Josimar

Go with the Flo

Inst i ein fjordarm på Vestlandet har ein mot alle odds hatt toppfotball i meir enn førti år. No har Tore André Flo vend heim frå verdsmetropolen London for å styra klubben inn i framtida.

Tekst: Nils Henrik Smith

For den som aldri har kome hit luftvegen før, er innflyginga til Sogndal lufthamn både spektakulær og til dels skrekkinnjagande. Det vesle propellflyet frå Widerøe stig ned over den solglimrande Sognefjorden, kor fjella står og speglar seg så fagert i vatnet. Landingshjula vert slått ut og flyet nærmar seg dei skogkledde liene på nordsida av fjorden faretrugande fort. Det kan sjå ut som om me skal til å landa midt oppå ein fjelltopp, men i siste augneblink openberrar det seg ei smal flystripe i det aude landskapet. Hjula tek bakken, bortover rullebanen står piloten på bremsene så det syng. Til slutt står flyet stille, det ristar litt før det fell til ro. Me går frå borde og om bord i Flybussen, som skrensar nedover smale og svingete vegar ned mot fjorden.

Sogndal er den største tettstaden i nye Sogndal kommune, som vart til ved at gamle Sogndal kommune vart slutta saman med nabokommunane Balestrand og Leikanger i kommunereforma som tråtte i kraft 01.01.2020. Tettstaden Sogndal har 4195 folkeregistrerte innbyggjarar, noko som ikkje er i nærleiken av å vera nok til å koma med på lista over dei hundre største tettstadane i Noreg. Altså ein liten plass, som det i tillegg ville vera direkte usant å påstå at ligg sentralt til. Men her, mellom høge fjell inst i ein smal fjordarm, har dei noko vesentleg større tettstader som til dømes Mysen, Åmot/Geithus, Hommersåk, Knarvik, Spydeberg, Fauske, Flekkefjord, Sandnessjøen, Stavern og Hommelvik aldri har hatt og berre kan drøyma om: I meir enn førti år har Sogndal hatt eit lag i norsk toppfotball. Lokale talent i hopetal er utvikla eller foredla her i bygda. 

Mange av desse har tatt steget vidare, og somme har nådd heilt fram til dei største scenane i verdsfotballens metropolar. Då Noreg slo Brasil i Marseille under VM i 1998 var fire av dei fjorten nordmennene som var på banen i løpet av kampen tidlegare Sogndal-spelarar frå Sogn og Fjordane – keeper og kaptein Frode Grodås, brødreparet Jostein og Tore André Flo og fetteren deira, Håvard, sånn i tilfelle du har vore på fjellvandring i Tibet dei siste 25 åra og ikkje fått dette med deg. Dei to sistnemnte er i dag atter å finna i klubben, noko me skal koma attende til, ver trygg.

«Noregs mest stabilt ustabile lag»

Fotballbygda Sogndal gjorde seg først bemerka på nasjonalt nivå i 1976, då det dåverande tredjedivisjonslaget sensasjonelt kom til cupfinalen etter mellom anna å ha slått ut toppserieklubbane Viking, HamKam og Start på vegen. På ei Ullevaal-matte delvis dekt av sagflis vart Brann for sterke, men sogndølane hadde likevel gjennomført ein fenomenal sesong kor dei i tillegg til cupeventyret vann si tredjedivisjonsavdeling utan eit einaste nederlag og rykka opp etter kvaliksiger over Vigrestad. På dette laget fann ein profilar som Svein Bakke, Rolf Navarsete og Ingvar Stadheim. I tillegg til innsatsen på banen tok Bakke og Navarsete etter karriera på seg talrike verv og bidrog sterkt til å byggja toppfotballkultur i bygda, ikkje berre når det gjaldt det reint sportslege, men òg med omsyn til administrasjon, økonomi og infrastruktur. Stadheim hadde fleire periodar som hovudtrenar før han frå 1988-90 vart landslagssjef. 

I dag er han styremedlem i klubben. Sidan opprykket i jubelåret 1976 har Sogndal alltid vore med: Aldri heilt i toppen av norsk fotball – den beste ligaplasseringa deira er ein sjetteplass frå 1988 – men heller aldri utanfor dei to øvste divisjonane. 

Dei brukte nokre år på å stabilisera seg i andredivisjon før dei for første gong tok steget opp på det øvste nivået i 1982. I løpet av dei siste førti åra har Sogndal spelt 18 sesongar på det øvste nivået og 22 på det nest-øvste. Dei har rykka både opp og ned åtte gonger, og har spelt kvalifisering om opp/nedrykk heile ti gonger, inkludert alle dei siste fem sesongane(!). Dei er, som fleire i og rundt klubben seier med ein kombinasjon av stoltheit og sjølvironi: «Noregs mest stabilt ustabile lag».

Fram til 1970-talet kiva Sogndal med regionale rivalar om posisjonen som best i Sogn og Fjordane, men etter cupfinalen og dei to opprykka i perioden 1976-81 etablerte dei seg som sjølve Fylkeslaget. Den posisjonen har eigentleg aldri vore truga sidan, sjølv om Florø var oppe og yppa seg i OBOS-ligaen for nokre år sidan. Klubben har dermed gjennom tiår kunna rekruttera dei mest lovande ungdommane frå andre plassar i distriktet, som Stryn, Førde, Høyanger og Årdal. Sjølv Svein Bakke, Mr. Sogndal personleg, legenden som scora 321 mål på 514 kampar i den kvite trøya, kom opphavleg frå Holmedal i Sunnfjord. Samstundes er det neppe tilfeldig at framgongane til klubben skaut fart samstundes som staden utvikla seg til eit utdanningssentrum. På eitt tidspunkt på 1970-talet gjekk heile fem av spelarane i A-lagstroppen i same klasse på lærarskulen i bygda. 

Det som no heiter Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal har i dag meir enn 3000 studentar, i tillegg har Sogndal vidaregåande skule om lag 800 elevar, medan Sogndal folkehøgskule ikkje klarar å formidla informasjon om kor mange elevar dei har på nettsidene sine. Dette tyder for det første at folketalet lyg litt, ettersom mange av studentane ikkje er registrerte som busette der. For det andre tyder det at Sogndal, iallfall for den som er på vitjing for første gong, framstår som temmeleg annleis sosialt sett enn mange andre plassar av liknande storleik kringom i bygde-Noreg. Snittalderen er klart lågare og dialektmangfaldet større.

På vandringa oppover mot Campus Sogndal er så godt som alle eg møter under 25 år. Her ligg stadion samlokalisert med både Høgskulen, den vidaregåande skulen og meir enn 50 ulike verksemder. Som vanleg er når samfunnet skal utviklast latar det til at også dette prosjektet i si tid vart til gjennom langvarig lokalpolitisk tautrekking og til dels open strid, men i dag verkar det som om dei fleste sogndølar er tilfredse med, ja, stolte av det samspelet mellom idrett, utdanning og næringsliv som pregar campusområdet og bygda som heilskap. Under dei to åra med pandemi me har bak oss har det sjølvsagt vore annleis, men under normale omstende er om lag 4000 menneske innom her på ein vanleg kvardag. 

Innad i klubben likar dei å seie at dei har Noregs best besøkte stadion – utanom kampdagar! Men det er, som så ofte, ein liten ting som forvirrar ein stakkar som meg. Då utviklinga av dette området byrja tidleg på 2000-talet, fekk det namnet Fosshaugane Campus, men i 2018 vart det vedtatt å endra namn til Campus Sogndal. I og for seg heilt greitt, ting skiftar namn heile tida, problemet er berre at sjølve stadionet stadig heiter Fosshaugane Campus, noko som gjev den unekteleg paradoksale situasjonen at campuset ligg på eit campus, samstundes som det ligg eit campus på campuset! Kan det verkeleg vera nødvendig å gjera tilværet så komplisert?

Bakkeplassen og Flo-stova

Noko av det første ein legg merke til når ein vitjar ein fotballklubb er korleis klubben gestaltar seg sjølv, korleis ein tek vare på kulturen og historia, menneska og mytene. Ein fotballklubb kan ikkje verta sitjande fast i fortida, men må bruka henne aktivt i samtida til å byggja framtida på. I Sogndal verkar ein medvitne om dette. Etter at Svein Bakke gjekk bort så altfor tidleg i 2015, fekk plassen mellom stadion og idrettshallen namnet Bakkeplassen. Inne på campus finst eit møterom som heiter Flo-stova, til ære for den talrike og høgreiste klanen frå Stryn som har spelt ei viktig rolle i klubben gjennom tiår, og framleis gjer det i dag. 

I klubben sine indre gemakkar heng det store bilete av klassiske aktørar i klubbhistoria: Forsvarsbautaen og straffeeksperten Asle Hillestad, som har klubbrekorden med heile 611 kampar. Virtuosen Atle Torvanger, med flintskalle og bart, som slår ein lissepasning med tunga ut av munnviken. Ein klissvåt Tommy Øren som jublar ekstatisk for scoring. Somme, ja, faktisk ganske mange av legendane finn ein framleis i klubbkorridorane.

Håvard Flo ser faktisk ut som om han er hogd ut av fjellet. Dei breie skuldrene som har rydda vekk tallause forsvarsspelarar og den veldige pannebrasken som har stanga inn så mange mål gjer han nærast til urtypen på ein Sogndal-spelar, inkarnasjonen av den krafta og fighterviljen som er nedfelt i supporterhymnen og klubbmottoet «Stao nao pao». Flo hadde ei svært suksessrik karriere, han vart dansk cupmeister med AGF og spelte i Tyskland og England for Werder Bremen og Wolves. Han fekk 26 A-landskampar og deltok i VM i 1998 kor han noterte seg for scoring mot Skottland. Men det var og er på Fosshaugane han høyrer heime. 

Han debuterte for klubben då han var tjue og spelte sin siste kamp som førtiåring. I både den første og den siste sesongen sin var han med på å sikra opprykk til toppdivisjonen. I mellomtida vart det mange minneverdige kampar og mange harde duellar. På byrjinga av 2000-talet var han rutinert berebjelke i det unge laget mange sogndølar meiner er det beste klubben har hatt. No jobbar han med spelarlogistikk i klubben. 

Det er ein kompleks og krevjande jobb, ikkje minst nett no, når sesongen nærmar seg og stallen framleis ikkje er komplett. Sogndal var tidleg ute med å sikra seg den islandske duoen Hordur Gunnarsson og Valdimar Ingimundarson, og har elles, i samsvar med klubbkulturen, satsa ungt og i hovudsak lokalt, mellom anna med 2003-modellen Sondre Holmlund Ørjasæter, ein hurtig og kreativ kantspelar mange i og kring klubben gjev uttrykk for store forventningar til. Medan Josimar vitjar bygda sikrar klubben seg òg signaturen til den tjueårige kraftspissen Emmanuel Grønner frå Kjelsås. Men dei er ikkje ferdige: «Me skal helst ha inn to, tre spelarar til», seier Flo. «Men det må vera spelarar som løftar laget. Viss me ikkje finn dei rette typane, er det betre å venta.» 

Som alle klubbar mottek òg Sogndal talrike henvendingar gjennom vinteren, agentar som gjerne vil selja inn klientane sine, sikra dei prøvespel og liknande. Ein god del får prøva seg, dei fleste fell gjennom. Det er jo gjerne ein grunn til at kontraktslause fotballspelarar ikkje har nokon kontrakt. Spelarar som har kontrakt byd på andre utfordringar. «Det er sjølvsagt ei øvre grense for kva me kan gjera økonomisk», seier Flo. «Det vil ikkje vera vanleg at me brukar over millionen på å henta spelarar hit.» Men det finst andre verdiar enn pengar. «Sogndal har god infrastruktur og eit flott stadion. Du skal ikkje undervurdera verdien av det når det gjeld å lokka spelarar hit.» Samstundes er realiteten at medan Flo & Co. jobbar med å få nye spelarar inn, må dei heile tida vera budde på at dei beste som er i klubben kan forsvinna ut. 

Sogndal kan kanskje ikkje bruka ein million på ein spelar, men andre klubbar kan bruka fleirfaldige millionar. Såleis gjekk stortalentet Sivert Mannsverk til Molde i fjor sommar, på eit tidspunkt då Sogndal kjempa om opprykk, noko som sjølvsagt ikkje er idéelt. Trass i salet av Mannsverk og fleire andre gjekk klubben med 3,2 millionar i underskot i 2021. Flo er likevel optimist. «Sogndal vil alltid vera ein seljande klubb», seier han. «Men hadde me vore i Eliteserien kunne me halde på dei beste litt lenger. Men på ein måte er det jo litt kjekt òg å vera med på å utvikla spelarar som tek steget til det neste nivået. Det har denne klubben lange tradisjonar for.»

Håvard Flo er ein mann det er triveleg å snakka fotball med, men det er, når sant skal seiast, ikkje han som er hovudgrunnen til at Josimar har tatt turen til Sogndal. Den æra går i staden til den tre år yngre fetteren hans. Han har, som Arne Scheie så udødeleg uttrykte det, scora i Marseille. Han har scora på Camp Nou og Old Trafford og Stadio Olimpico og sjølvsagt på Stamford Bridge og Fosshaugane og veldig mange andre stader. Etter ei lang og mangslungen spelarkarriere i norsk, engelsk, skotsk og italiensk fotball har Tore André Flo det siste tiåret jobba i Chelsea-systemet, først som akademitrenar, sidan som koordinator for klubben sin hærskare av unge, utleigde spelarar. Men i vinter valde han altså å vende heim til Sogndal for å ta sin første jobb som hovudtrenar. 

Kvifor? Det skal han få svara på straks han har a) servert meg kaffi og b) manøvrert dei lange beina sine inn under skrivebordet sitt: «Eg synst Sogndal er ein klubb som får utruleg mykje ut av dei ressursane dei har tilgjengeleg. Det lokka meg at det er så gode utviklingsmoglegheiter her i klubben. Folk tenkjer utvikling, folk tenkjer nytt her, og forholda ligg eigentleg veldig bra til rette for at unge spelarar skal verte veldig gode. Sjølvsagt er det tøft å jobbe mot desse store klubbane frå dei store byane som får det mykje lettare til seg enn kva ein gjer her, men det gjer det jo på ein måte òg litt sjarmerande, å likevel klara å vera med å kjempa om noko.» 

Flo bygg her opp under to sentrale føresetnader for den sogndalske fotballkulturen: For det første at Sogndal skal vera ein klubb kor unge talent får sjansen. For det andre sentrum/periferi-konflikten som gjev små provinsklubbar ekstra motivasjon til å bokstaveleg tala sparke frå seg.

Maradona på veggen

Samstundes har han jo mykje erfaring frå klubbar som, for å seia det mildt, er noko større enn Sogndal. «Ja, det vert jo noko heilt anna viss du samanliknar med ein klubb som Chelsea, som har som målsetting å vera best i verda på absolutt alt, både når det gjeld treningsforhold, kva spelarar ein har, kven som jobbar i klubben. Det har vore utruleg interessant, eg føler meg veldig heldig som har fått vere med på det.» Som Flo er inne på her, er akademia til klubbar på dette nivået fylt opp av spelarar med skyhøgt potensial, likevel er det kun eit lite fåtal som klarar å få full utteljing for dette potensialet. Kva kan vera grunnen til at éin spelar klarar å ta steget opp i A-troppen til Chelsea, medan ein annan, som såg like lovande ut når dei var femten, spelar i non-League når dei er tjue? 

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent