbalansen gjenoppretta, men dei klarte aldri å setje sitt preg på andredivisjon og rykka ned igjen i 1989. I løpet av desse åra hadde både Ørjan og Runar Berg debutert for Glimt, og i kraft av både sitt opphav og sitt talent var det sjølvsagt heilt særskilte forventningar til dei, men begge såg seg nødt til å forlate Bodø for å få oppfylt sitt sportslege potensial. (Ein generasjon seinare skulle den same soga nesten gjenta seg.)

Det klassiske Glimt-laget som sikra klubbens første NM-tittel i 1975. Kaptein Harald «Dutte» Berg bak til høgre.

Opp og ned

Men ved inngangen til eit nytt tiår skulle det atter snu. I 1991 rykka Glimt opp frå tredjedivisjon, som no heitte andredivisjon, til andredivisjon som no heitte førstedivisjon fordi den tidlegare førstedivisjon no heitte Tippeligaen. Året etter vende Runar Berg heim etter middels vellukka opphald i Rosenborg og Tromsø – litt eldre, litt smartare, litt meir herda, klar til å ta over den hovmeisterrolla på midtbanen som faren i si tid hadde hatt. Samstundes vart midtstoggar Trond Sollied tilsett som spelande trenar. Machomannen frå Mo hadde lang erfaring frå Vålerenga og Rosenborg, kor han til saman hadde notert seg for fem seriemeisterskap og to NM-titlar. Alle visste at Trond Sollied var ein vinnar, og ingen visste det betre enn Sollied sjølv. Under hans leiing vann Glimt si førstedivisjonsavdeling med 14 poeng, samstundes som dei scora 21 mål meir enn det nest-mestscorande laget i avdelinga og sleppte inn 12 færre enn det nest-gjerrigaste. 

Ein maktdemonstrasjon! Etter to strake opprykk skulle ein kanskje tru at eit lag som (med unnatak for Sollied sjølv) var ungt og mangla erfaring frå det øvste nivået skulle få seg ei realitetsorientering i møtet med Tippeligaen, men realiteten synte seg å vere at Bodø/Glimt anno 1993 var betre enn dei aller fleste lag dei møtte den sesongen. Motstandarlaga sine supporterar kunne rope «fiskehippie» etter den langhåra blondina Ivar Morten Normark så mykje dei ville, men det hjelpte ikkje det spor. Nett som sist gong dei var nyopprykka på dette nivået vart Glimt nummer to i serien og spelte seg fram til cupfinalen. Men der dei seksten år tidlegare hadde tapt mot LSK, vann dei no over Strømsgodset. Med offensiv og hurtig fotball og markante profilar som strategen Runar Berg, kanonskyttaren Tom Kåre Staurvik og lynvingen Aasmund Bjørkan vann dei mange norske fotballhjarta det året. Ni av dei elleve spelarane som starta cupfinalen var frå Nordland. 

«Når Bodø/Glimt har gjort det bra, har det alltid vore med ein stamme av eigenproduserte eller lokale spelarar», påpeiker Ørjan Berg, som i dag er ansvarleg for barne- og ungdomsverksemda i klubben og altså ein av dei som har ansvar for at stammen stadig skal skyte friske skot. Og det gjer han. Iallfall inntil vidare. Patrick Berg, Fredrik Bjørkan (også han son av sin far, Aasmund, som i dag er sportsleg leiar i klubben) og Ulrik Saltnes er alle nordlandske innslag i førsteellevaren, og fleire andre bankar på døra. I tillegg må det nemnast at lokale profilar som Håkon Evjen (AZ Alkmaar) og Jens Petter Hauge (AC Milan) har forlate Bodø for å prøve lukka i det store Utlandet i løpet av det siste året. «Dei unge spelarane er jo sjeldan gode nok når dei først kjem inn på laget, men innstillinga vår er at dei likevel skal få sjansen, slik at dei vert gode nok», forklarar Berg.

Året etter jubelsesongen 1993 heldt på å ende i katastrofe for Bodø/Glimt, dei sleit i feil ende av tabellen heile sesongen og overlevde til slutt berre takka vere betre (eller rettare sagt, mindre dårleg) målforskjell enn Sogndal. (Under normale omstende skulle dei spelt kvalik, men fordi Tippeligaen vart utvida frå 12 til 14 lag dette året vart dei skåna for denne ofte traumatiske opplevinga.) I 1995 kom dei på tredjeplass i serien, men 96 vart ein ny nedtur i serien og laget endte berre to poeng over nedrykksstreken, trass i at dei no hadde både Ørjan (som hadde returnert frå proffspel i Tyskland og Sveits) og Runar Berg på midtbanen, i tillegg til ein angrepstrio som bestod av Bjørkan, måltjuven Stig Johansen og overlydsfenomenet Jan-Derek Sørensen. 

Den sesongen vart redda av ein ny tur til cupfinalen på Ullevaal, kor dei imidlertid tapte mot dei nordnorske rivalane Tromsø. Gamlekarane kring kaffibordet på Aspmyra er skjønt einige om at den kampen burde vore avgjort til Glimt sin fordel lenge før Gutan utlikna, men sånn gjekk det no ein gong ikkje, det er ergerleg, men ingenting å gjere med. Uansett, eit mønster hadde byrja å avteikne seg: Glimt var ein klubb kor ein uventa god sesong gjerne vart etterfølgt av ein sesong som var uventa dårleg. I 2003 tok dei til dømes ein ny overraskande andreplass i serien, men året etterpå overlevde dei berre takka vere kvaliksiger over Kongsvinger. Sjølv den kvalikplassen var litt heldig, dei unngjekk, som ti år tidlegare, direkte nedrykk takka vere marginalt betre målforskjell enn Stabæk. Men tendensen var nedadgåande, og laget endte heilt sist i Tippeligaen 2005.

Femten år seinare cruisar Bodø/Glimt mot eit suverent seriegull. Stemninga på stadion er overmåte god. Etter endt trening er Kjetil Knutsen borte og helsar på kaffigjengen, og vert venskapeleg grilla om skadesituasjonen i stallen og den moglege lagoppstillinga til heimekampen mot Mjøndalen over helga. Det er tydeleg at suksesstrenaren frå Bergen har den største respekt for desse veteranane, at han forstår kva verdi dei har som kulturberarar. Gamlekarane er eit både fysisk og symbolsk døme på at Glimt er ein klubb som legg vekt på å forvalte og formidle si historie, sin eigenart, sin identitet. Men slike ord er enkle å ta i sin munn, og spesielt er det enkelt når ein snakkar om ein klubb i medvind. Men Bodø/Glimt har ikkje alltid hatt vinden i ryggen, for å seie det svært mildt. I 2007 rykka dei rett nok opp etter å ha slått Odd Grenland i kvalik, og i pakt med klubbens tradisjon for imponerande prestasjonar som nyopprykka lag tok dei ein sterk fjerdeplass i Tippeligaen sesongen etterpå. 

Jubelrus etter cuptriumfen i 1993. Denne gongen var det Runar (nummer to framme frå høgre) som representerte familien Berg på laget.

Kantspelaren Trond Olsen frå Lyngen i Troms var den store spelaren det året, noterte seg for ti mål og tretten målgjevande pasningar, debuterte på A-landslaget og gjekk deretter den vegen så mange Glimt-spelarar hadde gått før han, sørover til Lerkendal og Rosenborg. Norsk fotball opplevde ein boom på 2000-talet: Stadig større TV-avtalar vart inngått, stadig nye tilskodarrekordar vart sett, dette trass i at det sportslege nivået (målt etter kva resultat norske klubbar makta å oppnå i europeisk turneringsspel) var klart svakare enn tiåret i førevegen. Talrike klubbar bygde nye stadionar eller utførte kostbare oppussingsprosjekt på sine eksisterande anlegg, det vart trendy å gå på kamp i Tippeligaen, kjendisar ein aldri før hadde visst at var det minste interesserte i fotball byrja å dukke opp på tribunane og bedyra at dei alltid hadde vore ihuga supporterar av sin lokale klubb, det høge lønsnivået gjorde det mogleg å signere utanlandske spelarar som i tidlegare tider ikkje ville sett på Noreg som ein aktuell arbeidsmarknad. Og så bortetter. 

Det seier seg sjølv at i ein slik atmosfære er satsing eit kostbart og risikofylt prosjekt, særleg når det syner seg at resultatet av satsinga ikkje er sportsleg framgong, men derimot stagnasjon. «I 2009 var Glimt meir eller mindre konkurs», seier Ørjan Berg. «Vi rykka ned og klubben hadde 55 millionar i gjeld og åtte eller ni millionar i driftsunderskot. Vi hadde faen ikkje pengar til nokon ting. Det var på det nivået at styret og folk i og rundt klubben spurte seg sjølv om vi berre skulle leggje ned våpna. Så vart det til at vi jobba vidare, og ut frå det fekk vi på plass eit strategidokument og nokre økonomiske løysingar. Den måten å tenkje og jobbe på som vart utvikla i 2010 og som var tufta på identitet og historie har vorte vidareutvikla, og så har det verkeleg slått til i år. Alt har klaffa.»

Som vi ser er Bodø/Glimt ein tradisjonsmedviten klubb, men sesongen som no nærmar seg si triumferande avslutting markerer òg eit brot med tradisjonen. Saka er nemleg at Glimt var særs bra også i fjor, og sidan nedtur vanlegvis følgjer opptur på Aspmyra skulle altså årets sesong vore av det skuffande slaget. 2019 var eit spesielt år i Bodø. I mars døydde Terje Nilsen, songaren og låtskrivaren som var ein kulturell institusjon i Nordland og dessutan svogeren til Harald Berg. (To av barna til Harald, Eli Johanne og Terje, er sjølv plateartistar, så familien har bevist at dei kan utøve kunst også andre stader enn på fotballbanen.) I juni valde Arild Berg å avslutte livet. Arild var kanskje det aller største talentet familien Berg hadde fostra, men fekk aldri oppfylt potensialet sitt som fotballspelar. 

Dét skuldast i stor grad sjukdommen kronisk utmattingssyndrom (ME), men kan også ha hatt andre, djupareliggjande årsaker. Ein av legane som behandla han for ME stilte ein gong det litt uvanlege spørsmålet om kvifor han ynskja å verte frisk. «For å kome tilbake som fotballspelar», svarte Arild. «Likar du å spele fotball då?», var legen sitt oppfølgjingsspørsmål. «Nei», var svaret. «Men eg er så inni helvete god.» Dagen etter Arilds tragiske bortgang spelte Glimt bortekamp mot Viking. Laget spelte med sørgjeband og det vart halde eitt minutts tystnad før kampen. Patrick Berg var som vanleg sentral i ein imponerande 4-3-siger. «Underveis i kampen, så er det en vanlig kamp», sa Patrick til TV2. 

«Da går det for så vidt greit. Så ble det emosjonelt og sterkt etter kampen.» Då han vart hylla av Glimt-supporterane på Viking stadion, kom tårene. «Først og fremst er det Patrick som er mest påvirket», sa Ulrik Saltnes til NTB. «Vår rolle var å gi det han trengte og passe på at han hadde det OK forholdene tatt i betraktning. Fotballen blir liten i en slik sammenheng, men kan vi gi noen en liten glede ved å vinne, så har vi i hvert fall gjort lite grann.» Her gjev Saltnes uttrykk for den solidariteten som kanskje er nødvendig for å skape eit suksessrikt lag. For midt oppe i alt som hende kjempa Glimt i toppen heile sesongen, var aldri ute av topp fire, såg lenge ut som ein gullkandidat, vart distansert av Molde på oppløpssida, men sikra klubbens fjerde andreplass i landets øvste divisjon. 

Likevel, utanfor Nordland var det nok mange som sat med ei kjensle av at laget strengt tatt overpresterte, og då sentrale spelarar som Håkon Evjen og Amor Layouni forsvann var det ikkje ulogisk å mistenkje at Glimt som vanleg ville slite med å følgje opp ein god sesong. I staden er laget mykje betre i år enn i fjor. «Eg trur aldri eg har sett eit norsk lag som dominerer fotballkampar på same måte som Glimt gjer denne sesongen», seier Ørjan Berg, som altså sjølv var ein nøkkelspelar på eit Rosenborg-lag som var totalt utilnærmelege i Tippeligaen og tidvis herja i Champions League.

Ein må difor spørje: Korleis kan dette ha seg? Kva er det som gjer Glimt så knusande overlegne? Finst det i det heile noka rasjonell forklaring på at eit lag frå ein norsk provinsby tidvis kan spele ut sjølvaste Milan på eit (rett nok nesten folketomt) San Siro? Strategidokumentet frå 2010 – som mellom anna fastslår at Glimt skal satse på lokale spelarar, at dei skal gje ungdommen ein sjanse, og at dei skal spele ein offensiv 4-3-3 i pakt med tradisjonen frå dei gylne årgangane frå 70- 90-talet – forklarar noko, men eit dokument kan trass alt ikkje spele fotball, og det å få storslagne visjonar til å funke i praksis er eit tidkrevjande og vanskeleg arbeid som mange klubbar har mislukkast med. I dag framstår Glimt som ein klubb kor openheit og gjensidig tillit gjennomsyrar alt ein driv med, men då jærbu og midtstoggar Marius Lode kom til Bodø frå Bryne i februar 2017, nokre månader etter at klubben hadde rykka ned frå Tippeligaen for tredje gong på tolv år, var det mykje som var ganske annleis. 

«Det var heilt sjukt trykka stemning då eg kom her», seier Lode. «Klubben og spelargruppa var veldig prega av nedrykket. Det var så mykje grupperingar, det var ikkje musikk i garderoben, det var klaging på treningane, det verka ikkje som om folk syntest det var kjekt å spele fotball. Ante Knezovic, keeperen som òg hadde spelt for Bryne, var på prøvespel her, og han sa at det var som å vere i ei gravferd.» Men Glimt skulle atter gjenoppstå! Den trykka stemninga letta då resultat og prestasjonar kom, og laget vann OBOS-ligaen 2017 i suveren stil, korpå suksesstrenar Aasmund Bjørkan valde eit litt utradisjonelt grep, nemleg å gå over i stillinga som sportsleg leiar og late sin assistent Kjetil Knutsen ta over trenaransvaret. Ved inngongen til comebacket i Tippeligaen i 2018 var den då femti år gamle tidlegare Åsane-trenaren stadig nokså ukjent utanfor dei faglege krinsar. I dag er han genierklært, har fått godkjend-stempelet av den trønderske trenarguruen Nils Arne Eggen (ein mann det ikkje er spesielt enkelt å imponere) og vert vurdert som aktuell kandidat når klubbar som Rosenborg og FC København ser seg om etter ny trenar. 

Dagens suksesstrenar Kjetil Knutsen stikk sjølvsagt bortom og helsar på kaffigjengen etter endt treningsøkt.

Men kva er det Knutsen gjer som er så bra? «Vi skifta fokus før 2019-sesongen», seier Patrick Berg. «Før fokuserte vi veldig på resultat, kva plass vi hadde ambisjonar om å oppnå på tabellen, kor mange kampar vi måtte vinne for å klare det, og då mistar ein den prosessen som skal til for å kome seg dit ein ynskjar litt av syne. No fokuserer vi kun på prestasjon og utvikling. Difor har vi også vore misnøgde etter enkelte kampar vi har vunne denne sesongen, fordi vi ikkje har klart å spele den fotballen vi ynskjar, sjølv om resultatet var bra.»

Prestasjon og utvikling er flotte ord, og ingen klubbar vil hevde at dei ikkje er opptekne av prestasjonar og utvikling, men kva er det som gjer at så mange spelarar faktisk klarar å prestere og utvikle seg nettopp i Bodø/Glimt? «Eg trur det handlar mykje om tryggleik og tillit», seier Patrick. «Eg trur alle som kjem hit opplever at dei får lov til å vere seg sjølv, du får ikkje kjeft eller vert bróten ned når du prøvar å gjere ting. Alle i gruppa og i heile klubben er opptekne av å backe kvarandre opp, sånn at alle kan prestere best mogleg, og den tryggleiken trur eg er veldig viktig å ha som fotballspelar, å vite at du ikkje treng å vere redd når du går utpå der.» Berg er truleg inne på noko vesentleg her. 

Fotballspelarar er ikkje maskinar, og det finst talrike døme på veldig gode spelarar som har gått gjennom periodar kor dei rett og slett har grua seg for å spele. Som son av ein legende som sjølv er son av ein legende skulle ein kanskje tru at han sjølv har kjent på eit visst press, men som han seier: «Ørjan har aldri pusha meg på nokon som helst måte. Eg har hatt lyst til å spele fotball sjølv så lenge eg kan hugse. Men eg såg jo korleis ein toppidrettsutøvar lever frå eg var to år gamal, med kosthald, restitusjon og så vidare. Då vi framleis budde i Trondheim følte eg vel av og til at andre ungar hadde lyst til å vere i lag med meg først og fremst fordi faren min spelte på Rosenborg, men etter at vi flytta opp hit har det aldri vore noko problem.» «No er han jo vaksen og gjer kva han vil», supplerer Ørjan. «Men viss han hadde kome til meg då han var tolv eller tretten og sagt at han ikkje ville spele meir, ville det vore heilt greitt. Det er berre fotball, det er jo viktig, på ein måte, men på ein annan måte er det ikkje så viktig likevel.»

Samhaldet i spelargruppa og i klubben elles har altså ført til suksess, og suksess fører igjen til begeistring hjå publikum. Dermed oppstår ein kollektiv solidaritet kor det til tider kan vere vanskeleg å seie kva som er årsak og kva som er verknad. Heilt mot slutten av Europa League-kampen mot Milan fekk Ulrik Saltnes ein kjempesjanse til å utlikne. Han bomma, og Glimt rauk ut, men kom likevel styrka ut av situasjonen. «Å sitte igjen med tårer i øynene og klump i magen fordi jeg ikke var dyktig nok når det gjaldt som mest på San Siro er en vanvittig opplevelse», skreiv Saltnes seinare på Twitter. «Men det å oppleve den enorme støtten fra 100 prosent av de som bryr seg, er enda mer vanvittig. Jeg ble aldri helten fra San Siro, jeg ble noe mye bedre. Tusen takk.» Den same mekanismen gjentok seg då Nikita Haikin tabba seg ut mot Molde. Supporterane godtok at slikt kan skje og heldt fram at målvakten elles har hatt ein framifrå sesong. 

«Det var ikkje noka krisestemning i garderoben etter den kampen heller», seier Patrick Berg. «Vi leiar serien med seksten poeng, men vi føler ikkje at vi er i nokon forsvarsposisjon. Det er ingen vits i å fokusere på det, vi jobbar vidare med det vi har jobba med heile tida, og som har ført til at vi har gjort det så bra.» I tillegg til ein klar strategi, indre samhald og fokus på prestasjon og utvikling framføre resultat, vektlegg Ørjan Berg òg ein fjerde faktor som har vore viktig for framgongane til Glimt dei siste to sesongane. «Klubben har lukkast utruleg godt med spelarlogistikken over fleire år no. Ein har gjort ein grundig jobb med kartleggjinga og identifisert typar som passar inn i spelestilen.» Sonen samtykkjer. «I fjor var det jo kanskje Evjen og Layouni dei på laget som hadde størst X-faktor, og når dei drog nytta det ikkje å prøve å erstatte dei med heilt like spelarar, for det finst jo ingen spelarar som er heilt like. I staden har vi fått inn folk med litt andre kvalitetar, som kan bidra ved å gjere ting på sin eigen måte.» Gradvis utvikling innføre ein klart definert spelestil. 

Utvikling. Tólmod. Gje folk tid. Dette er ting alle i Bodø snakkar om og som openbert latar til å vere viktige føresetnader for årets Glimt-eventyr. Jens Petter Hauge er eit klassisk døme i så måte. Han debuterte allereie i nedrykkssesongen 2016 og vart då klubbens yngste målscorar i Eliteserien. Året etter var han fast på laget og leverte solid med målpoeng i OBOS-ligaen. Men i 2018 sleit han med å ta nye steg og vart utlånt til Aalesund i haustsesongen, utan at opphaldet der heller var nokon stor suksess. Hauge kunne sjå ut til å vere nok eit talent som stagnerte i møtet med den harde vaksenverda, slik det har hendt så mange gonger før. Men i løpet av 2019 betalte tólmodet seg, Hauge knekte ein kode og spelte seg inn på laget igjen, og då den koronaforseinka sesongen 2020 omsider byrja eksploderte han og var Eliteseriens mest dominerande offensive spelar. I sommar var han i praksis klar for ein overgang til belgiske Cercle Brugge, ein middels god klubb i ein middels god europeisk liga, men valde til slutt å takke nei fordi han heller ville vere med å vinne seriegull med kameratgjengen i heimbyen. 

Så kom San Siro. Hauge scora eit praktmål, hadde ein målgjevande pasning, ville hatt to viss ikkje Ulrik Saltnes hadde vore uheldig, og var generelt eksepsjonell i ein av verdsfotballens store katedralar. Straks byrja det å svirre rykte om at dei italienske gigantane var interessert i å kjøpe han. Det verka for utruleg, det er sånt som berre skjer i Football Manager, men ryktet synte seg å stemme. «Sjølv var eg slett ikkje overraska», seier Ørjan Berg, «for då eg såg han spele mot Milan syntest eg jo at han var betre enn dei kantspelarane dei hadde frå før.» 1. oktober skreiv han under kontrakten og skal altså prøve å følgje i fotspora til Per Bredesen, den hittil einaste nordmannen som har vunne Serie A (på herresida. Ingvild Isaksen vann med Juventus sesongen 2017/18). Ingen spelar i Eliteserien ville takke nei til Milan, det seier seg sjølv at noko slikt er for dumt, men Il Rossoneri ville ha han nedover straks, og dermed kunne han ikkje fullføre sesongen med Glimt som planlagt. 

Ingen i klubben latar til å ha nært den minste frykt for at laget skulle miste formen i hans fråver, og det har dei då heller ikkje gjort. Det vitnar om ei tiltru til kollektivet som truleg ikkje berre er ein viktig grunn til suksessen Glimt har hatt dei siste åra, men også ein føresetnad for at individet skal kunne utvikle seg. Hauge kan ta fatt på jobben med å spele seg inn i det milanesiske stjernegalleriet trygg i vissa på at han vil få sin velfortente gullmedalje rundt halsen og kan feire med gamle lagkameratar når han kjem heim til jul. I pakt med gjeldande smittevernreglar, sjølvsagt.

Før vi drog opp til Aspmyra, tok fotograf Raymond og eg ein kaffi på Melkebaren i Bodø sentrum (dei har utmerkt kaffi, gå dit viss du er i Bodø og det er kaffi du vil ha), og han påpeikte då eit særdrag ved Glimts suksess i nyare tid. Dei har vore veldig gode til å finne og dyrke fram spelarar som andre klubbar ikkje har sett potensialet i, eller som på grunn av ulike typar uflaks og motgang ikkje har fått vist seg frå si beste side tidlegare i karriera. Nikita Haikin var i akademiet til Chelsea som tenåring, men nådde ikkje opp i konkurransen der og fekk sidan sjeldan sjansen som førstekeeper i dei ulike klubbane han seinare var innom før han kom til Glimt. Ulrik Saltnes spelte sin første seriekamp for klubben allereie i 2011, men før 2017-sesongen hadde han eigentleg bestemt seg for å leggje opp. 

Han har vore open om at han sleit psykisk og rett og slett hadde vondt i magen når han gjekk på banen for å spele kamp. «Jeg hadde kjempet hardt i hele starten av 20-årene og ble bare dårligere og dårligere, på alle mulige måter. Jeg hadde ikke mer å gi», sa han til NRK tidlegare i år. Men klubbens nye assistent Kjetil Knutsen såg noko i Saltnes som han likte og ville gjerne ha han med vidare. Midtbanespelaren kom etter kvart i kontakt med Bjørn Mannsverk, den tidlegare jagarflypiloten som i dag har eit deltidsengasjement som mental trenar i Bodø/Glimt. «Han slo meg som en veldig reflektert mann. Åpen, uredd og ærlig», sa Mannsverk om Saltnes til NRK. Gjennom samtalar med Mannsverk og Knutsen fann han etter kvart tilbake til gleda ved fotballen. I dag er den sjølv-avskilta Saltnes ein støttespelar på det beste laget i Noreg og deler kapteinsansvaret i klubben med Patrick Berg. Tredjemann i årets midtbanetrio, Sondre Brustad Fet, hadde rett nok lang fartstid i Aalesund, men naut ikkje full tillit der, vart ikkje reindyrka i noka rolle og var inn og ut av laget i OBOS-ligaen. 

Patrick Berg – son av Ørjan og soneson av Harald – er anker og strateg på årets Glimt-midtbane og deler kapteinsansvaret med Ulrik Saltnes.

«Vi har sett på Sondre over tid», sa Kjetil Knutsen til Glimt si nettside då Fet kom på lån i vinter. «Vi er opptatt av å finne rollespillere. Han scorer på alle våre parameter: Type, personlighet og potensiale. I Aalesund har han vært litt potet, men vi skal dyrke ham som en indreløper. Det er der han, etter mitt syn har størst potensiale.» Og sånn kunne ein halde fram. Så seint som i 2018 vurderte til og med Patrick Berg, arveprinsen av Bodø, å forlate Glimt på Bosman-overgang. Han sleit med å få fast plass på laget, og ein annan kjent bodøværing, Mini, råda han til å gå til Ranheim(!). Men Berg ombestemte seg og signerte ny kontrakt, og klubben fann etter kvart ei rolle som passa han, samstundes som han òg sjølv gjorde nokre grep. «Eg byrja å trene litt annleis og gjekk ned to, tre kilo», seier Patrick. 

«Det har gjort meg meir bevegeleg og gjer at eg er flinkare til å alltid vere spelbar, som er noko av det aller viktigaste for eit midtbaneanker.» Han fekk løn for strevet då han tidlegare i år, i lag med dåverande lagkamerat Jens Petter Hauge, vart kalla inn i den norske A-landslagstroppen, som tredje generasjon Berg. Framleis er det bestefar Harald som har flest landskampar i familien, 43 i talet, men kven veit kva Patrick kan finne på i framtida?

Den spelaren i dagens Glimt-tropp som har den aller mest spesielle forhistoria er nok likevel Marius Lode. Vinteren 2017 kom han til ein klubb som nettopp hadde rykka ned til OBOS-ligaen frå ein klubb som nettopp hadde rykka ned frå OBOS-ligaen, og sjølv om han opplagt var ein av dei aller beste spelarane på Bryne starta han berre dei elleve siste kampane i nedrykkssesongen. Grunnen til det skal vi kome attende til, men først ein liten personleg omveg: Eg er i Bodø som utsend medarbeidar for det høgst velrennomerte fotballtidsskriftet Josimar, men i møte med Marius Lode kjem min profesjonelle identitet i kontakt med andre delar av min personlegdom, nemleg lokalpatrioten og Bryne-supporteren. 

«Æ du heimante?», spør Marius etter at vi har helst, og eg må tilstå at eg er litt stolt av å kunne stadfeste at det er eg. Som kjent(?) er eg frå Bryne, Marius Lode er frå Kvernaland og tråtte sine barne- og ungdomsfotballsko i Frøyland IL. «Fra Frøyland stadion til San Siro», stod det i lokalavisa Jærbladet etter at Glimt hadde spelt mot Milan. Eg har sjølv spelt på Frøyland stadion fleire gonger og må heilt ærleg seie at det er ein nydeleg plass for fotball, noko Marius samtykkjer i. «Grasbanen heime på Frøyland har alltid vore ein av dei finaste på Jæren, dei har gjort ein utruleg god jobb med å halde han ved like, så den største forskjellen var eigentleg ramma rundt kampen.» 

Likevel, det har vore ei lang reise, både fotballmessig og menneskeleg. Lode debuterte for Bryne i OBOS-ligaen som nittenåring i 2012 og kom på U21-landslaget året etterpå. Ingen som frekventerte Bryne stadion på denne tida kan ha vore i tvil om talentet hans, men det var mangel på samsvar mellom dei krava omgjevnadane stilte til klubben og det laget faktisk presterte på banen. Det tidlegare mønsterbruket på Jæren var venta å kjempe om opprykk til Tippeligaen, men i realiteten var dei i beste fall ein middelhavsfarar i OBOS, og ein langvarig nedadgåande trend kulminerte til slutt i nedrykk i 2016. «For min del var det eigentleg veldig godt med eit kulturskifte. 

Eg følte at eg ikkje heilt klarte å ta dei neste stega som spelar i Bryne, og det var ein bonus å kome til ein klubb som hadde ambisjonar om å rykke opp. Men då eg kom hit hadde eg jo aldri trudd at det skulle verte sånn som det er no.» Som vi allereie har vore inne på, var stemninga alt anna enn god då Lode kom hit. Kva grep tok ein for å snu det? «Eg trur det var veldig viktig at Kjetil (Knutsen) kom inn. Vi fekk ei ny stemme i garderoben, ein som var veldig flink på treningsfeltet, medan Aasmund (Bjørkan) supplerte han. Kjetil har òg vore veldig flink til å ta tøffe val.» Tøffe val måtte han også gjere sjølv. 

«Marius gråt da han kom til Bodø», kunngjorde ei lokalavisoverskrift for ei tid tilbake. Han var tjuefire år gamal og hadde aldri budd heimefrå før, han var van med eit trygt miljø med alle kompisane rundt seg. «Eg fekk litt sjokk då eg innsåg kor langt nord Bodø var», tilstår han. «Først fly til Oslo og så nesten halvannan time nordover derfrå. Etter at eg hadde signert, sat eg åleine på hotellrommet og var på FaceTime med mor og far, og då kom tårene.» Mor Lode hadde visstnok kofferten pakka og liggjande i bagasjerommet i fleire veker, for alle tilfelle si skuld. Men Marius fann seg etter kvart til rette og byrja å ta dei stega han var kome hit for å ta. «I Bryne var eg ein heilt ok spelar, med bra fysikk, men veldig uryddig i stilen. Kjetil har heile tida vore veldig klar på kva sterke sider eg har, men samstundes utruleg flink til å utfordre meg på mine manglar. Då eg kom hit var venstrefoten min berre til å stå på, men no kan eg slå crossarar og pasningar med venstrå.» Her er vi framme ved noko av det som gjer Marius Lode til ein slik fascinerande midtstoggar: Evna til å setje i gong bakfrå, slå gjennom eit pressledd, bidra i det oppbyggjande spelet. Men i tillegg til det fysiske, det taktiske og det tekniske aspekte ved å spele fotball, kjem òg det mentale aspektet, og Lode er ein av dei som har hatt stort utbyte av samtalane med Bjørn Mannsverk. 

«Eg har alltid vore ein person som tenkjer mykje, både på og utanfor banen», seier han. «Men viss du tenkjer for mykje i ein kampsituasjon forsvinn det naturlege, instinktet, og du hamnar eit halvt sekund på etterskot. Tidlegare hadde eg for mykje fokus på fortid, viss eg hadde gjort ein feil ville eg så gjerne rette han opp, og då oppstår gjerne følgjefeil. Det har ikkje vore nokon lett prosess, men for meg har det vore ei openbaring og ei lette å innsjå at ein feil berre er ein feil, gjort er gjort, og du kan ikkje tillate deg å late det stele fokus og energi. Tidlegare følte eg ofte at eg spelte fotball med skylappar, men no er eg litt rolegare med ballen, og då ser du plutseleg kor stor ein fotballbane faktisk er.»

Synet av Marius Lode på banen i dag er synet av ein mann som utstrålar sjølvtillit og glede, ein elegantiar som spelar fotball nærast i triumf. Det er i sanning både bemerkelsesverdig, imponerande og for å vere ærleg temmeleg rørande, for mellom oktober 2015 og august 2016 spelte den unge og lovande Lode knapt fotball i det heile tatt. Grunnen til dette er ein liten tablett som vert marknadsført av legemiddelfirmaet Novartis under namnet Ritalin, som vert brukt til behandling av ADHD og som inneheld substansen metylfendiat, som er forbode for profesjonelle idrettsutøvarar i henhold til WADA si dopingliste.

 «Vi hadde spelt bortekamp mot Jerv, kom ikkje heim før klokka to, halv tre om natta, og eg skulle reise inn til Stavanger neste morgon for å ha eksamen. Då spurte eg mor om eg kunne låne medisin av syster mi. Eg hadde prøvd det ein gong før og visste at det hadde god effekt når det gjaldt konsentrasjon.» To dagar seinare, etter heimekampen mot Sogndal, vart Lode vald ut til dopingtest for første gong i løpet av fire sesongar som Bryne-spelar. «Det er heilt sjukt å tenke på», seier han. Sogndal-kampen vart spelt 13. mai, og både Lode og klubben vart informert om den positive testen kort tid etterpå, men dommen på ti månaders utestenging vart ikkje kunngjort før på ein pressekonferanse i oktober. 

«Det var fælt å måtte gå og bere på det inni seg, som ein klump i magen, i så lang tid», seier Marius, «eg var nesten letta då det endeleg vart gjort offentleg.» Ein utøvar som er utestengt for brot på dopingreglementet kan ikkje delta på nokon aktivitet i regi av nokon klubb eller foreining som er tilknytta Noregs Idrettsforbund, med unnatak for dei to siste månadane av dommen, då ein kan kome attende til trening. Dermed måtte Lode finne andre måtar å halde formen ved like på. «Ole Hjelmhaug (dåverande assistenttrenar i Bryne, journ. komm.) hadde vore ein viktig støttespelar for meg heilt sidan eg kom til klubben. Etter at dommen var kunngjort sette vi oss ned for å snakke om korleis eg skulle jobbe for å kome tilbake som fotballspelar når eg hadde sona ferdig. Eg spelte squash med Ole nesten kvar dag, og etter den første økta hadde eg gangsperr herfrå til månen, fordi det er så god trening. Etter kvart fekk eg spele for studentlaget til BI, det var lov fordi dei ikkje er tilknytta Idrettsforbundet, då spelte eg på midtbanen og scora gjerne to eller tre mål kvar kamp, noko som ikkje var så vanleg for min del! Eg trente også mykje for meg sjølv og hadde var i betre fysisk form enn nokon gong før då eg kom tilbake på Bryne-trening i juni 2016.» 

Men fysisk form er noko anna enn fotballform, noko Lode skulle få merke då han omsider gjorde comeback i Bryne-drakta. «I den første kampen mot Kongsvinger hadde eg krampe i begge beina etter seksti minutt. Heilt ferdig. Noko slikt hadde eg aldri opplevd tidlegare.» Marius seier at han fekk utruleg god støtte frå både klubben, familien, kjærast og vener i perioden han var utestengt, men det var sjølvsagt ein krevjande situasjon. «Eg var fulltidsstudent på BI og jobba i tillegg på Møllehagen. Som utestengt får du jo ikkje løn frå klubben, så eg måtte tene pengar. Eg sat på skulen frå morgon til ettermiddag og drog deretter inn til Bryne for å jobbe på restauranten. Det hende òg at eg måtte servere mine eigne lagkameratar, dei kom jo av og til innom Møllehagen for å ete. Å ikkje kunne setje seg ned i lag med dei då, det var tøft.»

Marius Lode kom tilbake frå utestenginga med eit nytt perspektiv på fotballen. «Det var vondt, men eg ville berre ta straffa mi og gjere meg ferdig med det. Eg har alltid gleda meg til å kome i garderoben, og det var vanskeleg å måtte stå utanfor, ikkje kunne delta og bidra i miljøet. Samstundes hjelpte det meg til å innsjå at ein berre har éi karriere, og at det gjeld å få mest mogleg ut av henne.» Dét må det vere lov å seie at han er i ferd med å lukkast med. Fire år etter etter at dommen var sona ferdig er han ein nøkkelspelar på det beste fotballaget i Noreg, eit lag som har forbløffa nasjonen og også fått internasjonal merksemd, for sin offensive, intense og uredde spelestil. 

Samstundes slit Lars Lagerbäck med å finne fram til den rette midtstoggarduoen, og Josimars utsending er ikkje den første som lanserer Lode sitt landslagskandidatur. «Det hadde vore kjekt å få spele med Erling igjen», smiler han, og sikter sjølvsagt til den hengslete tenåringen som kjempa seg inn på Bryne-laget i 2016, og som i dag er det heitaste angrepstalentet i Europa. Fire år er ikkje lang tid, men i dette tilfellet framstår avstanden mellom 2016 og 2020 som nærast ubegripeleg, uoverstigeleg. Kven skulle den gongen trudd at Braut Haaland og Lode, to spelarar frå eit lag som rykka ned til OBOS-ligaen, skulle vere der dei er i dag? Men slikt er mogleg i fotball, og kanskje er det nettopp difor spelet stadig har ein evne til å engasjere oss. Det veljer eg iallfall å tru i det eg forlet Aspmyra, spaserer den korte vegen til flyplassen og tek farvel med Bodø for denne gong.

Post Scriptum: I sin siste seriekamp før denne artikkelen vert levert til redaksjonen, vinn Bodø/Glimt 7-0 over Aalesund. Dei treng no eitt poeng på dei siste seks kampane for å sikre seg seriemeisterskapet. Etter kampen får Marius Lode beskjed om at han er tatt ut i landslagstroppen. «Det er litt surrealistisk», seier han. «Sinnssykt fortjent og veldig artig», uttalar Patrick Berg. Samtlege adjektiv kan vel like gjerne brukast til å skildre Bodø/Glimt anno 2020.