Josimar

Dronninger av Saba

Med sponsorkroner frå ein svenskeigd bindprodusent triumferte våre beste kvinner over arvefienden og tok steget heilt til topps under EM på heimebane i 1987. Her er soga om korleis dét gjekk til.


Tekst: Nils Henrik Smith

Statsminister Gro Harlem Brundtland hadde nettopp overlevd ein av sine største kriser som politikar. Berre få dagar tidlegare hadde det sett ut til at hennar andre regjering – kjend som Kvinneregjeringa fordi åtte av atten statsrådar var kvinner – skulle verte felt i Stortinget på grunn av ein disputt om landbrukssubsidiar. Men i siste sekund bestemte leiaren i Framstegspartiet, den ubereknelege Carl Ivar Hagen, seg for ikkje å støtta mistillitsforslaget frå dei andre partia på borgarleg side, og Gro kunne puste letta ut.

No var ho på veg heimover etter opninga av Landbruksveka på Hellerudsletta, kor ho hadde halde ein tale om yndlingstemaet sitt, miljø og berekraft. Det var sundag ettermiddag, og statsministeren var sikkert sliten etter ei lang og når sant skulle seiast i overkant innhaldsrik veke. Kanskje gledde ho seg til å setja seg godt til rette i sofaen med ein varm kopp te medan Arne Olav masserte dei ømme føtene hennar? Ein roleg kveld framføre fjernsynet. Ein augneblinks fri frå politikken sitt kjas og mas?

Men på radioen sa dei at Noreg leia 1-0 til pause i EM-finalen i fotball.

Hm. Statsministeren tenkte seg om. Ho var kanskje ingen fotballekspert, men hadde fått med seg såpass at ho visste det var ein idrett kor Noreg ikkje vanlegvis vann gull. Herrelandslaget var, så vidt ho hadde forstått, rett og slett temmeleg dårleg. Dei hadde ikkje kvalifisert seg for noko sluttspel sidan året før Gro vart fødd. Kvinnene, derimot, gjekk tydelegvis foran, slik ho alltid hadde meint at kvinner burde gjere! Til overmål var det altså Sverige, sjølvaste Söta Syster, som var finalemotstandar. Viss Noreg vann, ville det gje henne eit utmerkt høve til å venskapeleg mobbe kollegaen Ingvar Carlsson på neste nordiske ministermøte. Dette kunne ho, når alt kom til alt, ikkje tillate seg å gå glipp av.

Gro kremta og gav sjåføren beskjed om å køyre til Ullevaal.

I dag verkar det bortimot ufatteleg at ein EM-finale på heimebane ikkje stod på statsministeren sin køyreplan frå første stund. Ingen statsleiar med respekt for seg sjølv og embetet sitt ville vurdert å gå glipp av slik ein storslagen nasjonal manifestasjon. Men for 35 år sidan hadde altså Landbruksveka forrang. Det fortel truleg noko om korleis den politiske kulturen har endra seg. Det fortel heilt sikkert ein god del om at idretten som heilskap har styrka posisjonen sin i samfunnet. Samstundes er det nok diverre talande for den låge statusen fotball for kvinner fram til då hadde hatt at ikkje ein gong staben til den ihuga feministen Gro Harlem Brundtland hadde brydd seg med å passa på å få finalen inn på køyreplanen hennar denne sundagen. Heldigvis ordna statsministeren det sjølv, og rókk fram til nasjonalarenaen innan Noreg la på til 2-0 framføre nær 8500 jublande tilskodarar.

Tordentalen på Tinget

Kvinnelandslaget hadde gått på eit langt løp sidan dei spelte sin første kamp ni år tidlegare. Dei første åra var det stort sett våre nordiske naboar som var motstandarar. Noreg vart etter kvart i stand til å spele jamt med og slå Finland, men fekk regelmessig bank av både Danmark og ikkje minst Sverige. Den gamle Frigg-stjerna Per Pettersen – som sjølv fekk 35 kampar med flagget på brystet, vart kåra til årets spelar på VG-børsen i 1973 og dessutan hadde vore spelande trenar for moderklubben saman med ein viss Egil «Drillo» Olsen – var landslagssjef dei første åra. Pettersen hadde òg studert fotball ved Idrettshøgskulen og stilte såleis med både teoretisk kunnskap og praktisk erfaring i rolla. Han var dessutan ikkje redd for å seie kva han meinte. 

Allereie i 1976 gjekk han på talarstolen under Fotballtinget og drylte til mot dei vrangførestellingane som, slik han (openbert med rette) oppfatta det, avgrensa jenter og kvinner sitt høve til å spela fotball. «Den estetiske siden har en klar sammenheng med kjønnsrollemønsteret i samfunnet forøvrig med mannen som kvinnens formynder og bedreviter og med kvinnen som en feminin pyntegjenstand. Det er slik vi også har oppfattet hennes rolle i idrettssammenheng, hun skal ikke svette, skal ikke være rødsprengt i ansiktet, hun skal ikke ha muskler – i det hele tatt vi har gjort så godt vi kan for å begrense hennes aktivitet, begrense det hun har lyst til», sa Pettersen. Talen førte til eit voldsomt rabalder, men utviklinga kunne ikkje stoggast, sjølv om det var menn med makt som prøvde. «NFF har vært noe av det treigeste man kan forestille seg. De har jobba mot oss, og ikke vært for kvinnefotball», sa Kari Nielsen, kvinna som scora Noregs første landslagsmål i 1978, til Josimar mange år seinare.

Men det fanst òg personar internt i systemet som ville kvinnefotballen vel. Dag Vestlund hadde talrike ulike roller i NFF gjennom heile 48 år før han gjekk av med pensjon for to år sidan, og var den som fekk ansvaret for å finne Per Pettersen sin erstattar då han gav seg som landslagssjef i 1983. «Per gjorde ein kjempejobb», seier Vestlund i dag. «Han gjekk opp løypa for alle som kom etter han.» Vestlund landa etter kvart på Erling Hokstad frå Eidsvold Turn som sin føretrekte kandidat. «Erling var fagleg dyktig og pedagogisk oppegåande», seier han. «Då eg kontakta han, sa han først nei, men eg bad han tenkje seg om. Han svarte nei igjen, sa han hadde andre planar. Då prøvde eg å finne ein annan kandidat, men vendte til slutt tilbake til Erling. Sa at denne gongen ville eg ikkje godta eit nei. 

Til slutt klarte eg å overtyde han!» Året etterpå gjorde NFF eit vedtak som gjekk ut på at alle landslag skulle ha to trenarar. Då ringte Hokstad til Vestlund og sa at no var det ver så god hans tur til å stille opp! Dermed var dei to eit radarpar på trenarbenken. «Dei utfylte kvarandre bra», seier Gunn Nyborg, Asker-legenden som debuterte på landslaget som attenåring i 1978 og seinare vart den første kvinnelege fotballspelaren som runda milepælen 100 landskampar. «Erling var ein veldig flink fotballtrenar: roleg, lugn, sakleg i forhold til det faglege. Vestlund var meir enn bulldosertype som slo i bordet og sånn. Eg veit ikkje om det var det medvite frå deira side eller om det kom naturleg, men det funka. Me var ein beintøff gjeng med ekstremt bra samhald, og mykje humor.» Ein liten anekdote kan illustrera dette: Då odelsjenta Bjørg Storhaug frå Klepp kom inn i troppen i 1986 vart ho utsett for ein del godmodig mobbing fordi ho var bonde. Storhaug tok hemn ved å kalla kyrne på garden heime opp etter lagveninnene!

Det første offisielle europameisterskapet i fotball for kvinner fann stad i 1984. Det norske laget var i framgong og greidde å hamla opp med Finland og Island i kvalifiseringa, medan Sverige som venta atter vart for sterke og slo oss både heime og borte. Svenskane vann til slutt heile turneringa etter ein durabeleg batalje mot England som kulminerte i ein straffekonk kor målvakten Elisabeth Leidinge vart den store helten med to redningar, men det seier sitt om den svake posisjonen kvinnefotballen hadde i spelet sitt heimland at den avgjerande kampen vart spelt på ein katastrofalt dårleg bane på det i seg sjølv unekteleg temmeleg komiske stadionet Kenilworth Road (beklagar, Luton Town-fans).

«Den där jäkla handbollen»

Kvaliken til neste EM-sluttspel byrja same haust. Denne gongen unngjekk me Sverige som motstandar, men fekk til gjengjeld Danmark, semifinalistar i EM òg tradisjonelt våre overkvinner, samt Finland og Vest-Tyskland. Sistnemnte skulle seinare etablera seg som den totalt dominerande nasjonen i EM-samanheng, men på dette tidspunktet hadde dei berre hatt eit offisielt landslag i to år, og i kvaliken til 84-EM vann dei ikkje ein einaste kamp. Noreg starta med eit skuffande uavgjortresultat borte mot Finland og måtte òg nøya seg med poengdeling heime mot Danmark og Vest-Tyskland, som me imidlertid slo på bortebane etter to scoringar av overlydsflyet Trude Stendal frå Sandviken. Dermed var det klart for det som i praksis var gruppefinalen borte mot danskane i Vejle. 

«Me hadde spelt mot dei tallause gonger før og tapt kvar gong», seier Gunn Nyborg med ei lita overdriving: Noreg, med Nyborg på laget, greidde uavgjort mot Danmark i både 1981 og 82. Men no gjorde dei det endå betre. «Det var den viktigaste kampen me hadde spelt til då, og det vart ein ellevill kamp», smiler Nyborg. «Historisk sett var jo Danmark betre. Sterkare på papiret. Var kjende for å ha ein betre serie.» Men Noreg vann 5-2 etter mellom anna to nye Stendal-mål. «Eg hugsar ikkje så veldig mykje frå kvaliken», seier det tidlegare angrepsesset, «men akkurat den kampen hugsar eg godt!» Noreg sikra avansementet med 2-0 heime mot Finland i ein kamp der kapteinen Heidi Støre kvitterte for begge scoringane.

Nordkvinnene hadde vist at dei var eit lag av god europeisk klasse, men midt på 1980-talet var det stadig ein hard kamp for aksept og anerkjenning for kvinnefotballen, ikkje minst internasjonalt. I kvalifiseringa til EM i 1984 hadde Uefa mellom anna insistert på at kampane skulle spelast med firarball! «Vi var vana vid femman från klubblagen», sa den svenske lagkapteinen Anette Börjesson til Offside tidlegare i år: «Det tog alltid några träningar att hitta tillslaget på den där jäkla handbollen.» Også her heime var det nok av utfordringar. 

«Eg hugsar me var veldig glade då me fekk våre eigne drakter», seier Gunn Nyborg. «Alle sånne tek ein jo for gitt i dag, men me kunne ikkje det. I byrjinga fekk me stadig drakter som ikkje passa. Då var me forbanna. Men det vart betre etter kvart.» Bjørg Storhaug minnest at ho ikkje ein gong fekk kompensasjon for tapt arbeidsforteneste då ho først kom på landslaget, trass i at tilværet som toppfotballspelar og bonde kunne vera ganske tøft: «Annakvar onsdag stelte eg i fjoset om morgonen, før eg køyrde til Sola, tok flyet til Fornebu og møtte Trude (Stendal) der. Så trente me med resten av laget før me flaug heim igjen om kvelden», seier ho. «Farmora mi på 89 år var med meg i fjoset, ho syntest det var aldeles for gale å flyga heilt til Oslo berre for å trena!»

Denne historia illustrerer på effektivt vis at norsk kvinnefotball på denne tida var temmeleg sterkt dominert av spelarar, lag, administratorar og tenkemåtar frå det sentrale austlandsområdet. «Det var liksom Oslo som var kræmen», seier Bjørg, som er ute og køyrer traktor når Josimar ringjer. «Dei trudde at dei var så gode. Det var dei som hadde starta [med kvinnefotball i Noreg, journ.anm.] og trudde at dei kunne alt.» 1987 var året for den første landsdekkande seriesesongen på kvinnesida. 

Fem av ti lag var frå det som i dag er Oslo eller Viken. «Eg var kaptein på Klepp, og ein journalist frå VG ringte og spurte korleis eg trudde det kom til å gå. – Eg trur me vinn!, svara eg. – Eg spurte ikkje kva du håpar på, sa journalisten.» Men Klepp vann serien! «Eg er alltid optimist!», seier Bjørg Storhaug. Sjølv om austlendingane dominerte på landslaget òg, skulle to vestlandske spelarar – forsvarsbautaen Storhaug og måltjuven Trude Stendal – spela heilt sentrale roller under EM. «Dei spelarane som kom frå andre plassar enn det sentrale Austlandet måtte oppsøke miljø der dei kunne verte betre», seier Dag Vestlund. «Den gongen var det tøft. Men dei hadde ambisjonar. Me var veldig glade for at me etter kvart fekk ressursar til å samle spelarane nokre gonger i året, reise ut og spele kampar, få matching på det høgaste nivået. Det var veldig kult. Me såg litt på handballjentene og Sven Tore Jacobsen som eit eksempel. At det gjekk an for norske jenter å gjere det bra i lagidrett på internasjonalt nivå. Trene godt, ha ambisjonar om å verte gode. Det var ei veldig fin tid som eg hugsar veldig godt.»

Handballjentene skulle etter kvart kome til å spele ei besynderleg birolle under EM, men før me kjem så langt må me sjå litt på organiseringa av meisterskapet. I 1984 vart sluttspelet avvikla på heime/borte-basis, men tre år seinare bestemte Uefa seg for å satsa på éin arrangør. Ellen Wille var ein av pionerane i norsk kvinnefotball på 1970-talet og vart seinare den første kvinna som nokon sinne talte til Fifa-kongressen. At dette skjedde så seint som i 1986 fortel det meste om kor absurd bakstreversk internasjonal fotballpolitikk har vore i dette spørsmålet. Wille var på dette tidspunktet òg styremedlem i NFF. 

Ifølgje henne var det ein nokså ukomplisert prosedyre å få meisterskapet til Noreg. «NFF spurte om å få arrangera, og Uefa sa ja», seier ho. «Avgjerda vart først tatt etter at det var klart kva lag som hadde kvalifisert seg, hausten før meisterskapet skulle gå av stabelen, så me hadde ikkje veldig god tid på oss.» Rett nok skulle det berre avviklast fire kampar, men kor skulle dei spelast? Interesse fanst i fleire delar av landet. Allereie før Noreg formelt var tildelt arrangøransvaret kunngjorde til dømes Rogaland fotballkrets at Stavanger stadion burde vera ein kandidat: «Rent arrangementsteknisk har vi god erfaring fra større turneringer, så dette skulle ikke by på noen problemer», sa kretsformannen, den gamle Bryne- og Viking-storscoraren Johannes Vold.

Men Bjørg Storhaug skulle aldri få oppleva å spela EM-fotball i heimfylket. I staden valde NFF, ikkje særleg overraskande, å satsa på tre stadionar sentralt på Austlandet: Marienlyst i Drammen, Melløs i Moss, samt sjølvsagt Ullevaal, der både Noreg sin semifinale og finalen skulle avviklast. «Avgjerda vart tatt i sekretariatet», seier Ellen Wille. «Uefa hadde ingen spesifikke krav til stadionane, men me hadde skikkelege anlegg. Kvar enkelt klubb hadde det praktiske ansvaret for sjølve gjennomføringa.» At alle kamparenaane låg i nærleiken av kvarandre gjorde òg logistikken enklare. «Alle dei fire laga var innkvartert på same hotell på Helsfyr», seier Wille. «Stemninga var veldig god.» «Det var ei fin oppladning», seier Trude Stendal. «Me prøvde å slappe av. Tulle litt innad i laget. Underhalde oss sjølv. Men eg kan ikkje hugsa at me hadde noko med dei andre laga å gjera, sjølv om me budde på same hotell.»

Ekstraomgangar?

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent