Verda som ein gong var vår
Gianluca Vialli (1964-2023) til minne.
I det skitne og kyniske samfunnet kor me lever våre korte og skakkøyrde liv vert det vanskelegare for kvart år som går å kjenne ekte entusiasme for fotballen. Når korrupsjon, grådigheit og sportsvasking rår mistar me ofte av syne alt det som ein gong vakte kjærleiken til dette forunderlege spelet. Komplekse, men klare kjensler som glede og sorg er i dag i stor grad erstatta av ein vag irritasjon, eit dunkelt mismot. Og i stadig aukande grad: Likesæle. Kvifor skal me bry oss om denne dårskapen? Dei som styrar fotballen bryr seg jo definitivt ikkje om oss. Ville det ikkje vera betre å kutta alle band og vera fri?
Jo, kanskje. Men tilknytinga vår til fotballen handlar jo ikkje først og fremst om kva sporten har blitt til i vår sørgjelege samtid, men om at han representerer eit band som strekk seg tiår bakover i tid, til den verda som ein gong var vår. No har middelaldrande menneske sjølvsagt lett for å bli nostalgiske, ofte i større grad enn kva det strengt tatt er grunnlag for. Alt var definitivt ikkje betre før, likevel er det vanskeleg å fri seg frå kjensla av at fotballen i vår ungdomstid kunne by på noko som sidan i stor grad har gått tapt, og som det gjev god meining å sakne.
Dette vart ikkje minst tydeleg i byrjinga av januar i år, då meldinga kom om at Gianluca Vialli hadde gått ut av tida, berre 58 år gamal. Vialli var ein stor spelar som oppnådde suksess med alle klubbane han representerte i løpet av karriera, men dei mange og sterke reaksjonane på dødsfallet fortalde ikkje først og fremst om prestasjonane hans på banen for Sampdoria, Juventus og Chelsea. I staden vitna dei om eit godt menneske som sette spor etter seg overalt kor han kom. Ein gentleman og humørspreiar. Ein seriøs toppidrettsmann som gjerne tok seg ein røyk i garderoben etter kamp. Her heime var det mange som mimra om å ha fått autografen hans då Sampdoria spelte mot Brann i Cupvinnarcupen i 1989, eller om dei to måla hans for Chelsea mot Tromsø i snøstormen på Alfheim i same turnering i 1997, kampgløden hans då dei fleste andre feterte stjernene lot til å ha mista alt håp.