Josimar

Gruppe F

11 byer. 24 lag. 51 kamper. Én vinner. Sist ble det Portugal, som etter ekstraomganger slo hjemmefavoritten Frankrike. Hvem får løfte Henri-Delaunay-trofeet i år?


Tekst: Nils Henrik Smith

UNGARN

Ingen fotballnasjon har opplevd eit djupare, meir brutalt fall enn Ungarn. I første del av 1950-åra var Dei magiske madsjarane det klart beste laget i verda, teknisk briljante, taktisk revolusjonære og vurdert som uovervinnelege. Aranycsapat – Det gylne laget – utklassa all motstand i fleire år og var på veg mot den store triumfen då dei sensasjonelt og tilsynelatande uforklarleg tapte VM-finalen 1954 mot Vest-Tyskland. Ferenc Puskás, Sándor Kocsis, József Bozsik, Nándor Hidegkuti & Co. vert likevel stadig rekna som eit av tidenes beste lag, ein futuristisk forløpar for totalfotballen. Ungarn har i alt tre OL-gull, to VM-sølv og ein EM-bronse. Frå mellomkrigstida og fram til 1960-åra stod ungarske trenarar sentralt i utviklinga av fotballen i land som Italia, Nederland, Portugal, Brasil og Egypt. Ungarn har altså stolte tradisjonar. Men i moderne tid har landet nærast vore utradert frå toppfotballkartet, forvist til den store gløymsla. Frå 1986 til 2016 klarte ikkje ungararane å kvalifisere seg til eit einaste VM eller EM! I turneringscomebacket i Frankrike for fem år sidan vann dei faktisk gruppa si etter siger over nabo og erkerival Austerrike og uavgjort mot dei komande meistrane Portugal, men fekk bank av Belgia i åttedelsfinalen. Resultata sidan har vore høgst variable. Dei var sjanselause i kvalifiseringa til Russland-VM og vart berre nummer fire i EM-kvalikgruppa si, men sneik seg seg inn i turneringa bakvegen etter å ha slått Bulgaria og Island i Nations League-playoff. 2020-sesongen var alt i alt bra, med sigrar over både Tyrkia og Serbia og berre eitt tap, mot Russland, men troppen er tynn og det er vanskeleg å seie kor laget står.

Landslagssjefen: Marco Rossi

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent