Josimar

Den tsjekkiske sommaren

Under VM og EM er det lov å velje å heie på eit lag fordi dei har kule drakter, stilige namn, tøffe frisyrar eller engasjerte supporterar, eller rett og slett fordi du synst dei spelar den beste fotballen i meisterskapet.

Tekst: Nils Henrik Smith

Det komplekse kulturfenomenet vi kallar «fotball» har sin eigen logikk, sin eigen indre konsekvens og sin eigen moral. «Tilhørighet i fotball har ingenting å gjøre med andre former for tilhørighet. Det verdisystem utifra hvilket du føler sympati i fotball har ingenting å gjøre med verdisystemer du bruker ellers», hevda Dag Solstad i 1982.

Desse påstandane kan heilt klart diskuterast, men anten ein er einig med Solstad eller ikkje peiker han uansett på noko vesentleg, nemleg den rolla tilknyting og verdiar, det aspektet ved menneskelege individ vi kjenner som «identiteten», spelar i livet til ein fotballentusiast. Den skotske sosiologen Richard Giulianotti deler fotballens publikum i fire hovudgrupper: Supporterar, fans, følgjarar og flanørar. Dei tre første gruppene skil seg frå kvarandre i graden av intensitet og entusiasme for spelet, men held seg i prinsippet til den same æreskodeksen: Når du først har vald (eller arva) ein klubb, er du nødt til å vere trufast mot denne klubben (nesten) uansett kva som skjer.

Viss du held med til dømes Vålerenga eller Liverpool, kan du ikkje plutseleg byrje å heie på Brann eller Manchester City sjølv om dei tilfeldigvis skulle spele presumptivt meir «attraktiv» fotball akkurat denne sesongen. Det skal svært gode grunnar til for å bryte med laget sitt, og svake sportslege prestasjonar eller/og resultat er definitivt ikkje nokon slik grunn. Sånn er det berre. Det er noko alle veit. Alle unntatt flanøren, som tillet seg å velje og vrake, snu kappa etter vinden, dyrke det spektakulære, let seg begeistre av suksess! Flanøren vert såleis sett på med djup skepsis av dei andre tre gruppene, fordi hen nektar å godta det lojalitetskravet som fans, supporterar og følgjarar legg til grunn for sin eksistens gjennom ein lang klubbsesong.

Dei store landslagsturneringane, annakvart år, i sommarferien, er ein del av fotballens syklus, men representerer samstundes eit brót med normaliteten, eit høve til å midlertidig gjere seg fri frå dei rutinene og normene som gjeld i klubbfotballen. Vi som kjem frå mindre fotballnasjonar vil jo ofte oppleve at vårt eige land ikkje er med, og sjølv om Noreg skulle lukkast i å kvalifisere seg for sluttspelet er det ikkje særleg sannsynleg at dei kjem til å gå heilt til topps. Giulianotti sine norske kollegaer Arve Hjelseth og Hans K. Hognestad har begge i ulike samanheingar påpeikt at EM og VM trekk til seg eit noko anna og meir party-orientert publikum enn klubbfotballen. Men også for det tradisjonelle kjernepublikummet er sluttspela eit avbrekk i kvardagen, ein sjanse til å sjå fotball med andre briller enn dei ein vanlegvis har på seg, eit frirom kor ein kan tillate seg å utvikle sympatiar (og antipatiar) uavhengig av dei implisitte vedtektene som ligg til grunn for supporterlivet elles.

Under VM og EM er det lov å velje å heie på eit lag fordi dei har kule drakter, stilige namn, tøffe frisyrar eller engasjerte supporterar, eller rett og slett fordi du synst dei spelar den beste fotballen i meisterskapet. Rett nok er det vanskeleg å fastslå objektivt kva som er «god fotball» – somme føretrekk individuell briljans, andre kollektiv disiplin, atter andre ein kombinasjon – men det er uansett din ubestridelege rett å late deg styre av personlege preferansar.

På bakgrunn av slike preferansar veljer millionar av menneske seg annankvar sommar eit (eller fleire) lag dei håpar det skal gå bra med. Men det går jo ikkje alltid som vi håpar. Fotballentusiastar som har følgt med ei stund vil difor veldig ofte kunne peike på eit lag som ikkje vann eit bestemt sluttspel, men som ein meiner at burde ha vunne. Dei verkelege veteranane mellom oss vil peike på Ungarn i VM i 1954. Andre vil trekke fram Nederland i både 1974 og 78. Mange vil utan tvil nemne Brasil i 1982. Danmark i 1986 og Sovjetunionen i EM i 1988 vil også ha sine standhaftige forkjemparar. Og kva med det forbløffande talentfulle jugoslaviske laget som kunne gjort det stort både i EM 92 og VM 94 viss berre staten Jugoslavia ikkje hadde gått under i borgarkrig?

Slik kunne ein halde fram. Men i dag vil eg gjerne konsentrere meg om det laget eg meiner burde vunne ei turnering dei ikkje vann. Laget eg meiner burde ha vunne er Tsjekkia i EM i 2004. Her er det allereie nødvendig med ein klargjerande merknad: Ein god del lesarar vil utan tvil tolke denne påstanden som kritikk av det laget som faktisk vann EM i 2004, Hellas. Det er det ikkje. Både i samtida og ikkje minst i ettertid har det greske meisterlaget vore gjenstand for påstandar om at dei var eit destruktivt lag som spelte keisam og gamaldags fotball, men dette er å misforstå kva fotball faktisk er.

Sanninga er at grekarane spelte den fotballen dei måtte for å vinne. Dei innsåg sine eigne begrensingar og tok konsekvensen av desse. Under den erfarne og kløktige Otto Rehhagel var dei intelligente, hardtarbeidande, disiplinerte og ikkje minst taktisk fleksible. Lat det ikkje vere den ringjaste tvil om at Hellas vann EM i Portugal 2004 heilt fortent. Men det var Tsjekkia som burde ha vunne, og i denne teksten skal eg forklare kvifor.


Forlot finalen

Den første forløparen til dagens tsjekkiske fotballforbund vart grunnlagt i 1901 i Böhmen, som den gongen var ein provins i det austerriksk-ungarske dobbelmonarkiet. Det böhmiske «landslaget» utmerkte seg ikkje i nemneverdig grad, men etter Første verdskrigen stilte eit no samla og sjølvstendig Tsjekkoslovakia opp i OL i Antwerpen i 1920. Der gjorde dei i tur og orden kort prosess med Jugoslavia (7-0), Noreg (4-0) og Frankrike (4-1), før vertsnasjonen venta i finalen. Angrepstrioen Antonín Janda, Otakar Škvajn og Jan Vaník hadde herja vilt med motstandarforsvara, men finalen vart ein skandale, truleg den største i fotballhistoria til då. Dommaren, John Lewis, som hadde vore ein av grunnleggjarane av Blackburn Rovers i 1875, var 65 år gamal(!) og såleis eit noko kontroversielt val.

Mr. Lewis sette tsjekkiske og slovakiske sinn i kok då han tildelte heimelaget eit straffespark allereie etter seks minutts spel, og resten av omgangen var prega av dårleg stemning. Belgia fekk eit nytt diskutabelt mål godkjend etter ein halvtime, og då Lewis til overmål viste ut venstrebacken Karel Steiner for eit overfall på Robert Coppée var grensa rett og slett nådd, og kapteinen Karel Pešek beordra lagkameratane til å forlate banen! Dei kom ikkje attende, og OL-finalen 1920 står såleis stadig som den einaste finalen i ei internasjonal seniorturnering som aldri er spelt ferdig. Tsjekkoslovakia vart sjølvsagt diskvalifisert, ei avgjerd dei sjølvsagt la inn protest mot, både fordi dei var misnøgde med dommar Lewis og linjedommaren Charles Wreford-Brown, og på grunn av dei belgiske soldatane på stadion som hadde opptrått på ein provoserande måte og på eitt tidspunkt storma banen. Protesten vart ikkje tatt til følgje, og kaptein Pešek vart såleis den einaste tsjekkoslovakiske fotballspelaren som fekk medalje i Antwerpen-OL, då han òg spelte på ishockeylaget som tok bronse i turneringa.

Trass i denne skjenselen var Tsjekkoslovakia stadig eit lag av god klasse utover i mellomkrigstida. I det såk. sentraleuropeiske meisterskapet spelte dei jamt både Italia og med sine naboar og tidlegare herskarar frå Austerrike og Ungarn. På denne tida utgjorde Praha saman med Wien og Budapest eit slags fotballteoretisk triangel som var tett knytt til cafékulturen som dominerte det intellektuelle livet i alle tre byane, og kor dei taktiske, tekniske, estetiske og moralske aspekta ved spelet vart tatt opp til grundig og seriøs debatt. Tsjekkoslovakane fekk kanskje aldri fram noko lag som var like briljant som verken det austerrikske Wunderteam på byrjinga av 1930-talet eller dei Magiske Magyarane tjue år seinare, men dei var heile tida med og leverte vesentlege bidrag til utviklinga av europeisk fotballkultur. I sitt første VM-sluttspel, i Italia i 1934, kom dei til finalen etter sigrar over Romania (2-1), Sveits (3-2) og Tyskland (3-1).


Indre venstre Oldřich Nejedlý var den store spelaren og scora i alle kampane. I finalen møtte dei atter vertsnasjonen og tapte atter etter kontroversiell dømming, denne gong frå svenske Ivan Eklind, som ifølgje legenden skal ha vore på personleg audiens hjå Benito Mussolini kvelden før kampen.

Etter den nazistiske okkupasjonen under Andre verdskrigen og den kommunistiske maktovertakinga då krigen var over, tok det tid før tsjekkoslovakisk fotball kom seg til hektene igjen. Dei deltok rett nok i VM i både 1954 og 58, men utan særleg hell. (I Sverige slo dei Argentina 6-1, unekteleg eit oppsiktsvekkjande resultat, men tapte deretter mot Nord-Irland og gjekk ikkje vidare frå gruppespelet.) Men i 1962 gjekk dei heilt til finalen etter å ha slått ut Spania, Ungarn og Jugoslavia, og sjølv om dei var sjanselause mot Garrincha og resten av det brasilianske stjernegalleriet var dét unekteleg ein sterk prestasjon.

Midtbanestrategen Josef Masopust vart kåra til årets beste spelar i Europa same år. Samstundes dominerte landa bak jernteppet den olympiske fotballturneringa under den kalde krigen. Albania og Romania var dei einaste landa i den såk. Austblokken som ikkje tok minst ein OL-medalje i fotball mellom 1952 og 1984. Tsjekkoslovakia noterte seg for sølv i 1964 og gull i 1980. Sistnemnte triumf var sterkt symbolsk lada, då OL fann stad i Moskva tolv år etter at sovjetiske tanks hadde rulla inn i Praha og slått ned det tsjekkoslovakiske folket sitt håp om «sosialisme med menneskeleg andlet», men alle var for lengst klar over at OL no var ei annanrangs fotballturnering.

Panenka og Helmut Kohl

Då var prestasjonane i EM strengt tatt meir å skryte av. Tsjekkoslovakia deltok rett nok berre i tre av dei sju sluttspela som vart arrangert frå 1960 til 1988, men tok til gjengjeld medalje i alle tre: Både i 1960 og 1980 vart det bronse, og i 1976 gjekk dei forsyne meg av stad og vann heile sulamitten! Ukjende og undervurderte tsjekkoslovakar slo begge dei to store førehandsfavorittane, finalistane frå VM to år tidlegare, Nederland og Vest-Tyskland, på veg mot troféet. Johan Cruyff og dei andre totalfotballspelarane vart sende heim etter ein kaoskamp i semifinalen, før Antonín Panenka overlista Sepp Maier med tidenes mest arrogante og briljante straffespark og avgjorde finalen. Vi gratulerer audmjukt.

Det einaste tsjekkoslovakiske laget eg sjølv kan hugse er det som deltok i landets siste internasjonale sluttspel, Italia-VM 1990. Eg hugsar dei først og fremst som eit fysisk sterkt lag, der den røslege midtspissen Tomáš Skuhravý stanga inn den eine scoringa etter den andre med sin veldige pannebrask. (Dåverande Genoa-manager Osvaldo Bagnoli vart så imponert over stanginga til Skuhravý at han bestemte seg for å kjøpe han i staden for spissen han eigentleg hadde planlagt å kjøpe, den dåverande Bundesliga-toppscoraren Jørn Andersen, noko som uheldigvis førte til at Andersen ikkje fekk oppfylt draumen om å verte Noreg sin første Italia-proff sidan Per Bredesen tretti år tidlegare.)

Tsjekkoslovakia kom til kvartfinalen, men der endte deira siste turnering på same måte som den første hadde gjort sytti år tidlegare: Med tvilsam døming. FIFA hadde i sin uutgrunnelege visdom vald ein austerriksk kampleiar til oppgjeret mot Vest-Tyskland. Han heitte Helmut Kohl, altså det same som den vest-tyske kansleren på denne tida(!). Herr Kohl opptråtte som om han hadde same kall i livet som sin meir kjende namnebror, nemleg å sikre Vest-Tyskland sine interesser på ein best mogleg måte. Han forærte Lothar Matthäus & Co. eit billeg straffespark som kapteinen sjølv scora på, før han utviste stakkars L’ubomir Moravčík for å ha sparka av seg den eine fotballskoen i frustrasjon! Takk og farvel.

Dei politiske omveltingane i Europa på denne tida førte etter kvart til at Tsjekkoslovakia delte seg i to. Fotballmessig var konsekvensen av dette at Tsjekkia vart anerkjent som Tsjekkoslovakia sine rettmessige etterfølgjarar, og fekk «overta» det no nedlagte tsjekkoslovakiske landslaget si historie, resultat og statistikk, medan Slovakia, stakkars, måtte byrje på null. Ein kan heilt klart diskutere kor rettferdig denne avgjerda eigentleg var, særleg ettersom heile ni av dei tretten spelarane som var på banen under EM-finalen i 1976 faktisk var slovakar, men uansett, sånn var det, sorry, Slovakia, ingenting å gjere med. Då Tsjekkia stilte opp i sitt første sluttspel som sjølvstendig stat under EM i England i 1996, var dei såleis formelt sett eit av sju deltakarland som allereie kunne kalle seg europameister i fotball.

Trass i at dei hadde vunne kvalifiseringsgruppa si foran både Nederland og ikkje minst Noreg var det få som hadde særleg tru på det tsjekkiske laget før sluttspelet byrja, men dei imponerte med tidvis festleg spel og kom heilt til finalen, som dei diverre tapte mot det no samla Tyskland på såk. Golden Goal. Sjeldan kan eit så kult lag ha tapt mot eit så u-kult. Eg meiner, Patrik Berger, Pavel Nedvěd og Karel Poborský mot Dieter Eilts, Thomas Strunz og Christian Ziege. Ærleg talt, altså! Det vert litt useriøst. Men den gode innsatsen i EM hadde uansett gjort tsjekkiske spelarar til populære og attråverdige bruksgjenstandar, og talrike av EM-heltane sette kursen for Bundesliga, Premier League og Serie A i kjølvatnet av sluttspelet.

I kvalifiseringa til EM i Belgia og Nederland i fire år seinare vann Tsjekkia rett og slett alle kampane sine, men i sjølve sluttspelet måtte dei strekke våpen i ei knallhard gruppe med både dei nederlandske vertane og regjerande verdsmeister Frankrike, samt Danmark. Ein sat att med ei kjensle av at våre tsjekkiske vener kunne utretta langt meir viss dei ikkje hadde vore så uheldige med trekkinga. Samstundes var ein ny generasjon spelarar på veg opp og fram. Sommaren 2000 kom Tsjekkia til finalen i U21-EM, kor dei tapte knepent mot eit italiensk lag med tre framtidige verdsmeistrar på midtbanen: Gennaro Gattuso, Simone Perrotta og ikkje minst Andrea Pirlo. Trenaren for dette laget var Karel Brückner, som òg fungerte som assistent for landslagssjef Jozef Chovanec under senior-EM same sommar. Då Tsjekkia mislukkast i å kvalifisere seg til VM i 2002 måtte Chovanec gå av, og Brückner overtok ansvaret.

Den kvithåra mannen frå Olomouc hadde på dette tidspunktet vore trenar i Tsjekkoslovakia, Tsjekkia og Slovakia i nær tretti år, men det einaste troféet han hadde å vise til i karriera var ein slovakisk cuptittel frå 1995. Ikkje desto mindre var han høgt respektert både for sine taktiske kunnskapar og si evne til å utvikle unge talent, og dette, saman med ein temmeleg fantasyaktig utsjånad, gav han uunngåeleg kallenamnet Mágus – Trollmannen!

Under Brückner skulle Tsjekkia etter kvart kome til å spele fortryllande fotball, samstundes som U21-laget heldt fram med å syne framgong under etterfølgjaren Miroslav Beránek. I 2002 kom dei atter til EM-finalen, og denne gongen vann dei etter straffekonk mot Frankrike. Til saman leverte dei to finalelaga heile elleve spelarar til den tsjekkiske EM-troppen i Portugal i 2004. Dette i seg sjølv særs imponerande talet vert endå meir imponerande når ein veit at det aller største talentet i den nye generasjonen – den briljante playmakeren Tomáš Rosický – ikkje deltok i nokon av U21-sluttspela trass i at han var aldersmessig kvalifisert for begge.

Kanoner med tørt krutt

2004 står i ettertid som eit brytingspunkt i moderne europeisk fotballhistorie. Det året vann Porto over Monaco i Champions League-finalen, noko som sjølvsagt er bortimot utenkjeleg i dag. At Valencia slo Marseille i UEFA-cupfinalen høyrest meir normalt ut, det som sett frå dagens ståstad derimot ikkje var normalt er at Los Che samstundes òg sikra seg sin andre spanske ligatittel på tre sesongar. Men kort tid etter at desse triumfane var sikra var begge dei to europacupvinnande laga sine trenarar på plass i England – José Mourinho i Chelsea, Rafa Benítez i Liverpool, laga som skulle vinne Premier League og Champions League sesongen etterpå.

Utviklinga i retning dagens situasjon, kor dei mektigaste klubbane frå dei største ligaane dominerer fotballen fullstendig, var definitivt i gong. 2004 var òg året for den store EU-ekspansjonen austover. Ti nye land – inkludert Tsjekkia – vart medlemmer i unionen frå og med 1. mai, noko som førte til ei vesentleg endring i den europeiske spelarmarknaden, ettersom spelarar frå desse landa ikkje lenger ville verte rekna på «utlendingskvoten» for klubbar i andre EU-land.

I EM rauk Italia, Spania og Tyskland ut allereie etter gruppespelet, medan regjerande meister Frankrike vart slått i kvartfinalen etter bleik innsats. Denne kvartetten har sidan vunne seks av sju EM- og VM-sluttspel og lagt beslag på i alt ti av fjorten finaleplassar. Dette kan tyde anten at det som kjenneteikner store fotballnasjonar er ei evne til å lære av eigne feil, at internasjonal fotball er meir føreseieleg enn vi likar å tenkje på, eller eventuelt begge delar.

Samstundes innevarsla turneringa eit generasjonsskifte, i det talrike svært unge spelarar som skulle spele sentrale roller for sine respektive land det neste tiåret, debuterte i meisterskapssamanheng, imponerte og tidvis dominerte. Arjen Robben og Wesley Sneijder for Nederland; Philipp Lahm, Lukas Podolski og Bastian Schweinsteiger for Tyskland; Fernando Torres for Spania; Cristiano Ronaldo for Portugal; Wayne Rooney for England. Særleg sistnemnte var gjenstand for ein enorm hype det kanskje aldri lukkast han å leve heilt opp til, trass i at han er tidenes toppscorar på landslaget og kan sjå attende på ei ekstremt suksessrik karriere i Manchester United.

Midt oppi alt dette er det altså min påstand at det var Tsjekkia som spelte den beste fotballen. Dei hadde kvalifisert seg for turneringa på imponerande vis – rett nok vann dei ikkje alle kampane slik som sist, men måtte nøye seg med sju sigrar og uavgjort borte mot gruppetoar Nederland. I sjølve sluttspelet vart dei nok ein gong trekt i same gruppe som Oranje, samt store Tyskland og vesle Latvia, som sensasjonelt hadde slått ut VM-bronsevinnar Tyrkia i play-off.

Optimistiske tsjekkiske sjeler kunne såleis notere seg at dei i tillegg til ein sylfersk miniputtnasjon skulle møte begge dei to landa dei hadde slått den første gongen dei vart europameistrar, atten år tidlegare, og tolke dette som eit godt omen. Ein trong forresten ikkje å vere tsjekkar for å vere optimist på Tsjekkia sine veigner – også nøytrale observatørar rekna laget til Karel Brückner som ein outsider til EM-tittelen. Dei spelte på eit tidspunkt tjue kampar på rad utan nederlag, og kapteinen Pavel Nedvěd vann i 2003 Gullballen som årets beste spelar i Europa.

Den tsjekkiske troppen vart innlosjert i pittoreske, UNESCO-verna, velståande Sintra utanfor Lisboa. Frå denne luksuriøse basen skulle dei dra på ambisiøse ekskursjonar kringom i Portugal i von om å erobre det forjetta Henry Delaunay-troféet, oppkalla etter den tidlegare generalsekretæren i det franske fotballforbundet som først føreslo å arrangere eit europeisk meisterskap i fotball, men diverre døydde fire år før den første turneringa fann stad i 1960. Men kven var eigentleg desse kjekke, unge mennene som skulle forsvare den tsjekkiske republikken si stolte fotballære, og korleis hadde dei tenkt å gå fram?

Konseptet «taktikk» i fotball går svært kort forklart ut på å finne den rette balansen mellom defensiv organisering og disiplin og offensiv kreativitet og uføreseielegheit. Balansen mellom den kollektive innsatsen i eit lagspel og den enkelte spelar sin vilje og evne til å ta i bruk sine individuelle ferdigheiter som del av kollektivet. Viss ein legg for mykje vekt på det første vert angrepsspelet statisk og stereotypt; legg ein for mykje vekt på det andre vil strukturen i laget kollapse. Ein klubbtrenar kan – i varierande grad, avhengig av klubben sin økonomi – signere spelarar som passar til hens eigne idéar om korleis fotball bør spelast, men for ein landslagstrenar er dette som kjend ikkje mogleg, og i tillegg har hen som oftast særs avgrensa tid til å jobbe med å utvikle dei spelarane hen faktisk har tilgjengeleg.

Ein god landslagstrenar bør såleis vere både pragmatisk og visjonær. Hen må vere viljug til å tilpasse systemet for å få det beste ut av kvart enkelt individ, samstundes som han har ansvar for å byggje eit lag som til saman er sterkare enn dei elleve spelarane som til ei kvar tid er på banen. Hen bør ha ein tydeleg plan for korleis laget skal opptre, men òg kunne endre formasjon og stil viss og når det syner seg nødvendig.

I Karel Brückner hadde Tsjekkia nettopp ein slik trenar. Laget stilte som regel i det som i utgongspunktet var ein 4-4-2-formasjon, men Brückner hadde på sofistikert vis flikka på formasjonen for å maksimere laget si offensive slagkraft, og stilmessig var tsjekkarane lysår unna det trauste og tunge preget 4-4-2 gjerne får i britisk og skandinavisk fotball. Når alle var skadefrie og i form gav ni eller ti av spelarane i startellevaren seg meir eller mindre sjølv, men Brückner var heller ikkje redd for å bruke breidda i troppen når det var behov for det.

Tsjekkia hadde ein fin kombinasjon av rutine og ungdommeleg pågangsmot, og tempo, teknikk og fysisk kraft fanst i alle lagdelar. Spelarane var henta frå klubbar over heile Europa. Belgia, Frankrike, England, Italia, Nederland, Russland, Tyskland. Kun fem spelte stadig i heimlandet: Tre i Sparta Praha og to i Baník Ostrava. Baník vann ligaen sesongen 2003-04, medan Sparta kom til åttedelsfinalen i Champions League etter å ha slått Beşiktaş og Lazio i gruppespelet. Formen var god. Humøret var godt. Det meste såg lovande ut.

Det laget Brückner føretrekte å stille med var slik, frå målvakt til midtspiss:

Mellom stengene stod, ukarakteristisk nok, troppens yngstemann. Men sjølv om han nett hadde fylt 22 var Petr Čech ein spelar det hadde gått gjetord om lenge. Den lange slåpen frå Plzeň var framleis tenåring då han sette ny tsjekkisk ligarekord ved å spele 903 minutt for Sparta Praha utan å sleppe inn mål. I eit land med stolte keepertradisjonar var det allereie openbert at Čech hadde potensialet til å verte større enn alle sine forgjengarar. Dei to siste sesongane hadde han spelt for Rennes i Ligue 1, kor han hadde imponert så pass mykje at han i god tid før EM signerte kontrakt med nyrike og -mektige Chelsea.

Venstreback var makedonskætta Marek Jankulovski (25). Han var ein protegé av Zdeněk Zeman – den eksentriske, kjederøykande kulthelten og meisterhjernen som hadde henta han til Napoli fire år tidlegare. Jankulovski spelte no for Udinese og skulle seinare gå til Milan. I sine italienske klubblag vart han ofte nytta på venstresida av midtbanen; for Tsjekkia var han back, men samstundes pålagt betydelege offensive arbeidsoppgåver, då han var både hurtig, hardtarbeidande og teknisk god. I midtforsvaret regjerte René Bolf (30) og Tomáš Ujfaluši (26). Ujfaluši hadde gått gradene i akademiet til Sigma Olomouc – klubben frå trenar Brückner sin høgt elska heimby – før han flytta til Bundesliga med HSV.

Han hadde både tempo og leiareigenskapar og naut stor tillit hjå landslagssjefen. Bolf representerte ligameistrane Baník Ostrava. Han hadde kome relativt seint inn i landslagsvarmen, men var plasseringssikker og sterk i duellane. Til høgre spelte allsidige Zdeněk Grygera (24) frå Ajax. I likskap med kollegaen på motsatt back hadde han òg offensive eigenskaper, men som hovudregel kunne ikkje begge backane gå framover samstundes, og Grygera heldt difor ofte angrepsinstinkta sine i sjakk medan Jankulovski raida.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent