Josimar

Spelarutvikling på spansk: Flere veier til mål

Det er langt mellom Gary Neville og Diego Simeone. Det er også langt mellom norsk og spansk talentutvikling, men læringspotensialet går faktisk ikkje berre éin veg.

Tekst Frode Telseth og Even Smith Wergeland

Tidleg i mars drog ein norsk fotballdelegasjon på studietur til Valencia, der to dagar på konferanse vart kombinert med besøk hjå dei større klubbane i regionen: Valencia, Levante og Villarreal. Å kalle dette «the Great Beyond» er kanskje å overdrive, men å leite etter svar, kan neppe skade viss ein er norsk og driv med fotball. På programmet sto alt frå A-kampar til treningar og kampar med aldersbestemte lag. Konferansen romma presentasjonar av klubbvisjonar og treningsopplegg, levert av representantar frå dei ovannemnte klubbane, supplert med praktiske demonstrasjonar ute på treningsfeltet. Med andre ord ein heftig injeksjon av rykande aktuell fotballkunnskap.

Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom Høgskulen i Søraust-Noreg (tidlegare Høgskolen i Telemark) og Universidad Católica de Valencia. Begge institusjonane har sterke idrettsfaglege miljø og relevante utdanningar innan fotball. Konferanseprogrammet romma innlegg frå begge hald, samt ei rad eksterne bidragsytarar. Spennet i presentasjonane var stort, frå ferske studiar av fotballens popularitet i Europa til sosiologiske forklaringar på kvifor norsk fotball har sakka akterut i internasjonal samanheng dei seinare åra. Under første dag var det også ein lengre sesjon med videobidrag frå spanske fotballtrenarar rundt om i verda, deriblant rappkjefta Raúl Ruiz González-Riancho, assistenttrenar i Dynamo Kiev. Ruiz fremste bidrag var kanskje spørsmålet om kven som oftast vil vinne ballen, den som tenker raskast eller spring raskast? Spansk fotball har naturleg nok vorte ein ettertrakta eksportvare i kjølvatnet av den enorme suksessen til klubb- og landslag dei siste åra, og gjennom konferansen og opphaldet blir vi styrka på at ein viktig del av denne suksessen skuldast ei taktisk skolering av fotballspelarane frå dei første sparka i akademistrukturen.

Filosofi og metodologi

Eksil-spanjolane var både eit spennande og interessant innslag på konferansen, men det var utan tvil dei lokale representantane som gjorde størst inntrykk i den fotballmetodologiske delen av programmet. Vi snakkar trass alt om akademitrenarar som har ansvar for å utvikle kandidatar til den neste generasjonen spanske toppspelarar. I tillegg til klubbar frå Valencia-regionen var også Atlético Madrid representert, ved U18-hovudtrenar Óscar Fernández, som viste seg å vere minst like energisk som klubbens A-lagstrenar. Meir om engasjerte Fernández seinare.

Det kom snart for ein dag at alle foredragshaldarane var svært opptekne av klubbkontekst, dvs. det spesifikke ved akkurat deira treningsmetodologi, spelestil og klubbideologi. Men det var også ein del fellestrekk, både retorisk og metodologisk. Alle klubbane er til dømes opptekne av trening med ball – naturleg nok!

Vil du lese resten av denne artikkelen?

Ingen annonser eller irriterende popup-videoer. Ikke en klikksak i sikte, bare dybdejournalistikk som berører alle sider ved fotballen.

Et digitalabonnement på Josimar gir tilgang til alle utgaver fra 1/2013 – nærmere 1000 artikler.

Kr. 49 pr. måned eller kr. 499 pr. år.

Bli abonnent