Josimar

«Det er den draumen»

Vi har vore vant til å bli skuffa. Men du verden så gode Bodø/Glimt kan vere når det «klikkar».

Tekst: Steinar Aas

Når vi skal summere opp dei to siste åra i Bodø/Glimts historie er det Olav H. Hauges (ikkje Jens Petter) dikt «Det er den draumen», som først renn meg i hug. «Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje», skreiv hardingen frå Ulvik i sitt vakre dikt, og slik er det. Vi som har følgt Glimt sida den første oppturen på 1970-talet, veit at vi ikkje skal gle oss for tidleg. Ja, kan vi i det heile tatt sleppe gleda laus?

Vi hugsar enno den første oppturen. «Vårres kara» var suveren på den regionale arenaen i nord på 1970-talet, skjønt fleire av laga nordpå heldt eit godt sportsleg nivå, som Mjølner, Mo IL og Harstad. Men på starten av 70-talet var Glimt i ein klasse for seg, nordpå. For mellom 1973 og 1980 var alle nordnorske lag samla i ei avdeling på nivå to i norsk fotball. Avdelinga var inkompatibel med resten landet og heitte «2. divisjon distrikt IX og X». Dei to andre avdelingane sørpå heitte «2.divisjon avd. A og B». Kring 1972 hadde laget i Bodø blitt bra, men siger i avdelinga ga ikkje direkte opprykk, men ein strafferunde mot nummer 2 i dei to andre avdelingane, gjerne på barfrosne banar i haust-Noreg. Kvaliken vart ei forbanning i Bodø. Vi hata henne intenst, fordi alt for mye stod på spel og for mange tilfeldigheiter var knytt til henne.

Men gjennombrotet måtte komme, for fleire heimvendte heltar som Harald «Dutte» Berg (FC den Haag), Terje Mørkved (RBK) og Arne Hanssen (RBK) gjorde at nivået på Glimtlaget vart heva. I 1974 gjekk laget ubeseira gjennom «X-avdelinga», og i NM-cupen var det ikkje stopp før eit av landets dominerande lag på 70-talet, Viking, slo Glimt i semifinale i Stavanger.

Men, så var det kvaliken då. Det var den vi venta mest på. Først var det ukjente Eidsvold/Turn, så kampen mot Fredrikstad FK kom til å bli rein finale. Publikumsrekorden på Aspmyra rauk trass i at kampen mot Romerikslaget var i arbeidstida i ein kald oktoberdag. Klokka 14.30 omkransa 5000 Bodø-supportere banen. Tidspunktet vart slik denne onsdagen på grunn av mangel på lysanlegg, så skolane slepte oss ungane av garde tidleg for å støtte Glimt den dagen. Først rett heim for å hyre seg, og så bar det på sykkelen til stadion. Andre fekk fri frå jobben, og rakk så vidt kampen, som akkurat vart ferdig til det mørkna. Slik var åra utan lys lenge i Bodø.

Nedturen var stor. Slukøyra gjekk vi heim etter at Glimt rota bort spelemessig overtak. Det enda 2-2 mot eit Eidsvold/Turn-lag som hadde med både Per Erik Brogeland og Mr. Sogndal – Svein Bakke. Tap også i bortekampen mot FFK (2-1) gjorde kvalifiseringa totalt bortkasta. Trass i spelemessig dominans i Fredrikstad betydde resultatet at vi måtte stampe oss gjennom «distrikt IX og X» eitt år til. Det var attpåtil eitt heilt år til neste kvalifisering. Ein fattig trøst var det at hovudstadspressa òg var skuffa. Dagbladet skreiv at alle beklaga «at Bodø/Glimt ikke kunne følgje med Fredrikstad opp til hovedserien, for Harald Bergs lag imponerte virkelig et publikum som vet en del om fotball». Bodø/Glimt «nærmest sjokkerte» FFK, og var alt for gode for eit år til på nivå 2. Dessverre gav ikkje superlativ opprykk.

Dei kom frå over alt

Året etter vart kjensla av å kave rundt i feil serie enda sterkare. Med 14 av 14 sigrar og nær 4 mål i snitt pr. kamp i «Distrikt IX og X» var seriespelet eit pliktløp. Vi som sykla til Aspmyra for å sjå kamp var derfor glade for NM-cupen, som i år skulle bli vår. Etter siger i omkampen i fjerde runde mot tittelforsvararen, Toro Johansens Skeid, var «cupfeberen» utløyst. Kunne det vedunderlege skje? Ja, det kunne det. Den største dagen i nordnorsk fotballhistorie var opplagt dei to kampane, først kvartfinalen mot Viking og så semifinalen mot Start. Til den første, ein søndagskamp 7. september sykla eg og kameraten min tidleg til Aspmyra, full av oljehyre. Var det mogleg å spele? Det regna som det berre kan i Bodø. Vi hadde tjukkgenser under og dei høge grøne støvlane, men var mest redde for å ikkje få sjå noka. Tiåringar som vi var visste at ståtribunen låg utafor løpebanene og vi måtte komme oss fremst til gjerdet. Der gjaldt det å halde seg fast i den runde galvaniserte stanga på toppen av gjerdet med reklameplakatane rundt løpebanen, helst litt skrått bak målet. Ingen måtte klare å bølle oss til sides. Vi visste vinkelen vart feil viss vi sto rett bak målet, der keeper og høgdestativ og reklameplakatar hindra sikta, og normalt stilte vi oss bak motstandarmålet i første for så å gå over på andre sida for å sjå Glimt-skåringar i andre omgang. Men i dag visste vi at det ikkje gjekk. Det kom til å bli så mange på stadion at vi neppe fekk sett noka om vi flytta oss.

Heile familien min var der, i alt seks personar. Det var folk som hadde kjørt milevis, frå Helgeland og Vesterålen for å sjå kampen, 200 kilometer ein veg var ingenting. Her var folk både frå Finnmark og Troms. Eg og kompisen min tviheldt på den kalde, runde jerngelenderet. Søstera mi stod på langsida, vart det sagt. Ho var enda mindre enn oss. Det vart fortalt at foreldra sette dei minste ungane opp i trea på ståtribunen, for elles såg dei ingenting. Og så vart dei vel ikkje trakka på heller. Vi var der ein time før kampstart. Bodø/Glimt mot Viking. Skulle Viking stoppe oss igjen? Trass i blaut og tung matte klarte Glimt det kunststykket å slå laget som hadde leia eliteserien det året frå fotballferien var over i juli. 2-1 vart det framfor meir enn 12 000 menneske, i ein by på 30 000. Det er framleis det største tilskodartalet i nordnorsk fotball. Folk hylte vilt då semifinaleplassen var sikra. Vi var kalde og våte, men den kollektive opplevinga av glede kjente ingen grenser. Slik var det også for folk i resten av landsdelen. Glimt hadde gjort oss stolte over å vere nordfrå. Men mest av alt var vi glade for å heie på «vårres lag», Bodø/Glimt.

Også «sør-avisene» gleda seg

I forteljinga om nordnorsk utaforskap er det lett for å snakke om den strukturelle diskrimineringa av landsdelen. På den eine sida var det eit innstendig ønske om å bli med i den nasjonale serien, men for dei fleste laga var det økonomisk sett vanskeleg før på 1970- og 80-talet. Då var flyplassane utbygd og ein kunne reise på bortekamp og nå heim med ei overnatting. Flyreiser kosta også mindre enn før, og med elleve bortekampar kunne ein klare å dekke dei tusenlappane kvar bortekamp ville koste. Laga frå Mo i Rana hadde fått deltatt i NM-cupen i 1947, då Stålkameratene tapte for RBK på Lerkendal det året, men ei slik ordning vart ikkje varig etter -47. Det vart for upraktisk og dyrt. Det fanst knapt nok grasbanar og fotball-anlegg med tribunefasilitetar. På 70-talet var det derimot i ferd med å komme på plass.

Les ein sørnorsk presse – det vi kalla «søravisene» – er det liten tvil om at den hadde eit godt auge for nordnorsk fotball og Bodø/Glimt. Etter Viking-kampen meinte VG at Glimt var «fullt på høyde med hvilket som helst annet lag her hjemme», mens Arbeidarbladet hevda kampen var «overraskende god og velspilt». Triumfen til Glimt kom av ein kombinasjon av «en imponerende viljeutladning, dyktighet og taktisk klokt spill». At laget seinare slo Start i semifinalen var heller ikkje å kimse av. Start vart nummer tre i toppserien det året, a-poeng med Brann (2) og RBK (4). Og seriemeister Viking tapte jo fortent mot Glimt i cupen.

Cupfinalen vart vunne i 1975 og kong Harald «Dutte» Berg vart krona med ei velfortent gullmedalje også med Bodø/Glimt. Vi var i ekstase, og det var resten av landet også, som gledde seg stort over underdogen som hadde komme opp og blitt ein kjæledegge. Likevel vart sesongen ufullenda. Kvalifiseringa gjorde at vi både måtte stå over eitt kast, og gå tilbake til start. Det bar rett tilbake til «distrikt IX og X», som året etter vart forfremma til «2.divisjon avd. C». Sorga var stor over at laget ikkje kom opp det året heller, for taksameteret gjekk, og fleire av dei gamle heltane som var ryggrad i laget telte på knappane. «Dutte» hadde vore i tenkeboksen alt med tapet mot FFK i -74, og i 1976 gjekk han inn i sitt 36. år. Til samanlikning la Svein Kvia (Viking) opp som 33-åring i 1980, for det var ikkje normalt å halde på så lenge som «Dutte». Jacob Klette var eitt år eldre, og toppskårar Arne Hanssen var passert 30 han også. Då Glimt omsider rykka opp på øvste nivå i 1977 visste vi at var der på lånt tid. Likevel vart det sølv det året, midt i Lillestrøms første store periode (1976-1978), og sølv i cupfinalen snakka vi ikkje om i Bodø, også det bak LSK. Året etter såg det derimot lenge tungt ut. Etter halvspelt serie hadde Bodø/Glimt 2 poeng, og låg sist. Ein langspurt av dei sjeldne på hausten gjorde at vi berga plassen med god margin foran Molde, Lyn og Steinkjer. Etter det har alltid folk i Bodø minna seg sjølv om at «hausten er gul», i dobbel forstand, særleg om vårsesongen gjekk trått. Likevel ante vi konturane av nedturen. Neste sesong viste det enno klårare, og i 1980 var det definitivt. Mannskapet klarte ikkje skippertak på hausten. Fornyinga av laget hadde ikkje vore vellukka, og nedrykket var eit faktum. Trass i at 40 år gamle Dutte Berg snørte skoa på seg på nivå to sesongen etterpå, vart det ikkje opprykk på første forsøk. Glimts første storheitstid var over.

Bodøs sjølvinnsikt

Daværende Bodø/Glimt-trener Erik Ruthford Pedersen kom med eit par hjartesukk i denne perioden. Han merka seg at heimetilhengarane kom på Aspmyra for å hånflire av sine eigne då det butta mest i mot i 1980. Han sette fingeren på eit lite påakta fenomen. I Bodø voks vi opp på denne tida med eit merkeleg tvisyn. Vi kunne både elske og vere sterkt kritiske til vårt eige lag. Slik hadde folk, særleg sportsjournalistane i Bodø, lenge skrive om Glimt. Klubbens fotballhistorikar, Svein Lundestad skildra ein finale i nordnorsk meisterskap der Glimt var favoritt, og vann oppskriftsmessig 3-0. Likevel var folk skuffa. Laget hadde ikkje spela godt, ikkje imponert. Slik var Bodø-pressa ofte. Det skulle vere bra, før ein gledde seg. Det var noka barnsleg med det.

Tonen var sett, stadig vart dette eit problem. Folk er ikkje alltid fornøgd før dei imponerer. Dei må spele god fotball. Når det har vore godt spel og gode resultat har det vore desto artigare. Då har folk gledd seg, som i år og dels i fjor, eller i 1992 og 1993, og i 2003, då laget spelte festfotball. Opprykket til eliteserien i 1992 var strålande. Folk venta kalassiffer på heimebane, og slik vart det lenge. Sølvmedaljen i 1993 i serien gleda også. Då kom Bodø/Glimt på andreplass bak Rosenborg, men var berre eitt fattig poeng bak, men hadde klart betre målskilnad. Med uavgjort mot RBK i seriefinalen, hadde gullet vore gult. Sesongen hadde vore strålande, med siger i cup-finalen nokre veker etter. Men folk var ikkje heilt nøgd med den. «Dei hadde ikkje spelt så veldig bra i cup-finalen» mot Strømsgodset, trass i 2-0-siger. Bodø-folk er dønn ærlege, men ofte også gjennomført urealistiske når vi stiller krav til laget vårt.

Ventetid

Mange klubbar har opplevd det vi gjorde mellom 1981 og 1992. Det å ikkje komme opp av sumpa skjer stadig, og det var der vi hamna. Det vart ein samanhengande nedtur med kampar i Kåfjord, Honningsvåg og Nordkjosbotn, der vi møtte lokale lag som elska krigen mot Glimt, den falma storheita. Berre unntaksvis vart det opprykk til nivå to, og då relativt raske opphald. For Bodø-publikum vart nedturen den sjølvpininga som heile tida hadde vore del av fotballopplevinga, og fleire kom framleis på stadion for å klage og syte. Ein venta på «det vedunderlege», men kvardagen var stort sett grå, slik den stort sett er for alle som held med lag som ikkje har for vane å ta titlar på regulær basis, og det er jo i grunn dei fleste blant oss.

Unntaksåret var 1992, som vart ein parademarsj gjennom 1.divisjon og inn i Eliteserien, og året etter var det Glimt som spelte champagnefotball. Det vidunderlege var i ferd med å skje. Ein ny generasjon kjappe, snartenkte, djerve og tekniske spelarar gjorde det vi hadde drømt om så lenge, ikkje ulikt det som skjedde i 2019 og i år. Dei gjorde det du sjølv ikkje alltid kan forklare når det «klikkar» når du spelar fotball. Når du spelar ballen til ein person som intuitivt skjønnar kva du tenkjer og har tenkt å gjøre i neste moment. Det er jo dette som er magisk med fotball. Det som handlar om det «relasjonelle» som det så fint heiter i dag. Der du gjennom samspel får til ting som ingen såg skulle skje, men berre skjer, uforklarleg. Slik var det også i 2003, med sølv etter RBK både i serie og cup. Men aldri hadde vi stamina eller mentalitet til å ta det største av alt, seriemeisterskapen. Ein liten klubb som Glimt kunne vel ikkje utfordre stormakta?

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent