Josimar

Det viktigaste spelet i livet

Korleis kan det ha seg at vaksne menneske med ekte jobbar og såkalla liv framleis brukar tid på eit tjue år gamalt dataspel? Svaret får du i denne teksten.


Tekst: Nils Henrik Smith og Even Smith Wergeland

Oktober 2001. Det er berre nokre veker sidan tvillingtårna på Manhattan styrta i grus. Ei kjensle av unnatakstilstand rår. På grunn av Osama bin Laden kan du ikkje lenger ta med deg vanlege sjampoflasker på flyet. Presidenten i Sambandsstatane, Georg Busk Junior, gjev ordre om åtak på Afghanistan og startar med det den såkalla «krigen mot terror». Samstundes, dei fleste stader, går livet vidare. Folk høyrer på The Strokes og Kaizers Orchestra. Dei les Lars Saabye Christensen og W.G. Sebald og gler seg til at den tredje sesongen av Sopranos skal kome på TV i Noreg, meir enn halvåret etter premieren på HBO. Kjell Magne Bondevik si andre regjering tiltrer. Bertie Mee, som leia Arsenal til The Double sesongen 1971-72, døyr. Apple lanserer den første iPoden. Erling Braut Haaland har nettopp lært å gå. Desse små detaljane gjev til saman eit slags snapshot av det samfunnet vi levde i for 20 år sidan, men er samstundes, sett i ettertid, sjølvsagt komplett uvesentlege bagatellar samanlikna med den kulturhistorisk sett i særklasse viktigaste hendinga den hausten: 12. oktober 2001 kom Championship Manager 01/02 på marknaden. Verda vart aldri heilt den same.

Forfattarane av denne artikkelen delte på dette skjelsettande tidspunktet i våre då framleis unge liv ein kåk i sentrum av Bergen, der vi begge var nokså ferske studentar på sjølvaste Universitetet. I kåken hadde vi ein stasjonær PC som stod på eit unødvendig komplisert PC-bord frå IKEA som det hadde kosta oss mykje strev og frustrasjon å sette i hop. Det eigentlege føremålet med den i studentøkonomisk målestokk ganske kostbare investeringa i eigen PC var sjølvsagt å bruka han til nyttige ting, skriving av semesteroppgåver og liknande, men maskinen skulle òg – spoiler alert! – få eit heilt anna og langt viktigare bruksområde.

Dataspelet Championship Manager hadde kome i ei rad ulike utgåver sidan det først vart lansert i 1992. Spelet, som vart utvikla på guterommet til brødreparet Paul og Oliver Collyer i Shropshire nær grensa mellom England og Wales, skulle forme ein heil generasjon fotballentusiastar. I det nesten utenkelege fall at det skulle vere nokon mellom Josimar sin talrike og kunnskapsrike lesarskare som ikkje er kjend med kva spelet går ut på, så er det altså at du, spelaren, går inn i rolla som manager for ein (profesjonell) fotballklubb. Spelet lenar seg tungt på den tradisjonelle britiske førestellinga om manageren som ein nærast allmektig figur som har det overordna ansvaret for all sportsleg verksemd i klubben, frå taktikk til spelarlogistikk. Samstundes er det eit tekstbasert spel med eit utprega kvantitativt fundament. Det tyder at det aller meste er talfesta, både når det gjeld spelarane sine individuelle kvalitetar og laga sine kollektive prestasjonar. Sånn sett er det ein slags fiktiv forløpar for den statistikkdrivne nerderevolusjonen fotballen har gått gjennom dei siste 20 åra.

Vi hadde begge vore ihuga spelarar av fleire av dei tidlegare utgåvene av spelet gjennom oppveksten. Men trass i all gleda vi hadde hatt av dette herleg avhengigheitsskapande tidsfordrivet følte vi vel at den tida kanskje var forbi. Vi var trass alt vaksne no, seriøse unge menn som studerte kompliserte fag som kunsthistorie og litteraturvitskap, og hadde ikkje lenger tid til denne typen lettsindig tant og fjas.

Særleg. Ein ettermiddag, då Nils Henrik kom heim frå lesesalen, var Even, uvanleg nok, heime allereie. Han sat framføre PC-skjermen med eit, sjølv til han å vere, uvanleg lurt smil kring munnen. Han tasta ivrig på tastaturet. Ved sidan av det låg eit plastetui, og på framsida av plastetuiet var ein fotball avbilda mot ein raud bakgrunn. «CHAMPIONSHIP MANAGER SEASON 01/02», stod det. «IT’S THE MOST IMPORTANT GAME OF YOUR LIFE.»

Vi måtte faktisk gå eit par rundar med oss sjølve, halde eit lite husråd, for å vurdere om dette var lurt. Kunne det rett og slett vere starten på slutten av studielivet? Ville vi miste alle vennane våre? Var vi dømt til ei framtid i lilla joggebukse med cola-flekker og rester av ostepop? Etter å ha grubla lenge på saka tenkte vi at det måtte la seg gjere å kombinere spel og liv. Det viste seg heldigvis å stemme, sjølv om det ikkje alltid skulle vere så lett å skilje røynd frå fiksjon dei komande åra. Meir om det under.

Eit kvantesprang

CM 01/02 leverte frå første augeblikk – dette var ei heilt anna klasse enn dei føregåande versjonane. No kunne vi problemfritt spele med fleire aktive ligaar samstundes. Dette braut ned barrierane mellom dei ulike landa og ligasystema frå tidlegare. «Expected to move abroad at the end of the season» kunne vere statusen til ein spelar i CM 93/94, og då var det fint lite å gjere som manager. Så viss Eric Cantona, ein utlending i England, ville til eit anna utland, til dømes Italia, måtte han berre få dra. Det var heller ikkje lenger ei liste med «foreign players» som ein kunne signere frå, som om EU var eit klubblag. Slik var det i tidlegare utgåver, som var veldig England-osentriske. I CM 01/02 fekk ein for første gong ei slags kjensle av likestilling, i alle fall blant dei større fotballanda i Europa.

Når det er sagt, er det særleg eitt aspekt ved spelet som minner om gamle forhold i fotball-Europa: Det kan vere svært vanskeleg å få managerjobb i eit anna land enn der ein har starta. Du kan vere den klart beste manageren i Italia, med Champions League-titlar på CVen, men likevel ikkje få den ledige jobben i Derby County, Oviedo eller Greuther Fürth. Dette viser at spelet byrjar å verte gamalt. I 2001 var det ikkje fullt så vanleg som i dag at trenarar frå ulike land jobba over heile verda.

Det som hadde endra seg mest frå tidlegare versjonar i positiv forstand var omfanget av data og valmoglegheiter. CM 01/02 var nærast grenselaust, sjølv for oss som var tungt inne i mange relativt obskure fotballfakta på den aktuelle tida. Vi lærte namnet på klubbar og spelarar vi aldri før hadde høyrt om – som den kreative midtbanespelaren Sergiu Epureanu frå Moldova, med base i klubben Zimbru Chișinău – og vi dykka oss langt ned i krinkar og krokar av ymse ligasystem. Finst det ein lovande venstreback i Rushden & Diamonds F.C.? Ein måljeger i Døllefjelde-Musse Idrætsforening? Ein keeper i Morro d'Oro? Vi oppdaga raskt at CM 01/02 var full av skjulte skattar for den som hadde tid og tålmod til å leite. Og det hadde vi! Nerdefesten ville ingen ende ta den hausten i Torborg Nedreaas’ gate. Seinare skulle det verte både vinter og vår, nye bustader, nye byar, nye gjeremål elles i livet. Men CM 01/02 vart uansett med vidare. Kva var det som gjorde dette så ualminneleg bra, utover det vi allereie har nemnd?

Fakta og fiksjon

For dei som av mystiske årsaker aldri har spelt Championship Manager eller etterfølgjaren Football Manager må vi kort forklare at dette er eit simulatorspel, ikkje eit konsollspel av typen FIFA eller Pro Evolution Soccer. Det tyder at spelets suksess ikkje er direkte betinga av fancy grafikk, hurtig interaksjon og teknisk repertoar hos den som spelar, men snarare av kvaliteten på sjølve simulasjonen, det strategiske handlingsrommet og spekteret av moglege variablar. Dei to siste er sjølvsagt enormt viktige, ettersom dei avgjer kor lang tid det tek å meistre spelet og kor moro det er å spele det om att og om att. Ettersom vi faktisk har spelt CM om att og om att, vil vi opplagt påstå at det har den kvaliteten. Det tok oss lang tid å lære spelet å kjenne, vite kven som var dei beste kjøpa, den beste taktikken med den og den klubben og så vidare. Faktisk kan det stadig hende at nye lys går opp for oss – 20 år etter at spelet kom ut!

Samstundes er CM uhyre lettspelt, i den forstand at ein kjapt kjem i gang og skjøner grensesnittet. Ein veit kvar og når det skal trykkast – ei enkelheit som særleg seinare utgåver av Football Manager ikkje er kjenneteikna av, som vi kjem tilbake til. Ein annan sentral kvalitet ved CM 01/02 er at det simulerer managerrolla i ekte fotball på ein realistisk måte, men at det samstundes er urealistisk på ein måte som gjer det veldig spelbart. Du treng faktisk ikkje å vere manager på heiltid for å lukkast. Det er vel ein grunn til at vi begge trass alt hadde ei nokolunde produktiv studietid, både fagleg og sosialt. Spelet er akkurat realistisk nok til å lure hjernen din til å tru at du er ein ekte manager medan du spelar, samstundes som det er mogleg å halde på kontakten med samfunnet kring deg når du ikkje spelar. Og skulle grensa mellom desse ulike medvitsnivåa verte uklar, kan spelet i seg sjølv by på hjelp i form av ein såkalla «addictedness rating». Når du har nådd nivået «remember to wash!» er det på tide å slå av PCen, ta ein lang dusj og gå ut i verda igjen.

Kor sluttar spelet og kor byrjar røynda? Etter kvart som åra og sesongane gjekk var det ikkje alltid så lett å skilje. Gjekk verkeleg Xabi Alonso til Liverpool eller var det berre i CM? Carlos Tévez i West Ham? No way! Av og til kunne røynda vere vel så urealistisk som spelet. Samstundes hadde det neppe hendt i røynda at Alessandro del Piero gjekk til Leyton Orient eller Zinedine Zidane til Sedan, men i CM har dette synt seg å vere fullt mogleg under gitte føresetnader. Viss ein spelar spelet mange nok gonger vil det meste kunne skje.

Eit anna artig poeng i så måte er CM som orakel. For korleis såg fotballframtida ut i 2001? Det er mykje som er programmert i spelet som faktisk vart ein realitet, som at Arjen Robben går frå Groningen til PSV og at Michael Ballack går frå Leverkusen til Bayern München. På den andre sida er det nok av scenario som aldri slo til. Den mest graverande feilen er nok at Sir Alex Ferguson nesten alltid pensjonerer seg etter 2001/2002-sesongen. Hadde han gjort det i røynda ville mykje truleg sett annleis ut både i Premier League og Champions League på 2000-talet. I spelet vert han som regel erstatta av David O'Leary, som på den tida såg ut som den neste dominerande manageren i Premier League. Men både han og det talentfulle Leeds-laget hans dabba raskt av dei komande åra.

Elles er det interessant å nemne at to av spelarane med aller høgast potensiale i spelet er våre sør-amerikanske vener Javier Saviola (Barcelona) og Roque Santa Cruz (Bayern München). Begge kan verte den beste spelaren i verda, noko vi må ha lov til å seie at ingen av dei vart i røynda, sjølv om dei spelte på høgt nivå i mange år (Santa Cruz held det stadig gåande i moderklubben Olimpia Asunción). Dei er begge 19 år ved starten av den første sesongen i CM 01/02. Det viser berre kor notorisk vanskeleg det er å anslå faktorar som potensiale og karriereutvikling for spelarar i den aldersgruppa.

Det som òg viser seg, gong etter gong, er kor vanskeleg det er å lage nye spelarar. For det må jo spelet gjere etter kvart som sesongane går. Her er vi inne på eit av dei svakaste punkta i CM 01/02. Det kjem som regel inn for få gode spelarar, og alt for mange av dei har eitt eller fleire katastrofale trekk. Det kan til dømes vere ein keeper med veldig dårleg spenst, ein spiss utan målteft eller ein ving med elendig ballkontroll. Dette er utvilsamt noko av det mest frustrerande med spelet. Til gjengjeld er det ofte ei kjelde til utilsikta humor. Algoritmen prøver å ta omsyn til nasjonale namnetradisjonar når nye spelarar oppstår. Difor får du mange González-Sánchez i Spania og Smith og Jones i England. Men kva skjer når algoritmen trur at eit namn er vanleg i eit land, berre fordi éin spelar med den nasjonaliteten har det? Jo, då får du spelarar som Kåre Carew – ein ung norsk spiss som ein gong vart generert.

Unlimited complexity

Det første som skjer etter at du har tatt over som manager for ein klubb i CM 01/02, er at styret kunngjer sine forventningar! Desse er baserte på klubben sin status, økonomi og estimerte sportslege slagkraft, og kan variere frå at styret forventar at klubben skal «mount a serious championship challenge» til at dei berre håpar at laget vil «battle bravely against relegation». Mellom desse ytterpunkta finst meir moderate krav som «European qualification» og «a respectable league position». Viss du startar med ein klubb i ein lågare divisjon, er opprykk naturleg nok dét mange styre vil «hope for», «expect» eller til og med «demand». I spennet mellom desse forventningane og dine eigne manager-skills finst nøkkelen til framgong i spelet.

Viss du tek over ein allereie etablert toppklubb, med bugnande forbrukskonto og plenty av talent i garderoben er sjansen for umiddelbar suksess openbert ganske god, men samstundes er det vanskeleg å prestere særleg betre enn forventa, og den minste motgang vil utløyse sabelrasling i styrerommet og «angry demonstrations» frå supporterane. Viss styret berre er «generally satisfied» med innsatsen din, veit du at sparken neppe er særleg langt unna. Veljer du sjefsstolen i ein klubb kor nedrykksstrid er forventa, må du rekne med at spelarstallen er så som så og økonomien ofte heller semmer, men viss du er ein lurifaks som veit å gjere ei rimeleg, men smart signering eller to og har eit par snedige taktiske triks på lager, kan du fort overprestere, og såleis på sikt gjere deg attraktiv for større og mektigare klubbar. Men hugs! Overprestering vil sjølvsagt òg føre til auka forventningar. Plutseleg forlangar styret «great success in every area», og då har du ikkje noko anna val enn å levere.

Eit tredje alternativ er sjølvsagt å ta styringa i ein stor, men underpresterande klubb. I CM 01/02 er det særleg to som peikar seg ut: Atlético Madrid og Manchester City har begge på nærast naturstridig vis klart å rolse seg ned på nivå to i sine respektive ligasystem, men har ein brukbar tropp, bra budsjett samanlikna med rivalane i divisjonen, ein stor, trufast tilhengjarskare og dermed enormt potensial viss du berre får dei opp i eliten igjen. Kanskje kan du matche – eller til og med forbetre! – prestasjonane desse klubbane har stått for i den såkalla verkelege verda sidan dette spelet kom ut? Liknande repetisjonsprestasjonar kan ein jo lett sjå føre seg med mange andre lag òg: Ei morosam øving kan vere å lukkast med noko som fortonte seg lite plausibelt i 2001, men som seinare likevel har synt seg å vere mogleg, som å vinne Premier League med Leicester eller rykke opp i Bundesliga med Union Berlin.

Det er mange forskjellige utfordringar ein kan gje seg i kast med: Sesongen 01/02 var for eksempel Bayer Leverkusen eit lag som begeistra mange, men dei endte på andreplass i Bundesliga og tapte finalen i både DFB-Pokalen og Champions League. Kan du leie dei til eit etterlengta trofé og bryte Neverkusen-forbanninga? Eller kva med Lyon? På det tidspunktet spelet byrjar har dei aldri vunne Ligue 1, men sikra seg i røynda dei neste sju titlane. Laget frå gourmetbyen makta imidlertid aldri å ta steget heilt til topps i Europa, men kanskje du kan føre dei dit? For ikkje å snakke om Parma, som i 2001 var for ein italiensk storklubb å rekne, og som i spelet kan skilte med både god nok tropp og sterk nok økonomi til at ein dugeleg manager med litt flaks kan leie laget til sin første Serie A-tittel. I røynda kollapsa Parma få år seinare og har sidan vore ein klubb i nærast kontinuerleg kaos, men kanskje du kan frelse dei frå det framtidige forfallet? Somme klubbar, som Everton og Fiorentina, har ei ærerik historie og stolte tradisjonar, men er når spelet byrjar praktisk talt bankerott. Kan du få dei på rett kjøl igjen?

Slik kunne ein halde fram. Men likevel er kanskje det aller mest tilfredstillande å løfte ein klubb til eit nivå kor dei aldri tidlegare har vore og knapt nok drøymt om å vere. Kva med å etablere Paços de Ferreira som eit kraftsentrum i portugisisk fotball? Triumfere med Pistoiese i Coppa Italia! Cruise gjennom runde etter runde i UEFA-cupen med Le Havre. Styre Leyton Orient til Premier League. Og så bortetter. Men uansett kva for alternativ du veljer er det viktig å stille på jobb grundig førebudd, for CM 01/02 er, som det vert påpeikt i brukarrettleiinga, «a game of unlimited complexity and involvement».

You have news

Som manager er du sjølvsagt først og fremst ansvarleg for det sportslege, men du har òg betydeleg makt over klubben sin økonomi. Det finansielle aspektet ved klubbdrift er sjølvsagt dramatisk forenkla samanlikna med kva som reelt sett var tilfellet i profesjonell fotball for 20 år sidan, men er samstundes eit av mange eksempel på at spelet kom ut i ei brytingstid, noko som er ein viktig grunn til at det er eit fascinerande studieobjekt i dag. I CM 01/02 er både TV-rettar og prispengar kjærkomne bidrag til klubbkassa, og ein tener som oftast òg litt på sal av billettar og supportereffektar i løpet av sesongen. Sponsorinntekter, derimot, er så godt som ikkje-eksisterande – bortsett frå viss klubbstyret sjølv bestemmer seg for å sprøyte pengar inn i klubben, noko som skjer frå tid til annan, men ikkje ofte og stort sett berre ved akutte kriser.

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent