Josimar

Gruppe B

11 byer. 24 lag. 51 kamper. Én vinner. Sist ble det Portugal, som etter ekstraomganger slo hjemmefavoritten Frankrike. Hvem får løfte Henri-Delaunay-trofeet i år?

Tekst: Nils Henrik Smith

BELGIA

I årevis har det vore snakka om den gylne belgiske generasjonen, og sjølv om ein erfaringsmessig skal vere litt forsiktig med slike karakteristikkar, kan ein i dette tilfellet ikkje seie noko anna enn at han i stor grad er fortent: Belgia har neppe nokon gong hatt så mange, så gode fotballspelarar samtidig som det dei har i dag. Problemet med gylne generasjonar er likevel at dei helst bør vinne gull. Historia byd på talrike døme på lag som har opplevd «gyllen generasjon»-omgrepet som ein møllestein kring nakken etter kvart som åra gjekk og dei forventa titlane ikkje kom. Belgiarane har ikkje veldig god tid på seg. Spelarane i den gylne generasjonen er i dag mellom 28 og 34 år gamle, viss dei skal leve opp til forventingane som er stilt til dei må det skje snart, helst allereie til sommaren. Det er ikkje sikkert at menn som Toby Alderweireld, Jan Vertonghen, Axel Witsel, Dries Mertens eller Eden Hazard får nokon fleire sjansar.

Belgia vann OL-gull på heimebane i Antwerpen i 1920, etter ein skandaløs finale som du kan lese meir om ein annan stad i denne bibelen. Sidan har dei stort sett vore å rekne som ein brukbar fotballnasjon, ofte med i sluttspel, men kun unnataksvis i aller fremste rekke. Sin hittil beste periode hadde dei i 1980-åra, då dei både spelte EM-finale (1980) og semifinale i VM (1986). Sidan gjekk det tyngre i mange år, fram til den gylne generasjonen dukka opp. Dei underpresterte i fleire meisterskap på rad under den taktisk svært avgrensa landslagssjefen Marc Wilmots, men etterfølgjaren Roberto Martínez har hatt ei langt betre hand med laget. Belgia tok bronse i VM i Russland i 2018, og har knapt gjort anna enn å vinne sidan.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent