Josimar

Søner av Surinam

På den søramerikanske atlanterhavskysten ligg eit lite land med omtrent same folketal som Oslo kommune. Herfrå ættar klassespelarar i hopetal. Korleis kan det ha seg?

Tekst: Nils Henrik Smith

Ein morgon i 1957 la eit skip til kai i Amsterdam, og to unge menn steig frå borde. I seg sjølv var det ingenting uvanleg i dette, unge menn kom til Amsterdam kvar einaste dag, den gongen som no, men utan at nokon kunne vite det då var dette byrjinga på ein kulturell og sosial prosess som skulle endre fotballverda for all framtid. Åra etter Den andre verdskrigen hadde vore prega av styrkt nasjonal sjølvkjensle og frigjeringslengt i både Afrika, Asia og Latin-Amerika, og dei europeiske kolonimaktene var langsamt og motviljug i ferd med å avvikle styret sitt. På same måte som i Frankrike, Portugal og Storbritannia førte dette også i Nederland til ei tilstrøyming av menneske på jakt etter betre framtidsutsikter. Fotball spelte i utgongspunktet ei heilt perifer rolle i denne djuptgripande samfunnsendringa. 

Trass i at landet var eit av dei første på det europeiske kontinentet som plukka opp fotball frå britane, trass i at trenarlegendar som Jimmy Hogan og Jack Reynolds hadde jobba der og trass i at ballkunstnaren Faas Wilkes briljerte i italiensk og spansk fotball for Inter og Valencia, var Nederland på 1950-talet ein temmeleg obskur fotballnasjon. Men på denne tida var landet i ferd med å etablere ein profesjonell liga – det første steget på vegen mot dei framgongane nederlandsk fotball skulle oppleve frå midten av 1960-talet og framover. Dei to unge mennene som nettopp hadde gått i land i Amsterdam hadde begge erfaring frå fotballbanane i heimbyen Paramaribo, kor dei hadde markert seg som målfarlege angriparar i dei lokale toppklubbane Transvaal og SV Robinhood. Men det var ikkje først og fremst som spelarar George Gullit og Herman Rijkaard skulle setje sitt preg på fotballhistoria.

Ankomsten

George valde å leggje fotballskorne på hylla ved ankomst i det nye heimlandet, kor han først studerte ved Vrije Universiteit før han seinare fekk jobb som lærar i økonomi i den tradisjonelt venstreradikale Amsterdam-bydelen Jordaan. Herman, derimot, heldt fram karriera i F.C. Blauw-Wit, som nyleg hadde rykka opp i Eredivisie og som spelte heimekampane sine på Olympisch Stadion, som hadde vore hovudarena for OL i 1928, der Uruguay vann sitt andre strake gull etter finalesiger over Argentina. Nær tretti år seinare var meistermøtet mellom dei to søramerikanske rivalane truleg framleis den beste fotballkampen som var spelt på nederlandsk jord. Ingen kunne på dette tidspunktet ha den fjernaste aning om kor viktige spelarar frå ein heilt annan del av det søramerikanske kontinentet skulle syne seg å verte for landet si fotballhistorie. Herman Rijkaard spelte for Blauw-Wit i fire sesongar før han trappa ned i Stormvogels i Erste Divisie. 

Samstundes byrja han å jobbe som sosialarbeidar i Amsterdam, ein jobb der ei av dei viktigaste oppgåvene hans vart å hjelpe andre surinamerar å finne seg til rette i det nederlandske samfunnet, kor mykje jo var annleis enn kva dei var vane med heimefrå, og kor dei tidvis også opplevde diskriminering. For mange surinamske menn i Nederland på denne tida vart fotballen ein viktig fristad. Høgrebacken Erwin Sparendam, som Rijkaard hadde vore lagkamerat med då dei vart surinamske meistrar med S.V. Robinhood og som han vart gjenforeint med i Blauw-Wit, uttalte seinare at han hadde opplevd rasisme i Nederland, men ikkje på fotballbanen. Sparendam kom opphavleg til nederlandsk fotball som ein av heile fem surinamerar som signerte samtidig for Utrecht-klubben USV Elinkwijk. Dei fire andre var Michiel Kruin, Charley Marbach og brødreparet Frank og Humphrey Mijnals. Sistnemnte vart i 1960 den første surinameren som fekk spele for det nederlandske landslaget. Førti år seinare vart forsvarsbautaen kåra til det tjuande hundreårets største fotballspelar frå Surinam.

I 1962 vart George Gullit og Herman Rijkaard begge fedre til søner, men det skulle ta noko tid før dei to gutane lærte kvarandre å kjenne. Dei møttest det året heimbyen sitt storlag Ajax vann sin tredje strake triumf i europacupen for serievinnarar, samstundes som Nederland kvalifiserte seg for sitt første VM-sluttspel nokon sinne (etter å mellom anna ha slått Noreg 9-0, men det er heldigvis ei anna soge). Då dei vart fødde, var Amsterdam ein uvesentleg fotballby, iallfall i internasjonal samanheng: No, eit drygt tiår seinare, var han sentrum i fotballuniverset: Herfrå sende Johan Cruyff, Ruud Krol, Piet Keizer, Johnny Rep et al ut totalfotballens glade bodskap. Det første møtet mellom Ruud Gullit og Frank Rijkaard fann stad på Balboaplein, ein offentleg plass på den amsterdamske vestkanten som var ein populær arena for gatefotball. 

Den gongen var dei berre to ivrige elleveåringar mellom mange andre, men Ruud såg straks talentet til den knapt ein månad yngre Frank og inviterte han til å verte med på ungdomslaget han sjølv spelte for hjå Amsterdamsche Football Club Door Wilskracht Sterk (ja, namnet tyder det du trur). Her skulle dei begge utvikle seg til potensielle toppspelarar i løpet av dei neste fem sesongane.

Trass i at Amsterdam har hundreårlange tradisjonar som kulturell smeltedigel, var både det klassiske Ajax og det nederlandske laget som bergtok verda under VM i 1974 like krittkvite som dei fleste andre europeiske lag på denne tida. Men tidene skulle skifte. Etter tida i lag i AFC DWS tok Gullit og Rijkaard ulike vegar til toppen. Frank fekk kontrakt med Ajax, etablerte seg tidleg på A-laget og vann Eredivisie før han hadde fylt tjue år. Ruud måtte gå ein lengre veg via spel for HFC Haarlem i Eerste Divisie før han slo gjennom for fullt. 

Begge vart i ung alder eksponert for tankane til Nederlands mest markante fotballpersonlegdom, som lagkameratar av det eksentriske geniet og den uortodokse ideologen Johan Cruyff då han runda av si lange spelarkarriere i Ajax og Feyenoord. Dei debuterte begge for landslaget i ein alder av berre nitten – Gullit sågar på sin eigen bursdag – men etter store år med finaleplass i VM i både 1974 og 1978 var Oranje på veg ned i ein djup bølgjedal, og klarte ikkje ein gong å kvalifisere seg for deltaking i sluttspelet i verken 1982 eller 1986.

Gjennombruddet

Så kom omslaget! Nederland sikra seg enkelt ein av dei åtte sluttspelplassane i EM i nabolandet Vest-Tyskland i 1988 og kom til turneringa med eit potensielt storlag, sjølv om dei ikkje var rekna mellom dei største favorittane før turneringa tok til. Etter ein del plunder innleiingsvis falda laget seg plutseleg ut i all si prakt. Frank styrte midtforsvaret med kraft og kløkt ved sidan av Ronald Koeman, medan Ruud både var kaptein og uimotståeleg i angrep saman med den skadeplaga spissen Marco van Basten, som plutseleg vakna til liv og scora fem mål på tre kampar mot England, Vest-Tyskland og Sovjetunionen. Før semifinalen mot vertsnasjonen i Hamburg hong nederlandske fans opp eit banner på tribunen kor det stod: «Ein Reich. Ein Volk. Ein Gullit.»

Revolusjonen var eit faktum. Surinams søner hadde leia Nederland til deira første store landslagstriumf. Litt av ein suksess for gutane til lærar George og sosialarbeidar Herman! I tillegg til Gullit og Rijkaard var det òg to andre spelarar med surinamsk bakgrunn i den nederlandske troppen. Den teknisk glimrande høgrevingen Gerald Vanenburg spelte alle kampane, medan den unge midtbanemannen Aron Winter måtte nøye seg med ein plass på benken (han fekk seinare heile 84 landskampar). 

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent