Josimar

Traktorjentene

Klepp er blant dei fremste aristokratane i norsk kvinnefotball. Men korleis skal klubben frå den jærske landsbygda møte utfordringane i ei ny tid?

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Lars Aalgaard

Klepp er ein kommune på Jæren i Rogaland fylke. Kommunen har 19 848 innbyggjarar (2021) og eit flateinnhald på 113,49 kvadratkilometer. Klepp grensar mot Sandnes og Sola i nord, mot Time i sør og aust og mot Hå i sør. Kommunegrensene har vore uendra sidan formannskapslova vart innført i 1837. Klepp er kjend for sandstrendene Orre og Bore, som begge er blant dei lengste og fagraste i Noreg (og, spør du meg, heile verda), ynda utfartsmål og veleigna arenaar for rekreasjonelle aktivitetar som turgåing, fuglekikking, bading, soling og surfing (når vêret tillet det). Nord for Borestranda, ved Sele, ligg utløpet av Figgjoelva, ei populær lakseelv kor ingen ringjare enn Hans Majestet Kong Harald V har fått napp opptil fleire gonger. Den viktigaste ferdselsåra for biltrafikk gjennom Klepp er Fylkesveg 44, medan Jærbanen har to stoppestader i kommunen, på Øksnavad og Klepp stasjon. Kjende kulturpersonlegdomar frå Klepp kommune er mellom andre målar Ole Tjøtta (1880-1930), forfattar Torvald Tu (1893-1955), lyrikar Åse-Marie Nesse (1934-2001), gitarist Terje Winterstø Røthing (1977-) og travhest Rex Rodney (1980-1995).

Jæren er ein særs forblåst plass, men i norsk målestokk er klimaet mildt og sånn sett godt eigna for utandørs idrett, inkludert fotball. Vikbanen i Klepp var i årevis kjend som den første grasbanen i heile landet som kom i spelbar stand. (I dag er det kunstgras på Klepp stadion, men det er ei anna soge.) Det finst såleis talrike idrettslag i Klepp, så som Kåsen, Orre, Orstad, Voll og ikkje minst Klebe, som er ei forkorting for Klepp Bedehus, som er eit bedehus i Klepp. Likevel: Klepp Idrettslag, grunnlagt 1919, er både det eldste, det største og det mest suksessrike idrettslaget i kommunen. 

Klepp IL er som namnet antydar eit fleiridrettslag som i dag tilbyr aktivitet for barn, ungdom og vaksne innan fotball, handball og turn. Tidlegare har også friidrett og orientering stått på programmet. Den mest meritterte enkeltutøvaren i idrettslaget si historie er utan tvil turnaren Åge Storhaug (1938-2012), som vart noregsmeister fjorten gonger, nordisk meister seks gonger og deltok i OL to gonger. Og no byrjar me å nærma oss det denne teksten eigentleg handlar om. Storhaug var nemleg del av eit aldri så lite lokalt idrettsdynasti kor faren Lars mellom anna var styreformann i Klepp, medan syskena Turid og Lars begge var aktive friidrettsutøvarar med gode resultat i NM. Turid noterte seg for gull i høgde utan tilløp, medan Lars sin beste prestasjon var bronse på 110 meter hekk. Lars var, som faren, Lars, gardbrukar på garden Storhaug, samstundes som han gjorde sitt namn gjeldande i politikken, kor han representerte Høgre på Stortinget i perioden 1985-89. Aller størst suksess, iallfall sett frå eit fotballperspektiv, hadde han kanskje likevel som far: Døtrene Bjørg og Turid spelte begge nemleg heilt sentrale roller då Klepp etablerte seg som ein maktfaktor i norsk kvinnefotball på andre halvdel av 1980-talet.

Korleis oppstår toppidrettskultur? Kva er det som gjer at ein klubb held høgt sportsleg nivå over tid, medan ein annan ikkje klarar å stabilisere seg på det nivået og ein tredje aldri kjem seg opp dit?


Finst det nokon særskilt grunn til at nettopp Klepp – ein liten klubb frå ei grøn bygd på Jæren – er det einaste laget som har vore i den øvste norske divisjonen for kvinner under same namn og sportslege struktur heilt sidan serien byrja for 34 år sidan? Og kan klubben halde på denne posisjonen i ei tid då kvinnefotballen nærast gjennomgår ein revolusjon? Det skal vi prøve å få svar på i denne artikkelen. Historia om fotball for kvinner har – i Noreg som i dei fleste andre land – vore ei historie som har handla om latterleggjering, motstand, skepsis, nølande aksept og til slutt gradvis anerkjenning. Det er framleis langt fram til likestilling i fotballen, både når det gjeld økonomi, infrastruktur, mediedekking og publikumsoppmøte, men å vere motstandar av kvinnefotball er definitivt passé. 

Det finst framleis folk (som aldri ser på kvinnefotball) som meiner at kvinnefotball er dumt, uestetisk eller rett og slett dårleg, men desse folka og synspunkta deira er ikkje lengre velkomne i det gode selskap.

På midten av 1980-talet hadde ein ikkje kome så langt, men ein hadde kome langt nok til at det vart vedtatt å frå og med 1987 arrangere ein nasjonal serie også på kvinnesida. Kva lag som skulle spele i 1. divisjon den første sesongen vart avgjort gjennom dei ulike landsdelsseriane året i førevegen. Det skulle vere med ti lag, og plassane var fordelt som følgjer: Nord-Noreg: 1 lag. Trøndelag (som inkluderte klubbar frå både Hedmark og Møre og Romsdal): 2 lag. Vestlandet: 2 lag. Austlandet: 5 lag. Austlendingane forsynte seg i kjent stil grovt av plassane, men meinte også i kjent stil at dei burde hatt endå fleire. Trass i at Amazon frå Grimstad hadde vore mellom pionerane i norsk kvinnefotball, var stakkars Agder på dette tidspunktet utradert frå toppfotballkartet! Dei ti laga som kvalifiserte seg for den aller første allnorske seriesesongen for kvinner var (i alfabetisk rekkjefølgje): Asker, BUL, Bøler, Grand, Klepp, Sandviken, Setskog, Sprint-Jeløy, Troll og Trondheims-Ørn.

Av desse ti klubbane hadde tre ei fortid på toppnivå på herresida. I mellomkrigstida var norsk idrett delt mellom det borgarlege Norges Idrettsforbund (som NFF høyrte inn under) og det sosialistiske Arbeidernes Idrettsforbund. Sprint var den mestvinnande klubben i Arbeidermeisterskapet i fotball med seks titlar, medan Ørn kunne vise til to tapte finalar i same turnering. Etter krigen vart norsk idrett samla igjen, og Asker spelte i Hovedserien frå 1951-59, med to andreplassar i si avdeling som beste resultat. 

Laget var også tapande finalist i NM i 1951. Men i 1987 var det lenge sidan nokon av desse laga hadde markert seg i toppfotballen, medan dei sju andre klubbane i 1. divisjon alltid hadde vore breiddeklubbar på herresida. Eg går såpass grundig inn på dette fordi det er rimeleg å anta at det hadde ein viss innverknad på kva for klubbar som faktisk valde å satse på kvinnelag på denne tida. Sjølv om spelarane var amatørar kravde det jo uansett ein del ressursar å delta i ein nasjonal serie. Kvinnefotballen var i ferd med å vinne aksept, men hadde framleis motstandarar, og det var truleg enklare å få gjennomslag for å investere i kvinnelaget i klubbar som ikkje hadde noko herrelag på toppnivå.

Klepp kvalifiserte seg for 1. divisjon ved å vinne Landsdelsserien avdeling Vestlandet foran Sandviken, ein sterk prestasjon som ikkje minst stadfesta oppsiktsvekkjande stor framgong på kort tid. På første halvdel av 80-talet var det nemleg Viking som hadde det beste kvinnelaget i Rogaland, og då Landsdelsserien starta opp som erstatting for dei ymse krinsseriane så seint som i 1984, var ikkje Klepp ein gong med! Det var med andre ord all grunn til å glede seg til sesongen, samstundes som det òg vart mana til ein viss nøkternheit. Den nye målvakten Marit Bjelland meinte rett nok at laget var godt nok til ein plass blant dei tre beste, men oppmann Else Karin Stangeland meinte ein burde vere nøgde med ein plass kring midten av tabellen, og lokalavisa gav uttrykk for det same på kommentatorplass. Det var ikkje at ein mangla ambisjonar, men ein frykta at dei hersens austlendingane vart for sterke.

Else Karin Stangeland er mildt sagt ikkje kven som helst. Ho har vore involvert i kleppeventyret heilt sidan den spede byrjinga, som alt frå oppmann til styreleiar, og har sett heile utviklinga både i eigen klubb og i kvinnefotballen som heilskap på nært hald. Noverande dagleg leiar i Klepp, Thomas Langholm Engen, kallar henne «kanskje den viktigaste personen for klubbfotball på kvinnesida i Noreg». Stangeland er såleis personen å ringje viss ein vil vite korleis det gjekk til at Klepp fekk fram eit godt lag.

«Det var eigentleg litt tilfeldig», seier ho. «Det var ein gjeng jenter som spelte handball i lag i klubben og som fekk lyst til å ha noko å drive med på sommarstid òg. Dei byrja å trene og fekk fram ein del gode spelarar.»

«Viking var den store klubben lokalt på den tida, og Klepp konkurrerte med dei. Etter kvart fekk ein lyst til å ta eit steg vidare. Leiinga i klubben syntest det var ein veldig god idé, og det vart gjort styrevedtak på at ein skulle satse på kvinnelaget. Til slutt var det danna eit veldig godt lag.»

«Det var diskusjon når det gjaldt å bruke pengar på kvinnelaget», seier Stangeland. «Den same kampen som i all idrett, det har alltid vore misunning, men det har jo stilna i takt med utviklinga i samfunnet. Dei i styre og stell synst det var ‘bøse’ (jærsk for ‘stas’, journ. anm.) at laget gjorde det så bra. Interessa vart etter kvart enorm.»

Klepp drog på treningsleir til Nederland under sesongoppkøyringa, eit klart uttrykk for at ein tok den ferske statusen som toppserielag seriøst og var viljuge til å satse. Treningsleiren innebar jo ikkje berre utgifter i samband med transport, overnatting og generell logistikk, men òg at spelarane måtte ta seg fri frå jobb eller studiar. (Som ein kuriositet kan det nemnast at treningsleiren nesten fekk ein katastrofal start, då bagen med samtlege pass og billettar på ein eller annan måte hamna på bagasjebandet på Sola flyplass! Men det ordna seg.) 

Samstundes, viss nokon treng ei påminning om kor annleis kvinnefotballen var på 80-talet, kan det nemnast at hovudtrenaren, Arne Kristian Hansen, aldri hadde trent eit fotballag før (!) Han hadde i staden bakgrunn frå friidrett og handball. I sistnemnte idrett hadde han leia Fjellhammer til cupgull og seriesølv. Hansen skulle vise seg å verte ein viktig, men kontroversiell mann for Klepp i den første 1.divisjonssesongen.

1987 var ein historisk viktig sesong i norsk klubbfotball. I tillegg til at vi fekk ein nasjonal serie for kvinner, var det òg den første sesongen med tre poeng for siger. (Som om ikkje det var nok, klarte den eksentriske tusenkunstnaren Tom A. Schanke å overtale Fotballtinget til å innføre straffekonkurranse ved uavgjorte seriekampar, men om dét besynderlege opplegget kan du lese meir i Josimar 3/20.)

Stammen i Klepp-laget var stadig den same veninnegjengen som hadde byrja å spele fotball «for å ha noko å drive med», men som det nye topplaget i Rogaland kunne dei òg rekruttere ambisiøse spelarar frå andre klubbar i fylket. Alle spelarane var lokale, men det var openbert litt delte meiningar om kor lokale dei burde vera. Trenar Hansen gav uttrykk for å vere skuffa over at ikkje fleire av dei beste spelarane i fotballkrinsen hadde funne vegen til Klepp, medan Jærbladet framstilte det som noko nærast oppsiktsvekkjande at det 18 år unge midtbanetalentet Anita Eriksen frå Bryne meldte overgang til nabokommunen. Av dei atten spelarane i A-stallen var sju oppfostra i Klepp. Sett frå ein moderne fotballståstad er dette eit ekstraordinært tal, men tilbake i 1987 måtte oppmann Stangeland rykka ut i Jærbladet og og forsikra om at talet ikkje tyda at Klepp «neglisjerte rekrutteringsarbeidet»! Stangeland sa òg at klubben ikkje hadde «planar om å gå utanfor fylket for å henta forsterkningar, men om me skulle få henvendelsar frå jenter frå andre delar av landet vil me vurdera dei på lik linje med dei andre». Av dei atten spelarane var kun to eldre enn 25 år, og halvparten hadde ikkje fylt 20 endå.

Sidan dette er eit historisk lag, synst eg vi skal koste på oss å presentere heile Klepp-troppen anno 1987. Mine damer og herrar, vi reiser oss for Marit Bjelland, Marit M. Vigrestad, Marianne Stelzner, Bettina Stelzner, Bjørg Storhaug, Nina Simonsen, Liv Jorunn Kyllingstad, Sissel Grude, Turid Storhaug, Wenche Stava, Elly Sævland, Anne Torunn Espedal, Anita Eriksen, Hilde Undal, Elisabeth Hovland, Kirsten Gaard, Solveig Fænn og Nina Bjørnevik! Dette var altså spelarane som skulle iføre seg den gilde, grøne drakta og forsvare Klepp si ære med bravur! Men korleis var det så med publikumsinteressa for Jærens nye topplag i fotball? Klepp hadde hatt 150-200 tilskodarar på heimekampane i Landsdelsserien året før, og håpa no på eit snitt på 500. Etter å ha redda eit ekstrapoeng i straffekonkurransen borte mot Setskog i serieopninga hadde keeper Marit Bjelland endå større vyar: «På lørdag vert det 1000!», spådde ho før heimedebuten i 1. divisjon mot BUL. Det vart det ikkje. Berre 308 betalande tilskodarar møtte opp på Klepp stadion for å sjå ein kamp Klepp til overmål tapte mot bygdeungdomane frå hovudstaden.

Men oppmøte på fotballkampar har, iallfall til ein viss grad, med heimelaget sine prestasjonar å gjere, på Jæren som alle andre stader. Etter kvart som resultata tok seg opp etter ein ujamn start på sesongen, gjorde publikumsoppsluttinga det same. Klepp nådde aldri 1000 tilskodarar i serien, men då dei kunne sikre seriegullet i siste heimekamp, møtte det opp tre gonger så mange menneske som til den første. Tilfeldigvis var motstandar i siste serierunde Troll, noko som gav Jærbladet rikt høve til å boltre seg på ordspelfronten. Anita Eriksen var ikkje redd for noko, ikkje ein gong for Troll! Troll kunne temjast! Og sanneleg gjekk ikkje avisa sin spådom om gull Troll i ord, for Klepp feia trønderjentene av banen etter mellom anna eit hat-trick frå den nitten år unge angrepsjuvelen Turid Storhaug. Klepp var seriemeistrar! Laget som så seint som i 1984 ikkje hadde vore rekna som eit av dei fire beste laga i Rogaland var no best i landet!

Det var det meininga at laget skulle stadfeste i cupfinalen helga etterpå. Trass i at austlandsklubbane framleis dominerte norsk kvinnefotball reint talmessig hadde den driftige leiinga i Klepp lukkast i å få lagt cupfinalen til sin eigen heimebane. Alt låg til rette for ein storslagen triumf, finalemotstandar og tittelforsvarar Sprint-Jeløy vart levna små sjansar. Jærbladet kjende seg så sikker i si sak at dei valde å gratulere Klepp med gullet ei heil veke før kampen gjekk av stabelen! Det skulle dei ikkje ha gjort. Heile 4300 feststemte jærbuar – nær ei femtendobling av tilskodartalet frå den første heimekampen i serien same vår – møtte opp på Klepp stadion i klassisk jærsk haustver, men måtte gå skuffa heim etter eit bittert nederlag. «Klepptriumfen bles bort», konkluderte lokalavisa i etterkant. 

Men ærleg talt, viss ein er frå Jæren kan ein ikkje skulda på vind, og det gjorde då Klepp-jentene heller ikkje. Rett nok meinte dei at Turid Storhaug burde hatt straffe då ho vart felt på stillinga 1-1, men dei forsikra samstundes at det var «ingen sure miner» på grunn av finaletapet. Dei hadde jo hatt ein fantastisk sesong, gull i serien og sølv i cupen måtte då overgå forventningane til sjølv den mest optimistiske Klepp-patriot?

Men sesongen hadde ikkje vore utan dramatikk. I slutten av august, etter at Klepp hadde slått BUL og avansert til semifinalen i cupen, vart trenar Arne Kristian Hansen oppringt av klubbformann Reidar Simonsen medan han stod i dusjen. Simonsen fortalde Hansen at han hadde sparken. Å sparke trenaren når ein kjempar om gull i både serie og cup kan synast mildt sagt underleg, og Hansen var då òg, ifølgje seg sjølv, «skuffa og sjokkert». Trenaren meinte at bakgrunnen for avgjerda låg på «det emosjonelle planet», og formannen stadfesta i stor grad dette synet då han sa at det var «måten han har behandla spelarane på psykisk som resulterte i at me måtte bryta samarbeidet». Hansen skulle mellom anna ha «blanda seg for mykje i privatlivet til spelarane» og, ifølgje ei ikkje-namngjeven kjelde, «drive terror» mot dei. Hansen på si side kontra med at i ein toppklubb måtte ein «stilla krav til seg sjølv». 

Lagkaptein Bjørg Storhaug vedgjekk at det var «delte meiningar» om eks-trenaren i spelargruppa, men sa òg at ho sjølv syntest Hansen var «ein glimrande trenar» og at ein «burde ha venta med dette til etter sesongen». Situasjonen var så pass alvorleg at formann Simonsen såg seg nødt til å forsikra Jærbladets korrespondent om at «Klepp skal ha damelag neste år også». Det hadde dei, og det har dei alltid hatt sidan, og sjølv om det ikkje har blitt fleire seriegull, har laget alltid vore i den øvste divisjonen.

Året 1987 var eit paradigmeskifte for norsk kvinnefotball, både på klubb- og landslagssida. EM for kvinner bestod på denne tida kun av fire lag, og Noreg hadde kvalifisert seg som vinnar av ei pulje der òg Danmark, Finland og Vest-Tyskland var med. Dei andre sluttspellaga var England, Italia og regjerande meister Sverige, eit lag Noreg aldri hadde slått. Sjølv om den unge angrepsduoen Sissel Grude og Turid Storhaug begge var innom landslaget i løpet av sesongen, var storesyster Bjørg den einaste Klepp-spelaren som fekk plass i Erling Hokstad sin EM-tropp. Ho starta til gjengjeld både semifinalen og finalen, og spelte ei viktig rolle med si erfaring, kløkt og ro. Noreg slo Italia og Sverige slo England, og dermed møttest dei to i finalen på sjølvaste Ullevaal. 8408 tilskodarar møtte opp og fekk mellom anna sjå eit pauseshow der dei norske handballjentene skaut straffar på Jahn Teigen(!), men viktigare var nok likevel at dei norske fotballjentene valsa opp med dei svenske førehandsfavorittane og vann 2-1 etter to scoringar av Trude Stendal frå Sandviken. Bjørg Storhaug kunne lukkeleg springe æresrunde på nasjonalarenaen saman med lagveninnene, og dei neste 15 åra skulle Noreg vere ei av dei ubestridelege stormaktene i internasjonal kvinnefotball.

Klepp vart nummer to i serien i 1988 og kom til semifinalen i cupen, kor det imidlertid igjen vart tap mot det hersens Sprint-Jeløy. Året etter ramla dei ned til tredjeplass i 1. divisjon, men gjekk omsider heilt til topps i cupen etter ein finale kor Sissel Grude, som hadde utvikla seg til ein angrepsspelar av internasjonalt format, scora begge måla mot Trondheims-Ørn. Same sommar hadde landslaget vore i Vest-Tyskland for å forsvare EM-tittelen, og no var det plutseleg heile fire Klepp-spelarar i den norske troppen: Begge systrene Storhaug, Grude, og det nye tilskotet Birthe Hegstad. Noreg slo igjen ut Sverige, men fekk bank av vertsnasjonen i finalen. Grude scora i begge kampane. 

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent