Josimar

Kaptein Ukraina

I september feira han sin største siger på fotballbanen. No har Jurij Vernydub slutta seg til den ukrainske hæren og kjempar for fedrelandet. Medan Putin sine styrkar bombar Ukraina og drep sivile i hopetal, snakka Vernydub med Josimar frå frontlinja.

Tekst: Emanuel Roşu og Serhii Levtsjenko Omsat av Nils Henrik Smith

I fjor haust sjokkerte Sheriff Tiraspol fotballverda ved å slå Real Madrid i gruppespelet i Champions League. Sheriff, dei regjerande moldoviske ligameistrane, har eit budsjett på om lag fem millionar euro – eller om lag halvparten av den påståtte årsløna til Madrid-stjerna Karim Benzema. Dei scora vinnarmålet på Santiago Bernabéu i det 89. speleminuttet, då den luxemburgske landslagsspelaren Sebastien Till utmanøvrerte ein sjanselaus Thibaut Courtois med sitt livs skot.

Den 56 år gamle ukrainske trenaren Jurij Vernydub var i strålande humør då han klemte spelarane sine etter siste fløyteblås i Madrid. Han levde ut draumen sin. Vernydub vart tilsett som Sheriff-trenar i 2020, etter åtte år med Zorja Luhansk i heimlandet og ein sesong med Sjakhtsior Salihorsk i Belarus.

Sheriff, som har spelarar frå 17 ulike land i troppen, kjem frå Transnistria, ein utbrytarregion under tung russisk påverknad, med sin eigen valuta, si eiga regjering og sitt eige pass.

Vart vekt av sonen

Vernydub sin (førebels) siste kamp som Sheriff-sjef var 24. februar, då laget tapte i kvalifiseringa til åttedelsfinalen i Europa League etter straffekonkurranse mot Braga. Midt på natta vart han vekt av sonen som ringte for å fortelja at Russland hadde invadert Ukraina. Trenaren kunne ikkje leggja seg til for å sova igjen. Han bestemte seg for å venda tilbake og forsvara heimlandet.

Vernydub la umiddelbare planar for å koma seg heim. Han drog tilbake med laget fredag morgon og vart henta av ein bil som køyrde han til Odesa. Han kom heim laurdag ettermiddag, og var i lag med sine kjære i nokre få timar. Sundag morgon let han seg innrullere i den ukrainske hæren og gjekk i krigen.

Josimar snakka med Jurij Vernydub ei veke etter at han vart innrullert. Han pusta tungt då han sa at han ikkje kunne hindrast i å slåst for landet sitt. Trenaren trur krigen først vil ta slutt når Putin ikkje lenger styrer i Russland.

– Herr Vernydub, kor er du no?

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent