Josimar

Fotballfamilien

Nils Henrik Smith var til stades på Ullevaal Stadion under Forbundstinget 2016 – og returnerte til utanforverda med lettare sjokkskadar. Her kan du lese den skakande rapporten hans.



Tekst Nils Henrik Smith Foto Sjur Stølen

Alle lukkelege familiar er like, skriv Leo Tolstoj i Anna Karenina. Alle ulukkelege familiar, derimot, er ulukkelege på sin heilt eigne måte, ifølgje den skjeggpryda russiske vismannen. Norsk fotball er jo, strengt tatt, ingen familie, men i makt-korridorane hjå NFF er ein likevel svært glade i å omtale seg sjølv som ein. Viss ein godtek denne sjølvframstillinga, er det lett å slå fast at den norske fotballfamilien må vere grenselaust ulukkeleg. For dette er, som vi skal sjå, ein familie ulik alle andre.

Av alle ting Ullevaal Stadion ikkje liknar, liknar det minst av alt ein idrettsarena. Sjølv på ein støttepasnings avstand er det fullstendig umogleg å skjøne at ein nærmar seg heilag fotballgrunn. Som min Josimar-kollega Lars Johnsen skriv: «[Ullevaal] er egentlig et kjøpesenter med en fotballbane i midten». Her finst, mellom mykje anna, ein Burger King, eit vinmonopol og eit Thon-hotell, og i tilknyting til sistnemnte finst óg Ullevaal Business Class (UBC), som (ifølgje seg sjølv) er Noregs største kurs- og konferansesenter, og åstaden for Forbundstinget 2016. Josimars audmjuke utsending må, som alle pressefolk, registrere seg i forkant av Tinget, og registreringa finn stad i eit lite rom som ganske enkelt heiter Solskjær, kor veggane er rikt dekorerte med fotografi frå den tidlegare Manchester United-reservens karriere. Den presseansvarlege er ein venleg og imøtekomande mann: Han skjenkar meg i sin store nåde ein liten bag påtrykt logoane til NFF og Norsk Tipping, og utstyrar meg med alt eg måtte begjære av sakspapir samt pressepass og ein billett som gjev meg adgang til kveldens festmiddag. «Under middagen skal det vere pent antrekk», opplysar han mykjeseiande. Han ser nok at eg er ein skamlaus slusk frå lågaste privatøkonomiske hylle, men sanninga er like fullt at eg faktisk har med meg så vel mørk dress som nystroken skjorte. Når sanninga no ein gong skal fram, er faktum at delegatane til Forbundstinget er ein påfallande lite velkledd gjeng, særleg på herresida. Det sartoriale brotsverket «dressjakke og dongeribukse» opptrer med skræmeleg høg frekvens. Men eg er trass alt ingen motejournalist, snarare er målet mitt her på Tinget å opptre som ei kryssing av Günther Wallraff og Hunter S. Thompson, og for å lukkast med dette, må eg blande meg med mengda så ubemerka som mogleg. (Sidan eg jo er ein fullstendig preglaus person, reknar eg nøkternt med at dette skal gå greitt.)

Elgen og etikk

Før sjølve Tinget tek til, skal det vere verdiseminar. Som alle veit har NFF fire verdiar – «trygghet, glede, respekt og likeverd» – og som alle óg veit har organisasjonen (særleg styret og den administrative toppleiinga) hatt fortvila tungt for å etterleve desse verdiane i nyare tid. Vi som er her veit det ikkje enno, sjølvsagt, men dei neste to dagane skal syne seg å verte ein stilstudie i manglande samsvar mellom teori og praksis.

I Colosseum-salen kor seminaret finn stad, er eg nær ved å lage skandale. Eg har henta meg morgonens trettande kopp kaffi, og grunna min notorisk manglande evne til å orientere meg i små, tett befolka rom, går eg rett på tidlegare fotballpresident Per Ravn Omdal. Det er med naud og neppe eg klarar å unngå å helle glovarm kaffi over den vesle mannen. Viss NFF verkeleg er ein familie, er Omdal sjølve Gudfaren. Gjennom sin enorme arbeidskapasitet og sans for nettverksbyggjing gjorde han vesle Noreg til ei stormakt innføre internasjonal fotball-administrasjon. Når Karen Espelund i dag sit i UEFA-styret, og Yngve Hallén og Kjetil Siem vert mottekne som kjære vener i Zürich og Nyon, er det Omdal dei har å takke for det. Såleis ville det vere svært uheldig om det heiderskronte æresmedlemmet måtte fraktast til hospital etter å å ha pådrege seg forbrenningsskadar på grunn av ein kollisjon med ein ynkeleg frilansjournalist. Men Omdal verkar uanfekta. Eg pustar letta ut og går for å finne plassen min, som syner seg å vere rett bak ingen ringjare enn Rune Bratseth.

Bedehusguten Bratseth er her i eigenskap av å vere medlem i NFF sin etiske komité. Alle organisasjonar har etiske komitear for tida, men om det er meininga at desse skal faktisk skal utrette noko, eller om ein ganske enkelt har dei for å ha dei, er ofte uklart. Eg nærar den største respekt og beundring for Bratseth som fotballspelar, men er usikker på kva han har å bidra med på etikkens område. Kanskje har NFF rett og slett tenkt at «Elgen» må vere ein særskilt etisk person fordi han trur på Jesus? Det verkar litt naivt, men kva veit eg?

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent