Josimar

Tommyball

Tom Lund er den mest myteomspunne spelaren i norsk fotballhistorie. Men kva var det eigentleg som gjorde han så spesiell?

Tekst: Nils Henrik Smith

Lillestrøm, du ha’kke mye å friste med

Ikke en eneste attraksjon

De eneste turistene har gått av på feil stasjon

Såleis kvad romeriksskalden Stein Ove Berg (1948-2002) i låten «Lillestrøm-calypso» frå albumet Egg (1980). Teksten er ein katalog over alle moglege måtar Lillestrøm kjem til kort mot byar som London, Paris, Rio, New York, Oslo og Bergen på, før han konkluderer med at det trass alt kunne vore verre for dei stakkars desorienterte turistane, dei kunne jo hamna på Strømmen! Kor vidt Lillestrøm for førti år sidan verkeleg var ein så grå og miserabel plass som Kløfta-guten Berg gjev inntrykk av i denne teksten skal eg ikkje uttale meg om, men det vi uansett kan slå fast er at visesongaren neppe var særleg oppteken av fotball. Viss han hadde vore det ville han nemleg ha visst at Lillestrøm på denne tida hadde ein lysande attraksjon som ikkje stod noko tilbake for kva dei storslagne metropolane han refererer til hadde å tilby. Lillestrøm hadde Tom Lund. Og lillestrømlingane ville ikkje byta Tom Lund mot alle attraksjonar i verda.

Tom Lund vart fødd på Lillestrøm 10. september 1950, for å verte ein legende i levande live. Mora, Eva, var handballspelar for Fjellhammer og dessutan ein habil friidrettsutøvar med mellom anna eit krinsmeisterskap i høgdehopp på merittlista. Faren, Kjell, spelte fotball for Lillestrøm/Fram i lag med broren Gunnar, før dei begge melde overgang til Lillestrøm Sportsklubb kor dei var med på opprykket til Hovedserien i 1952 og NM-finalen mot Viking året etter. Vesle Tommy vaks opp i eit hus med hage kor ni epletre stod på rad: Gutungen brukte dei som rundingsbøyer når han leika seg med ballen, åleine, i time etter time. Etter kvart skulle epletrea òg gjere nytte når han trente presisjon på dødball.

Som barn var Tommy liten og sped, men den to år eldre fetteren Jann – son til Gunnar – tok han likevel med seg på løkka på Furuskogen kor det gutar i hopetal samla seg for å spele fotball. Sonen til Eva og Kjell var yngre enn dei fleste og mindre enn alle, men utmerka seg likevel frå første stund. «Jeg husker han hadde en slik enorm viljestyrke», uttalte Leif Hansen i Jon Haaland si bok Tommy (1982): «Seiersviljen, det å alltid ville yte sitt aller beste, prega alt han gjorde. Vi kunne se på ham at han tok seg svært nær av å tape. Tårene kunne sprette fram av fortvilelse viss han hadde gjort en dårlig figur. Var han med på å vinne var han overlykkelig.» Leif vart seinare lagkamerat med Tommy på LSK, i likskap med fetter Jann og fleire av dei andre gutane frå løkka.

Multitalentet

På same måte som faren og onkelen gjorde også Tommy seg sine første erfaringar med organisert fotball i Fram. Han var sju år og teknisk sett langt frå gamal nok for lilleputtlaget, og drakta var så mange nummer for stor at mesteparten av nitalet på ryggen var skjult av shortsen. Likevel var talentet openbert for alle som ville sjå. Tom Arne Lund frå Birkebeinergata var fotballspelar. Men han var også mykje anna. Eit idrettstalent består jo av mange komponentar. Tommy trente opp dei fotballspesifikke ferdigheitene sine – ballkjensle, overblikk, fotballforståing – både heime i hagen, på løkka og i organisert trening og kamp med Fram og etter kvart LSK, men han var òg rikt velsigna med atletiske kvalitetar frå naturen si side: Tempo, spenst, balanse, koordinasjon. Følgjeleg var han god i alt. Han var rask på ski og skeiser, hevda seg godt i bandy, ishockey og handball, og utmerkte seg i dei fleste former for løp, hopp og sprang. 

No er det sjølvsagt vanleg at utøvarar som når toppen i éin idrett har anlegg for mange andre idrettar, men det som – iallfall sett frå dagens ståstad – er oppsiktsvekkjande med Tom Lund er at han heldt fram med å utøve fleire av desse andre idrettane parallelt med fotballkarriera, i vaksen alder. Så seint som i 1976 – då han var 26 år gamal, ålment anerkjent som den beste fotballspelaren i Noreg, etablert på landslaget og for første gong vart seriemeister med LSK – vurderte han tilsynelatande seriøst å prøve å kvalifisere seg til tikamptevlinga i OL i Montreal!

Men enno er det langt fram dit. Tom Lund vaks opp på ein plass kor idrett generelt og fotball spesielt stod sentralt i kvardagen og i det kollektive medvitet, ein plass kor det fanst kultur og tradisjon for leiken med det runde læret. Lillestrømlingen Alf «Kaka» Martinsen hadde vore senterløpar for Bronselaget og scora to mål i førsterundesigeren over Tyrkia på Mommsenstadion i Berlin. I etterkrigstida var han trenar for LSK då laget rykka opp til hovedserien og spelte seg fram til sin første cupfinale. Dermed var klubben etablert i norsk toppfotball, iallfall for ei stund. Lillestrøm kom til finalen på Ullevaal tre gonger i løpet av seks år (1953, 1955, 1958), men tapte den første for Viking og dei to neste for Skeid. 

I 1959 var det omsider duka for klubben sitt første nasjonale trofé. LSK vann si avdeling i Hovedserien og møtte Fredrikstad til finalekamp om serietittelen. Sjølvaste FFK, på det tidspunktet den mektigaste klubben i kongeriket, laget som hadde vunne serien fem av dei ti føregåande sesongane. Finalen endte uavgjort etter ekstraomgangar, men i omkampen banka Lillestrøm aristokratane frå Østfold 4-1! Ni år unge Tom Lund var sjølvsagt til stades under mottakinga for meisterlaget, men han var for liten til å få sjølv det minste glimt av idolet Oddvar Richardsen og dei andre spelarane. Alt han såg var faklar og ljos, men han høyrde jubelropa frå det takksame publikum og ein draum vart tend i han.

Etter berre éin sesong i Fram si altfor store drakt melde Tommy overgang til LSK og gjekk gradene i klubben samstundes som han og resten av kameratgjengene frå Furuskogen var særs ihuga supporterar av A-laget, både heime og borte. Dei reiste til bortekampane med både tog og ordinære rutebussar, men av og til, viss dei hadde flaks og det var ledig plass, fekk dei lov til å sitje på med spelarbussen. Men trass i støtta frå dei entusiastiske unggutane gjekk det gradvis nedover med laget. Dei vann si avdeling i Hovedserien igjen i 1960, men denne gongen var styrkeforholdet i finalen omvendt: Lillestrøm 2 – Fredrikstad 6, stod det på resultattavla til slutt. Året etter rykka LSK rett og slett ned. Dei første sesongane i 2. divisjon kiva dei om opprykk, men etter kvart byrja laget å søkkje nedover på tabellen. Heltane frå meisterlaget av 1959 vart eldre, dei gav seg med fotball og vart ikkje erstatta, for dei lovande ungdommane i klubben var framleis for unge, og enno var det ingen som hadde kome på den radikale idéen om å hente spelarar frå andre klubbar for å styrke laget.

«Bør kunne bli en god spiller»

I 1966 endte Lillestrøm Sportsklubb sist i 2. divisjon, avdeling A med fattige fem – 5 – poeng. Laget som sju år tidlegare hadde vunne sjølvaste Hovedserien skulle no spele på nivå tre i norsk fotball. Varen var levert, den heitte 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre. Men samstundes som ting hender, hender også ofte andre ting, og det gjorde det òg i dette tilfellet. Same sesong som LSK sitt A-lag rykka ned i 3. divisjon, vann juniorlaget klubbens første NM-tittel etter finalesiger over Sandefjord-klubben Store Bergan. På det laget spelte talrike av kameratgjengen frå Furuskogen: Jann Lund, Leif Hansen, Jan Tore Eidholm. Men stjerna på laget var ein førsteårsjunior med lange, men syltynne bein – Tommy! Han scora mellom anna tre mål då LSK slo Vålerengen 10-0(!) i tredje runde og to mot Aalesund i semifinalen. 

Finalen gjekk på Åråsen. Då A-laget baud 2. divisjon far vel ved å late seg utklasse av Eik møtte berre 100 tilskodarar opp. No kom det 3000 for å sjå ein juniorkamp! Lillestrøm vann greitt, og sjølv om Tommy ikkje kom på scoringslista mottok han likevel rosande ord. «Publikum var med når guttespilleren i senter, Tommy Lund, sleivet og slentrende og med utsøkt teknikk, gled fram», skreiv Arbeiderbladet. Reporteren frå Dagbladet var noko meir avmålt. Han meinte at Tommy var «altfor glad i ballen og litt for lang i steget», men påpeikte samstundes at «av og til glimtet han til med glimrende teknikk. Han bør kunne bli en god spiller hvis han innordner seg lagspillets bærende idé.»

Den logiske konsekvensen av alt som hende i LSK i 1966 var sjølvsagt å køyre dei talentfulle unggutane inn på A-laget frå og med neste sesong. Dei fleste var jo no atten, nitten år gamle og snart ferdige med junioralderen uansett. Men Tommy var berre seksten og sjølv om det var klart for alle at han var eit ekstraordinært talent, var han framleis spinkel og fysisk sårbar. Det var opplagt ein viss fare for at han kunne verte alvorleg skada i kamp mot vaksne menn i 3. divisjon. Den sportslege leiinga i klubben kom difor fram til eit kompromiss som gjekk ut på at han vart teken opp i A-stallen, men at han skulle sparast frå det ein gjekk ut frå vart dei aller verste knokkelkampane, som oppgjera mot Hamarkameratane og ikkje minst derbyet mot Strømmen. Etter halvspelt serie låg LSK heilt sist i 3. divisjon Østland/Nordre, men etter kvart som juniorane vende seg til seniorfotball betra formen seg og laget redda plassen til slutt. Samstundes vart både Tommy og lagkameraten og venen Arild Martinsen tatt ut på juniorlandslaget til kampen mot Sverige. Begge scora i 3-2-sigeren på Råsunda – den første gongen Noreg nokon gong hadde slått Söta Bror i ein juniorkamp! (Mellom dei som kjende han er det semje om at Martinsen var eit stort talent som kunne nådd langt i fotball, men han døydde diverre i ei bilulukke i 1969, ein tragedie som skaka Tommy sterkt. Kvil i fred.)

Trass i visse problem med ryggsmerter var Tom Lund i stadig vekst som spelar gjennom dei neste sesongane. Etter ei juniorlandslagsturnering på Island kor han scora fire mål på tre kampar vart han utpeikt til «Nordens beste junior» av ekspertkorpset. Landslagstrenar Øyvind Johannesen – som seinare tok over A-landslaget – var full av lovord om den unge stjerna si, men avslørte samstundes at han hadde måtta be spelarane om å slutte å spele poker under opphaldet fordi «Tommy vant ubeskjedent mye og var i ferd med å blakke de andre». Sigersviljen Leif Hansen hadde lagt merke til allereie på løkka på Furuskogen var med andre ord intakt, både på banen og rundt pokerbordet. Denne viljen gav seg òg utslag i sportslege ambisjonar. «Hvis vi ikke klarer å rykke opp vil jeg sannsynligvis forsøke meg i ein klubb i ein høyere divisjon», uttalte han allereie hausten 1968. Men trass i at dei altså hadde både tradisjon og individuelt talent klarte ikkje Lillestrøm å kjempe seg ut av 3. divisjon, avdeling Østland/Nordre verken i 1968, 1969, 1970, 1971 eller 1972. Og Tommy var stadig på Åråsen, trass i at han for lengst hadde debutert for A-landslaget og trass i at toppklubbar over heile Europa på dette tidspunktet var viljuge til å gå langt for å sikre seg signaturen hans på ein proffkontrakt.


Johann og Tommy

Når ein skriv om dette nær femti år seinare er det vanskeleg å ta inn over seg at det i det heile kan ha vore tilfelle. 3. divisjonsspelarar kjem ikkje på landslaget, og dei får iallfall ikkje tilbod om å fylle fotballskoa til den beste spelaren i verda. Men det gjorde Tom Lund. I 1973 hadde Ajax vunne Serievinnarcupen tre sesongar på rad, men etter ein konflikt om kapteinsvervet i klubben endte dei opp med å selje superstjerna Johann Cruyff til Barcelona for ein verdsrekordsum. Mannen dei ynskja som Cruyff sin erstattar var ein sjenert og beskjeden tjuetreåring frå Lillestrøm. Eg skal tilstå at før eg byrja å skrive denne saka hadde eg alltid kjent på ein viss skepsis til kor reelt dette tilbodet eigentleg var. Det høyrtest for utruleg ut til å vere sant! Men det viser seg at det var høgst reelt og min skepsis er gjort til skamme. Ajax hadde sendt speidarar til Åråsen og desse hadde lagt merke til at Cruyff og Tommy hadde same løpesett og dessutan føretrekte å bevege seg i same rom – frå posisjonen som midtspiss og ut mot venstre. Barry Hulshoff, den røslege Ajax-midtstoggaren og hardrockentusiasten, hadde spelt mot Tommy då Noreg møtte Nederland på Ullevaal nokre veker tidlegare. Han vart spurt om si meining av klubbleiinga og forsikra at denne Lund frå Noreg var meir enn god nok.

Ajax bad han kome til Amsterdam og Tommy reiste nedover i lag med VG-journalisten Reidar Martinsen, som fungerte som ein slags mellommann. Dei forhandla med Ajax sin assistenttrenar, den legendariske Bobby Haarms, på eit hotellrom. Lillestrøm skulle få 500 000 kroner i overgangssum og Tommy det same i årsløn. I norsk fotballsamanheng var dette heilt absurde summar på denne tida. (LSK sitt samla budsjett for 1971 hadde vore på 75 000 kroner.) Streken i rekninga var at Ajax ynskja at han skulle skrive under for to og eit halvt år, medan Tommy sjølv berre ynskja ein eittårskontrakt. Han var ung, men allereie gift med Solveig og pappa til vesle Hanne. Han var etablert med eige salsagentur og i ferd med å byggje hus heime på Lillestrøm. Han var skeptisk til å skrive under på det han oppfatta som ein for lang kontrakt i tilfelle familien mistreivst eller det ikkje fungerte sportsleg. Nokre dagar etter forhandlingsmøtet med Ajax vitja Billedbladet NÅ fru Solveig medan Tommy var på landslagssamling. Ho understreka at det var han som tok den endelege avgjerda – «det er han som skal jobbe der nede» - men var samstundes open om kva ho sjølv tenkte: «Sier Tommy nei, så mener han det. Da nytter det ikke om Ajax dobler tilbudet sitt!»

Ivar Hoff hadde trått inn i vervet som oppmann i LSK i 1971 og skulle verte ein sentral person i den utviklinga som gjorde klubben til landets fremste i andre halvdel av 1970-åra. «Då Tommy kom heim frå Amsterdam, sat kona mi og eg oppe hjå han og Solveig til seint på natt», fortel han. «Då vi drog heim, hadde eg inntrykk av at han hadde bestemt seg for å takke ja, men han ombestemte seg.» Tommy var sterkt knytta til Lillestrøm og prioriterte tryggleik for familien, men, som Hoff seier: «Det skulle vore utruleg moro å sjå korleis han ville ha klart seg som erstattar for Johann Cruyff. Viss han hadde reist til Ajax den gongen trur eg at han etter kvart ville ha følgt i fotspora til Cruyff til ein toppklubb i Spania eller Italia. 

Tommy hadde ein utruleg hurtigheit og teknikk og var ein vinnarskalle. Han kan verke beskjeden utad, og det er han, men han er òg utruleg fokusert på å vinne.» Målet Hoff trekk fram for å skildre Tom Lund som spelar kom mot Mjøndalen i 1976. Det er eit av relativt få Lund-mål eg sjølv har sett, ettersom det var med i eit innslag som vart send i NRK-programmet Sport Jukeboks på tidleg 2000-tal. Eit kornete svart-kvitt-opptak av ein langbeint, ulenkeleg spelar som skjer inn frå høgre og fintar seg forbi den eine forsvarsspelaren etter den andre før han klinkar ballen i mål frå nærast død vinkel. «Tommy hadde eit steg som få andre», seier Hoff. «Det såg ikkje ut som om det gjekk så fort, men han sprang frå alle. Han var ein fantastisk tobeinsdriblar. Ein gaselle!»

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent