Josimar

Æg ville bare dryla te an, å dæ gjor æg

Frå grandonkel Gabriels målrekord til det lokale tannlegekontoret. Bli med på ei reise i tid og rom til Erling Braut Haalands heimtrakter, på jakt etter selve kjerna, nøkkelen til det som gjer superspissen frå Jæren så spesiell.


Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Tarjei Sel

Ingen som såg det, vil gløyme det med det første. Erling Braut Haaland (19) hadde allereie scora eitt mål for Borussia Dortmund denne kvelden då han avanserte mot PSG-målet, mottok ei pasning frå Giovanni Reyna (17), la ballen til rette med si første berøring og banka han i mål med voldsom kraft og utsøkt presisjon med den andre. Det var eit slikt mål alle som har spelt fotball skulle ynskje at dei kunne ha scora, eit mål som minnar oss om kvifor vi vart glade i fotball i utgongspunktet.

Med to berøringar omskapte Bryne-guten Braut Haaland seg sjølv frå eit av sin generasjons mest spanande angrepstalent til ei vaskeekte verdsstjerne. På dette tidspunktet hadde han berre spelt Champions League-fotball i 462 minutt, korav 372 for austerrikske Red Bull Salzburg, men han hadde scora ti mål i turneringa, fleire enn heile Barcelona til saman. Dei to scoringane i CL-debuten for Dortmund, Buddha-feiringa etter det første, den nesten ubegripeleg avslappa haldninga i TV-intervjua etter kampen, alt bar bód om ein spelar som ikkje berre har evnane, men også personlegdomen til å dominere internasjonal fotball i tiåret som kjem.

Erling Braut Haaland kom til verda med gode føresetnader for å verte god i idrett. Han vart fødd i England medan faren Alfie Haaland var proff i Leeds United. Alfie spelte også for Nottingham Forest, Manchester City og moderklubben Bryne FK, fekk 34 A-landskampar for Noreg og deltok i USA-VM i 1994. Mora, Gry Marita Braut, hadde nokre år tidlegare vore norsk meister i sjukamp. Far til Alfie, Astor, spelte også A-lagsfotball for Bryne, medan mor til Gry Marita, Inger Åse, var ein svært habil friidrettsutøvar i unge år.

Inger Åse Høyland Braut er dessutan systera til sjølvaste Gabriel Høyland, bonden og balleleganten som førte Bryne, mønsterbruket frå Jæren, opp i noregseliten på 1970-talet. Som for å understreke breidda i det familiære idrettstalentet har Braut Haaland heile tre syskenbarn i eller nær norsk toppfotball. Jonathan Braut Brunes (20) skal komande sesong freiste å etablere seg i Eliteserien med LSK. Emma Braut Brunes (17) har både erfaring frå Toppserien med Klepp og aldersbestemte landskampar for Noreg. Medan Albert Braut Tjåland (17) i fjor følgte i fetter Erling sine fotspor og gjekk frå Bryne til Molde.

Grandonkel Gabriel scora 170 mål på 595 offisielle kampar for moderklubben og vil for all framtid vere tidenes største Bryne-spelar. Men han er ikkje lenger tidenes største spelar frå Bryne. Den trona har Erling allereie tatt over i ein alder av berre 20 år. Han er framleis i startfasen av karriera, men truleg har ingen mannleg norsk fotballspelar hatt ein like markant internasjonal profil. Asbjørn Halvorsen vann tyske meistertitlar som kaptein og senterhalf for HSV; Arne Brustad briljerte i OL og VM, vart tatt ut på Europa-laget og fekk kontraktstilbód frå Arsenal; Per Bredesen triumferte i Serie A med Milan; Rune Bratseth var kanskje den viktigaste enkeltspelaren i gullalderen til Werder Bremen, leia det norske landslaget nesten til topps på FIFA-rankingen og var ein midtstoggar i ypparste verdsklasse; Ole Gunnar Solskjær avgjorde ein Champions League-finale for Manchester United; Martin Ødegaard vart gjenstand for enorm merksemd då han signerte for Real Madrid før han hadde fylt seksten år.

Men likevel. Likevel. Sjølv med mine mest nøkterne og upatriotiske briller på kan eg ikkje sjå noko anna enn at den røslege jærbuen er Noregs mest profilerte spelar gjennom alle tider. Det har ein god del med posisjonen hans på banen å gjere – ein spiss som scorar veldig mange mål vil alltid vere populær. Det har truleg endå meir med samtida å gjere – fotballens posisjon innanfor den globale underhaldningsindustrien har aldri vore sterkare, mediedekkinga aldri meir vidtfemnande, informasjonskanalane aldri fleire, dermed opplever dei beste spelarane i dagens toppfotball ei meir intens eksponering enn tidlegare generasjonar gjorde.


Mål etter mål

Men – forbløffande nok! – mest av alt har det med Erling Braut Haaland sjølv å gjere. Det er noko ekstraordinært, ja beint fram usannsynleg ved han. Her er ein gut som scorar direkte frå avspark i ein G15-landskamp for Noreg. Ein gut som scorar fire mål på tjue minutt for Molde mot Brann i Eliteserien. Ein gut som scorar ni mål i éin kamp i U20-VM. (Rett nok mot stakkars Honduras, men likevel, ni mål. Ni!) Ein gut som scorar hat-trick i løpet av sin første omgang i Champions League. Og så bortetter. Folk driv ikkje på sånn. Det er komplett useriøst. Viss Erling Braut Haaland var ein fiksjonsfigur, ville han vore ein fiasko – publikum ville ha avfeia han som totalt urealistisk. Men Erling er verkeleg. 194 centimeter tempo, kraft og eksplosivitet.

Internasjonale medier har føreseieleg nok freista å framstille han som ein slags kyborg, eit laboratorieprodukt. Men Erling er ein heilt vanleg ung mann frå eit heilt vanleg bustadfelt på Bryne, ein gut som vart god i fotball ved å spele i lag med barndomsvenene sine. Ein gut som, då han var tretten år – ein alder då jamnaldringar med tilsvarande talent i dei store fotballnasjonane i verda allereie har agentar og er i full gong med å planleggje proffkarriera – spelte for eit gatelag som heitte Pylsa i Skjeva. Ein ung mann som i ein alder av tjue er kjent over heile verda og som tener ei brukbar norsk årsløn kvar veke, men som stadig ser ut til å først og fremst spele fotball fordi det er det kjekkaste han veit. Ein ung mann som tek kvart einaste løp i håp om å nok ein gong få vere først på ballen og blendre han i nettet. Den enkle gleda ved å spele fotball, score mål. Ja. Ville bare dryla te an.

Når ein person oppnår global kjendisstatus av det slaget (mannlege) fotballspelarar på absolutt toppnivå har, vert det ofte vanskeleg å skilje mennesket frå myten. Erling Braut Haaland har vekselvis vore framstilt som ein slags prestasjonsmaskin som aldri tenkjer på anna enn fotball og som planlegg kvart sekund av sitt liv utelukkjande med det målet for auge å yte maksimalt på banen og som ein slags laid-back bohem som cruisar rundt med Champions League-hymnen på bilstereoen, spelar inn dårlege musikkvideoar med lagkompisar, og tek med seg ballen i senga i staden for ein kjærast.

Tendensen hans til å gje ganske korte svar når han vert intervjua på fjernsyn har ført til overfortolkande spekulasjonar om at han er både sjenert og arrogant. Sanninga er sjølvsagt berre at han er frå Jæren. Det ville vere absurd å bruke to ord på eit svar når eitt ord held, sånn er det berre, det er noko alle jærbuar veit. I pakt med sin jærske bakgrunn seier han vanlegvis ikkje så veldig mykje, men når han seier noko er det som regel klart og tydeleg kva han meiner, som då han under tida i Red Bull Salzburg uttalte at han syntest det var «dritkjedeleg» å snakke med journalistar. Men den same unge mannen som får kritikk for å vere ein vriompeis i møte med pressa har også mottatt hyllest for sin klare og tydelege bruk av jærdialekta. Då han fekk prisen for årets gjennombrot i norsk idrett på Idrettsgallaen i 2020 brukte han det lokale kraftuttrykket «grævla» fem gonger i løpet av ein knapt to minutt lang takketale. Åse Wetås, direktør i Språkrådet, lovsong i ein annan samanheng Braut Haaland for å «vise fram den jærske dialekta i all si prakt.»

Kav jærsk

Fotballspelarar i verdseliten tilhøyrer ein global overklasse som – vanlegvis – har meir til felles med kvarandre enn med «vanlege folk» der dei kjem frå. Både økonomisk og når det gjeld prestisje lever dei i ein annan dimensjon enn oss andre – ein dimensjon kor ein eller annan superagent knipsar med fingrane og tryllar fram eit privatfly viss du tilfeldigvis har bruk for det. Lionel Messi og Cristiano Ronaldo er rivalar og verkar ganske ulike som personar, men dei deler erfaringar nesten ingen andre har og ville truleg finne det lettare å halde praten i gong med kvarandre enn med ein røyrleggjar, lærar eller sjukepleiar frå Rosario eller Madeira. Erling Braut Haaland har i løpet av det siste året også skóte seg inn i denne overklassen, men framstår ikkje desto mindre som ein mann som stadig har sin grunnfesta, lokale identitet intakt.

Når han snakkar, snakkar han kav jærsk, og når han poserer på instagram er det ikkje i ein eller annan glamorøs setting med armen slyngja om ein tilsvarande glamorøs babe, men med motorsag iført verneutstyr eller sitjande på ein gamal traktor i bar overkropp. Kjendisar på dette nivået er som regel gislar for nokre sleske små demonar som kallar seg for «PR-rådgjevarar», men Braut Haaland framstår som påfallande lite utstudert, som om imaget hans er å vere immun mot kravet om å ha eit image. Eg kjenner han ikkje og kan ta heilt feil, men eg kjenner heimplassen hans ganske godt sidan det også er heimplassen min, og ein av arbeidshypotesane i denne artikkelen er såleis at Erling Braut Haaland er den han er (mellom anna) fordi han er der han er frå.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent