Josimar

Ein fin dag for fotball

To av Noregs beste lag, representantar for landets to største byar, i kamp om sjølvaste Kongepokalen. Kan det bli betre? Ja, det kan det.

Tekst: Nils Henrik Smith Foto: Eivind Hauger

Det er, det må det vere lov å seie, Egil, ein uvanleg fin dag for fotball. Sola skin frå ein direkte påfallande blå himmel i det Josimar si audmjuke utsending tuslar heimefrå. Det minnar meir om midtsommar i Firenze enn den siste dagen i oktober i Oslo, men det er altså det sistnemnte det faktisk er, sjølv om det berre er merkbart på eit kjølig drag i lufta og haustlauvet som fell frå trea. Eg tek t-banen frå Carl Berners plass til Ullevaal stadion, dette mektige fotballstadion forkledd som eit tredjerangs kjøpesenter. Eller, det vil seie, det er ikkje heilt sant. Eg tek banen til Ullevål stadion, som er namnet på t-banestoppet ved Ullevaal stadion. Ullevaal stadion vart opna i 1926, ni år etter at vokalen «å» vart innført i Noreg gjennom rettskrivingsreforma av 1917. Det heiter Ullevål sjukehus og Ullevål hageby. Men for Noregs fotballforbund er dette aa-jaaleriet tydelegvis umåteleg viktig, og difor er eg altså på veg til Ullevaal stadion, ikkje Ullevål stadion som eg burde ha vore på veg til.

Grunnen til at eg er på veg til Ullevaal, er at det er cupfinale i dag! Regjerande meister Vålerenga – eller Vaalerenga, som dei truleg ville ha heitt viss NFF fekk bestemme – møter serieleiar Sandviken. To av Noregs beste lag, representantar for landets to største byar, i kamp om sjølvaste Kongepokalen. Med tanke på byane sin storleik, tradisjonar og historiske slagkraft i NM-samanheng er det eigentleg overraskande uvanleg at Bergen og Oslo møtest i sjølve finalen. 

På kvinnesida har det faktisk aldri hendt før. Eller, det vil seie, det er ikkje heilt sant. Både Sandviken og (Arna-)Bjørnar har tidlegare møtt (og fått bank av) Asker, som rett nok ikkje er frå verken byen eller kommunen Oslo, men som held til innføre grensene til den statistiske tettstaden Oslo. Viss nokon synst dette er forvirrande så har eg skrive eit tretti sider langt essay om Statistisk sentralbyrå sin tettstaddefinisjon, som... neidå, berre køddar! Vi held det enkelt. Bergen og Oslo har aldri møttest i cupfinalen for kvinner før. Men det skal dei altså i dag. Akkurat her. Akkurat no.

Eller rettare sagt, om cirka ein time. Som alltid når eg skal på fotballkamp, er eg ute i svært god tid. Er det ein ting eg alltid er ute i, så er det god tid. Eg prøver som alltid å seie til meg sjølv at grunnen til at eg som alltid er tidleg ute er at eg ynskjar å fange inn stemninga kring stadion før kamp, kjenne fotballkulturen sive inn under huda mi, så å seie, men den verkelege grunnen til at eg alltid er ute i god tid er at eg har ein litt nervøs disposisjon som gjer at eg ser for meg uhorvelege komplikasjonar som vil oppstå, at nettopp eg skal råkast av naturstridig uflaks som fører til at eg rett og slett ikkje kjem inn på kampen, trass i at det ikkje finst nokon grunn til at eg ikkje skal gjere det. 

Sjølv på ein dag som i dag, kor eg er til stades som akkreditert journalist, har fått epost frå dei høge herrar og fruer i Noregs Fotballforbund om at søknaden min om akkreditering er motteken, handsama og innvilga, kjenner eg meg inst inne heilagt overtydd om at nokon kjem til å nekte meg adgang til pressetribunen her på Ullevaal. «Du?», kjem den NFF-tilsette ved presseinngangen forakteleg til å fnyse. «Lol, nei. Viss vi hadde forstått at det var deg hadde vi sjølvsagt aldri innvilga akkrediteringssøknaden. Pell deg vekk, og vis deg ikkje for vårt åsyn meir!» Trass i at slikt som dette aldri skjer reknar eg alltid med at det skal skje neste gong. Men det skjer, utruleg nok, ikkje i dag heller. Den NFF-tilsette mønstrar meg rett nok med særs avmålt blikk, som venta, men overleverer (under sterk tvil?) akkrediteringsbeviset. Eg pustar letta ut.

Sidan det framleis er tre kvarter att til kampstart passar det godt å ta ein runde. Å gå rundt stadion er ei undervurdert øving, sjølv i eit tilfelle som Ullevaal, der det knapt er mogleg å sjå at det er eit stadion ein går rundt medan ein går rundt det. Det som gjer at ein, trass alt, skjønar at det er eit stadion, er at dei skodelystne skarane er i ferd med å samle seg, for å førebu seg til kampen og delta i ritualet kjend som «fotballkultur». På dette tidspunktet er det Sandviken-supporterane som dominerer området kring Ullevaal. Ein iherdig gjeng med tromme og taktfaste kamprop. Ein eldre kar med raudkvit kaps, rullestol og sigg utanfor Egon. Forh. Statsminister Erna Solberg er sjølvsagt òg her, i lag med husbonden Sindre Finnes, for å sole seg i glansen av heimbyens beste lag. 

Det har falle seg slik at også eit anna bergenslag, den hardt prøva herreklubben Brann, plaga både av nedrykksstrid og utanomsportslege skandalar, skal spele i hovudstaden i dag, mot Vålerenga på Intility. På cupfinaledagen er dette enno ikkje endeleg vedtatt, men det aller meste tyder på at Sandviken si elitesatsing for kvinner vil gå inn i Brann og spele i den klassiske, heilraude drakta frå og med neste sesong. Det knyter seg såleis ei viss spenning til kor mange av Brann-supporterane som uansett er i Oslo som kjem til å ta turen til nasjonalarenaen for å vonleg få sjå Brann in spe feire ein storslagen triumf. Det burde vere ein del, for dei kan jo ikkje håpe på nokon storslagen triumf for herre-Brann med det første.

Trass i ei mildt sagt variabel historie når det gjeld å ta kvinnefotballen på alvor, ynskjar NFF å gje inntrykk av at dei har tenkt å gjere det framover, og Ullevaal er såleis spjåka ut etter alle kunstens reglar i høve finalen. Men det er eit par ting som skurrar når det gjeld ambisjonane om å løfte kvaliteten på arrangementet. For det første er billettane gratis. Ved første øyrekast høyrest det kanskje ut som ein nobrainer? Klart det kjem meir folk viss det er gratis. Men fullt så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Når ein gjev vekk billettane til eit arrangement, seier ein samstundes implisitt at dette er noko ein ikkje kan rekne med at publikum ville betalt for, at det er, vel, verdilaust. Viss ein ser på fotball som eit «produkt» - som er ein tvilsam ting å gjere, men som NFF ikkje desto mindre heilt openbert gjer – er det merkeleg å devaluere «produktet» på den måten.

For det andre går kampen av stabelen sundag 31. oktober kl. 15. NFF vil gjerne trekke familiar til tribunane, og cupfinalen er jo absolutt ei hending som har potensial til å vere ein fotballfest for heile familien, men ein har altså vald å leggje kampen til eit av dei aller minst familievenlege tidspunkta i kalenderen. Somme vil kanskje rose forbundet for å standhaftig stå opp mot amerikansk kulturimperialisme, men Halloween er no ein gong etablert som tradisjon også i Noreg. Det er nok liten tvil om at kamptidspunktet har gjort det unødvendig vanskeleg for familiar med barn som skal gå Halloween seinare på ettermiddagen/kvelden å kome seg til Ullevaal.

Men uansett! Vi som er her, er her, og no er det på høg tid å ta heisen opp til pressetribunen. Det som først og fremst er spennande med pressetribunar er sjølvsagt kva slags lekkerbiskenar arrangørane diskar opp med. NFF kan by på kaffi, mineralvatn og focaccia med ost og skinke (tanken om at det kan finnast ikkje-kjøtetande fotballjournalistar er tydelegvis enno ikkje tenkt). Ein merker seg her at det eksisterer eit visst klasseskilje også mellom oss akkrediterte. Medan kommentatorane, som jo sit innandørs, får lov til å ta med seg heile flasker med mineralvatn inn i kommentatorbuene sine, må vi stakkars skrivande journalistar heller det over i små plastkrus før vi går ut og set oss på plassane våre. Eg forstår at reglar er reglar og at reglane er til for å følgjast, og freister å undertrykke irritasjonen min over dette, men ærleg talt, eg er ein vaksen mann, eg har ikkje tenkt å prøve å treffe assistentdommaren i hovudet med ei flaske.

Vel, vel. Det skal spelast kamp her, og den er det grunn til å sjå fram til. Sjølv om Vålerenga vann både cup og serie i fjor må Sandviken finne seg i eit visst favorittstempel på bakgrunn av ein suverent gjennomført sesong fram til no. Dei har vunne 15 av 16 seriekampar og vil sikre seg sitt første ligagull viss dei slår i praksis allereie nedrykksklare Klepp heime i neste runde. Dette gjev rom for ettertanke, for då Toppserien vart etablert i 1987 var det nettopp Klepp og Sandviken som var dei to vestlandsrepresentantane i den nye, landsdekkande ligaen. Klepp vann gull i første forsøk, medan Sandviken altså har måtta vente i 34 år. Så seint som i 2019 endte Klepp foran Sandviken på tabellen. Men tidene har skifta. Før denne sesongen signerte Sandviken tre av Klepp sine viktigaste spelarar – Tuva Hansen, Marthine Østenstad og Elisabeth Terland – og dermed har det gått som det har gått. 

Evne og vilje til å investere vert stadig viktigare. Denne trenden vil neppe svekke seg i åra som kjem. Neste år heiter dei fire beste kvinnefotballaga i Noreg mest sannsynleg Brann, Lillestrøm, Rosenborg og Vålerenga. Alle tradisjonelle og populære klubbar på herresida. Tre av dei frå landets største bysentra. Det fjerde ein ti minutts togtur utanfor hovudstaden.

For dei av oss med hang til nostalgi, som det jo er ganske mange av blant fotballentusiastar, er det sjølvsagt noko vemodig over at dei fleste pionerklubbane i kvinnefotballen på sikt vil forsvinne. Samstundes reflekterer det unekteleg ei positiv utvikling. Viljen til å satse vitnar om ein heilt annan aksept enn kva som tidlegare har vore tilfelle, både i Noreg og internasjonalt. Ein treng neppe gå veldig mange år tilbake for å finne ei tid då mange supporterar av klubbane nemnt over ville ha rekna ei kvinnesatsing som rein sløsing, å kaste vekk pengar som, etter urgamal sed og skikk, burde ha vore brukt på å styrke herrelaget. Men i 2021 er det ikkje lenger slik. Sjølvsagt er det framleis langt igjen før vi har reell likestilling i fotballen. Klubbane på kvinnesida ligg stadig langt bak sine herreekvivalentar når det gjeld budsjett, mediemerksemd og så bortetter, men ei endring er definitivt på gong.

Ein gong i tida kunne du tøffe deg ved å syne forakt for kvinnefotball. Klubbar, forbund, media og andre maktaktørar slapp unna med heilt openlys diskriminering. Så seint som i 2014 påpeikte idretssosiologane Arve Hjelseth og Jorid Hovden frå NTNU i ein artikkel i «European Journal for Sport and Society» at medan kvinnelege utøvarar i andre idrettar stort sett vart vurdert ut frå prestasjonar, ikkje kjønn, var diskursen om fotball stadig dominert av maskuline kjerneverdiar, og kvinnefotball vart difor sett på som eit trugsmål mot desse verdiane. Analysen til Hjelseth og Hovden var basert på lesarkommentarar i kommentarfeltet hjå VG Nett, som sjølvsagt ikkje nødvendigvis er representativt for all samtale om fotball i Noreg, men fortel likevel ein heil del om korleis kvinnefotball vart systematisk nedvurdert i vår svært nære fortid, sjølv i eit land som reknar seg som ein føregangsnasjon på likestillingsfeltet og som var i verdstoppen reint sportsleg på eit tidspunkt då dei fleste av dei store fotballnasjonane openlyst gav blaffen i kvinnefotball.

I dag, derimot, er ting annleis. Viss du hevdar at fotball for kvinner er dårleg, dumt, uvesentleg eller uestetisk, drit du deg ganske enkelt loddrett ut, iallfall i danna selskap. Du framstår som det du sannsynlegvis er: Ein utdatert misogynist. Det finst framleis krefter som kjemper mot at kvinnefotballen skal få den respekten og merksemda han fortener, men dei vert stadig meir avmektige. Dei tradisjonelle herreklubbane som no satsar på kvinnelag gjer det fordi dei trur publikummet deira vil setje pris på det. Viss du er Vålerenga-supporter heiar du sjølvsagt på Vålerenga, heilt uavhengig av kva kjønn spelarane inni dei blå trøyene har. Noko anna ville vere for dumt.

Kampen! Trass i – eller på grunn av? – førehandsfavorittstempelet byrjar Sandviken noko nervøst og fomlete, med fleire enkle, upressa feil ein ikkje ventar å sjå på dette nivået. Dei har slått Vålerenga i begge seriekampane i år og burde sjølvsagt vere i stand til å gjere det igjen, men fotball er eit gåtefullt spel. De går utpå der, sjølvsikre og sigersmedvitne, men så byrjar berre ting å gå gale. Pasningane sit ikkje, løpa er feil tima, alle er for seint ute i alle duellar, ingenting funkar som det skal og ingen forstår heilt kvifor. Innleiingsvis i første omgang er det ein sånn dag Sandviken ser ut til å ha. 

Vålerenga, derimot, verkar på hogget. Etter ein skuffande ujamn seriesesong vil dei gjerne vise kva dei kan. Balltempoet er høgt, presisjonen god. Ei kjensle av kollektivt velvære breiar seg gjennom laget. Ingenting er artigare enn å spele god angrepsfotball. Allereie etter tre minutt får dei den første sjansen: Synne Jensen headar i tverrliggjaren etter eit snedig innlegg frå Marie Dølvik Rasmussen. Sandviken har berre sleppt inn seks mål i Toppserien denne sesongen, og midtstoggarane Tuva Hansen og Guro Bergsvand er begge på landslaget, men no er det normalt så solide forsvaret deira definitivt på gyngande grunn. Dølvik Rasmussen vart matchvinnar i fjorårets cupfinale mot LSK og har ikkje til hensikt å gå av banen utan nettkjenning i år heller. Etter fjorten minutt spring ho seg laus og curlar ballen rundt ei sjanselaus Aurora Mikalsen. 1-0! VG-svingen eksploderer i takksam jubel.

Klanen var lite synlege utanfor stadion før kampen byrja, men har møtt opp i ganske bra antal og gjer seg stadig sterkare gjeldande utover i omgangen. Sjølvsagt er det infantilt å rope «hater Bergen by!», men det er no ein gong ein del av den rituelle skitslenginga som har prega fotballen i uminnelege tider. Sandviken-supporterane gjer sitt beste for å hengje med, men er prega av å vere på bortebane sjølv om dei teknisk sett er heimelaget i finalen. Kampen på tribunen er naturleg nok prega av at Vålerenga spelar i sin eigen by, men kanskje er det likevel lov å vere bittelitt skuffa over borteoppmøtet? Ein sit med ein kjensle av at litt for mange av dei som skal på Intility for å sjå Brann i kveld, har vald å sitje på pub og fyre i ettermiddag staden for å ta turen til Ullevaal. Ville dette vore annleis viss Sandviken-kvinnene allereie var iført Brann-drakt, med all den prestisje det innebér? Vil det vere annleis viss Brann spelar i cupfinalen for kvinner til neste år? Det står att å sjå. Dei som er her, jobbar uansett iherdig med å skape finalestemning. Høgdepunktet er når begge lag sine supporterar syng «Bergen ut av Norge!» samstundes.

Hovudproblemet, reint publikumsmessig, er openbert at ein ikkje har greidd å nå ut til den meir folkefest-orienterte delen av publikum. Strategien med å dele ut billettane gratis har – surprise, surprise! – ikkje overtydd så veldig mange om at NM-finalen i fotball for kvinner 2021 vil vere ei dramatisk og minneverdig oppleving av høg sportsleg kvalitet. Og det er synd, for det er faktisk akkurat det det er. Ein flott fotballkamp!

Sandviken kjem meir med i spelet etter scoringa. Den trinidadiske kraftspissen Kenya Cordner kjempar heorisk på topp, men vert for ofte for åleine. Det slepne balltalentet Elisabeth Terland – som spelte ein utmerkt kamp og scora eit flott mål då Noreg banka Belgia her på Ullevaal på tysdag – latar ikkje til å ha den heilt store dagen: Ho får ein stor sjanse då VIF-keeper Hanna Seabert slår eit utspel rett i beina hennar, men avsluttinga er ikkje av førsteklasses Terland-kvalitet. Ingrid Spord fyrer av ein kanon som får aluminiumet bak Seabert til å riste slik at lyden kan høyrast over halve Ullevaal, men ballen vil ikkje i nettet.

I staden er det Vålerenga som aukar leiinga. Serbiske Dejana Stefanovic har det du ventar deg av ein midtbanespelar frå Balkan. Ho er teknisk, sterk, tøff og gatesmart – ein slik spelar alle elskar å ha på sitt eige lag, og mislikar tilsvarande sterkt at motstandarlaget har. Kort tid før pause får Vålerenga frispark frå om lag tjue meters hald: Stefanovic klinkar ballen i mål. Var muren feilplassert? Burde Mikalsen hatt kontroll på skotet? Kanskje. Uansett er stillinga 2-0 når laga går til pause. Vålerenga må berre fullføre dette, så er dei cupmeistrar for andre år på rad. Men det viser seg, som så ofte, at når eit lag berre gler seg til at kampen skal ta slutt vert dei for passive, baktunge. Fem minutt ut i andre omgang lagar den temperamentsfulle Stefanovic eit unødvendig frispark i ein liknande posisjon som den ho sjølv scora frå. Marit Bratberg Lund går fram for å ta det. Venstrebacken som kom frå Kolbotn i vinter har hatt ein stor sesong og vorte lansert som ein mogleg kandidat til å fylle det som tidvis har vore ein problemposisjon på landslaget. No får ho perfekt treff og ballen fyk i ein vakker bóge forbi Seabert. Sandviken er tilbake i kampen! Dei held fram med å presse, samstundes som Vålerenga òg har sine sjansar. Synne Jensen skyt i tverrliggjaren frå distanse. Ingrid Spord headar like utanfor frå kloss hald.

Kampen nærmar seg slutten og Klanen er i ferd med å fyre seg opp i fullt feiringsmodus då dei brått får jubelen i halsen. For i sekstenmeteren i motsett ende av banen sett plutseleg Rikke Madsen inn ei hårreisande, uforklarleg takling, Bratberg Lund går i bakken og dommaren peikar nådelaust på ellevemetersmerket. Straffe! Viss Sandviken utliknar no, vil dei ikkje berre etter alt å døme sikre seg ekstraomgangar, dei kan òg påføre Vålerenga ein psykisk knekk det vil vere vanskeleg å reise seg frå. Bratberg Lund skal ta det sjølv. 

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent