Josimar

Gruppe A

11 byer. 24 lag. 51 kamper. Én vinner. Sist ble det Portugal, som etter ekstraomganger slo hjemmefavoritten Frankrike. Hvem får løfte Henri-Delaunay-trofeet i år?

Tekst: Nils Henrik Smith

ITALIA

Italia er ein av dei verkelege gigantane både i VM-historia og den internasjonale klubbfotballen, men har merkeleg nok ikkje synt same tittelapetitt i EM-samanheng. Gli Azzurri har berre vunne turneringa éin gong, under mildt suspekte omstende på heimebane heilt tilbake i 1968. Dette ynskjer Roberto Mancini og hans menn sjølvsagt inderleg å gjere noko med, men dei har ein stor jobb framføre seg. Sidan VM-gullet i 2006 har den italienske sluttspelinnsatsen nemleg stort sett vore miserabel. Finaleplassen i EM i 2012 er den einaste prestasjonen ein fotballnasjon av Italia sitt kaliber strengt tatt kan seie seg nøgde med. Elles rauk dei ut etter gruppespelet i VM både i 2010 og 2014 og i kvartfinalen i EM både i 2008 og 2012. Til sist VM i Russland klarte dei ikkje ein gong å kvalifisere seg, men vart slått ut av Sverige. Denne audmjukinga vart ein vekkar. Italia har dei siste par åra vore særs vanskelege å slå, og kvalifiserte seg for EM i suveren stil med ti sigrar av ti moglege. Samanlikna med 1990- eller 2000-talet har Italia relativt få store stjerner, men mønstrar til gjengjeld eit effektivt lag med ein god miks av ungt talent og rutine.

Landslagssjefen: Roberto Mancini

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent