Josimar

Vaya con Díaz

Eit sommarleg eventyr om spissen tidlegare kjent som Ben Brereton.

Tekst: Eivind Myklebust

«But can he do it on a cold rainy night in Stoke?» Sjølv dei aller største ikkje-engelske storleikar i fotballen, som Luis Suárez og Neymar, Edinson Cavani og Lionel Messi, har måtte tole at dette småskeptiske og erke-engelske spørsmålet blir stilt om evnene deira. Luis Suárez gav krystallklårt svar på tiltale allereie same år som han signerte for Liverpool, då han ein onsdagskveld i oktober 2011, til den øyredøyvande lyden av buing frå Stoke-supporterane, elegant plukka ned ein lang ball frå Jay Spearing, dytta ballen kontrollert mellom beina på Ryan Shotton og curla den langt inn i lengste hjørne forbi Thomas Sørensen i full strekk. Fem minutt før slutt la Suárez på til 2-1 og sikra såleis både sigeren og ryet sitt i byen ved elva Trent. 

Manchester Uniteds Edison Cavani har på si side enno ikkje fått prøve seg mot The Potters, men skal ein døme etter sesongopninga til Stoke i Championship i år, så er det berre eit spørsmål om tid før det igjen blir Premier League-kampar mellom dei to laga. Men enn så lenge står altså spørsmålet om korleis Cavani hadde klart seg ope, og når det gjeld Messi og Neymar, ja, så må ein vel berre resignert slå fast at vi aldri kjem til å få vite det.

Den litt mindre prominente spissen tidlegare kjent som Ben Brereton er fødd og oppvaksen i Stoke-on-Trent og ser ut til å ha klart seg relativt godt gjennom ei lang rekkje regntunge tysdagskveldar i pottemakar-byen. Som son av nettopp ein pottemakar og ein politimann hadde han gode føresetnadar for det, men ute på fotballbana var det likevel ikkje alt som gjekk vegen for Brereton i heimbyen. Etter ein lovande start heime i Staffordshire blei han sendt til Manchester og akademiet til United som 7-åring. Der heldt han koken i sju lange sesongar, men måtte så, som så mange andre unge lovande, innsjå at han ikkje strakk heilt til, og at han aldri kom til å spele A-lagskampar på The Theatre of Dreams. Som 14-åring reiste han attende til Stoke for å prøve lukka på akademiet der. Det lukkast han ikkje særleg godt med, og etter to tunge år fekk han beskjed om at framtida hans i fotballen heller ikkje låg i fødebyen.

I nylege intervju med verdsdekkjande fotballmedia har Brereton fortalt at dette blei ein make it or break it-situasjon i karrieren hans: Han vurderte sterkt å gi opp, men bestemte seg for å gi det ein siste sjanse. Nottingham Forest tok han inn i akademiet sitt, og der scora 16-åringen 15 mål på dei 20 neste kampane. Snart var fotballkarrieren back on track: Han debuterte for Nottingham Forest i Championship i slutten av januar 2017 og scora sitt første mål allereie i starten av februar – eit overtidsmål som sikra 2-1 mot Aston Villa. 

Etter ti nye kampar og to nye mål blei han kåra til årets læregut i English Football League den sesongen. Samstundes var han blitt kalla opp til aldersbestemte landslag for England, og sommaren 2017 blei han tatt med i troppen til U-19 EM i Georgia. På dei georgiske fotballslettene scora han tre mål for laget som enda opp med å ta pokalen i meisterskapet, og dette gjorde han faktisk til toppscorar i turneringa – rett nok i lag med ein liten bråte andre framtidige Championship-slitarar og Premier League-benkeslitarar: Joël Piroe, Viktor Gyökeres og Ryan Sessegnon. Heime i Nottingham hadde Brereton allereie blitt belønna med ny og lukrativ kontrakt.

«Has Brereton scored yet?»

Så langt, så godt. Men alle gode ting har ein ende, og for Ben Breretons del såg det lenge ut til at progresjonen skulle stanse tidleg, etter ein overgang til Blackburn Rovers i 2018. Blackburn betalte store pengar for Brereton – i alle fall for dei å vere – og for ein sum som truleg låg ein stad mellom fem og sju millionar pund, var dei sikre på å ha sikra seg eit spisstalent av sjeldan format i 19-åringen. Men det ville seg liksom ikkje for den litt ulenkelege spissen. Dei mest minneverdige augneblinkane frå dei første åra i Blackburn, er slett ikkje gode minne, sett frå eit Blackburn-perspektiv: Brereton bomma på mål, snubla og sleiva og sklei i avgjerande situasjonar, og sprang stort sett rundt som ein puslete, hovudlaus kylling dei gongane han fekk kome på bana. 

Dei største bidraga til laget var nok at han fekk kjøpt eit par billige straffer ved å falle til bakken med dramatiske miner og tunge bein. Det gjekk som det måtte gå: Tidleg i 2019 var Twitter-kontoen «Has Brereton scored yet?» i drift, og utover våren tvitra den jamleg sine «No», heilt til Brereton scora eit temmeleg uviktig mål mot Bolton på tampen av 2018–19-sesongen.

Sesongen etter starta ikkje stort betre, og då koronapandemien sette fotballen på pause i mars 2020, hadde Brereton enno ikkje gjenteke målscorargjerninga for klubben. Det byrja ærleg talt å bli ubehageleg for oss tilskodarar å sjå denne mannen utan eigenskapar og sjølvtillit kome på bana, berre for å bli håna og latterleggjord av eigne fans. Det var ikkje Brereton fansen kom til å sakne under nedstenginga, og dei var stort sett misnøgde med at han ikkje hadde blitt lånt ut til ein eller annan klubb, slik at han kunne få sjansen til å spele på seg litt sjølvtillit. Men då fotballen kom i gang igjen på sommaren 2020, var det ein annan mann, med større musklar og større skjegg, som vende attende til Ewood Park. 

Dette med skjegget såg rett nok ut til å ha blitt ein trend i lock down-landet, for opptil fleire av spelarane hadde brått fått anlagt flaue bartar og mistilpassa heilskjegg. Men Brereton hadde faktisk blitt mykje sterkare, og han såg ut til å prestere betre utan det konstante presset frå tribunene. Han byrja å setje preg på kampane, scora eit nytt mål i ein knipen 4-3-siger mot Reading, og gav fansen eit ørlite håp om at han skulle bli meir sentral på laget i neste sesong.

Og det blei han då også. Etter det obligatoriske tapet i opningskampen starta Blackburn sesongen med eit brak, med fleire 4- og 5-målssigrar. Brereton var då ein viktig del av det som såg ut som ei av dei farlegaste angrepsrekkjene i Championship, saman med storscoraren Adam Armstrong og det unge, innleigde stjerneskotet Harvey Elliott frå Liverpool.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent